Reportasje

Fokus på avl er viktig for ei god og lønnsam ku

Hans Snerting har vore rådgivar i Tine ei årrekkje, og er spesialisert som avlsrådgivar. Han er ein av få avlsrådgivarar som er plukka ut til å til å ta i bruk ny teknologi for å vurdera jur, og når han er ute på eksteriørvurderingsbesøk, har han med seg selfistang med kamera som tek bilete av jur og spenar sett frå golvet og opp.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Hans Snerting er ein erfaren avlsrådgivar, og han er utplukka til å vera med å testa ut ny teknologi for eksteriørvurdering av jur. Her viser han selfistanga med kamera som kan ta 3D-bilete av jur sett frå golvet og opp, desse målingane er heilt presise og måler mellom anna speneavstand, jurdjupne, spenelengde og spenetjukkleik.

Bileta som vert tatt av juret er tredimensjonale, og dei går direkte inn i eksteriørvurderinga av juret som ligg i Kukontrollen. Når han brukar kamera, så vert målingane heilt presise, og han måler mellom anna speneavstand, jurdjupne, spenelengde og spenetjukkleik.

Brenn for avlsarbeid

Hans Snerting kan alle finessane som avlsplanen byr på, og når avlsplanen vert brukt rett, er den eit supert verktøy for å forbetra avlsmaterialet i besetninga.

- Viss ein er interessert, så kjem ein veldig langt, seier den erfarne rådgivaren. Han vert gjerne med på laget, og viser med glede fram mogelegheitene som avlsplan super byr på. Her kan ein leggja inn opp til tre eigenskapar som ein vil forbetra hjå avkommet til kua, og når ein går gjennom besetninga ku for ku, så vil ein få eit godt verktøy med å styra avlsmaterialet i besetningen i rett retning og påverka eigenskapane ein synest er viktige for sin besetning.

Juret er viktig for ei haldbar og lønnsam ku

For å få inn endå meir presise data for jureksteriøret, har Hans byrja med å ta tredimensjonale (3D) bilete av jur i utvalte besetningar med GS-testing av meir enn 10 kvigekalvar i året. Med fleire robotbesetningar i landet er det viktig at jura er tilpassa robotmjølking, og for å få til ei einsarta og rask eksteriørvurdering av jur, er no Hans med og prøver ut dette.

- Eg trur dette vert veldig bra når me får utvikla ei stang som tåler ein liten trøkk og er meir hendig, smiler Hans.

Mogelegheit for samanlikning med andre

Hans viser også finesser i avlsprogrammet som viser korleis besetninga ligg an i høve til landet elles, og korleis den avlsmessige utviklinga har vore siste år.

- Det er litt interessant å måla resultata sine opp mot andre og sjå utviklinga i eigen besetning, smiler Hans. Dette er eit godt verktøy som alle har tilgang til i Kukontrollen, og for dei som ynskjer ein godt kvalifisert diskusjonspartner, så er det berre å ta kontakt med ein avlsrådgivar som kan komma med gode ­innspel og rettleiing viss ein ynskjer det.

Les mer om jurskanning på side 22.