Reportasje

Tenar pengar på godt avlsarbeid

Godt avlsarbeid lønner seg i form av at det gir velfungerande og friske dyr. Ingrid Birgitte Holm og Tore Kristian Kristensen legg saman med avlsrådgivar Hans Snerting ein plan for avlsarbeidet, og inga ku vert inseminert utan at det ligg ei grundig vurdering bak valet av okse.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Lønnum Øvre, i Steinkjer kommune i Trøndelag

  • Ingrid Birgitte Holm og Tore Kristian Kristensen

  • Barn: Gustav (19), Emma (14), Selma (11) og Jakob (8)

  • Buskap: 50 kyr, fullt påsett av kviger, sel halvparten av oksekalvane til liv

  • Kvote: 401 000 liter, eig 266 000 liter sjølv

  • Areal: Driv 524 mål totalt, eig 366 mål

Aktuelle fordi dei driv godt avlsarbeid

Ingrid og Tore framfor fjøsen som var ny i 2016. Dei driv målretta avlsarbeid, og inga ku vert inseminert utan at det ligg ei grundig vurdering bak valet av okse. Paret har ei velfungerande og god robotbesetning.

Det driftige paret i Sparbu GS-testar alle kvigekalvane, og avlsverdiane vert på dette viset sikrare enn ved tradisjonell berekning av avlsverdi basert på gjennomsnitt frå far og mor. Besetninga har middel avlsverdi på 11,3, og dette er eit godt mål på at dyra har gode gener. Til samanlikning ligg snittet for landet på om lag 8. FS – talet (fruktbarheitsstatus) i besetninga ligg jevnt på over 80, og dette viser at paret har full kontroll på å få kyrne drektige til anbefalte tider.

Avlsplan super

I denne besetninga er det spredt kalving gjennom heile året, og avlsrådgivar Hans Snerting er innom to gonger årleg for å gå gjennom alle aktuelle dyr som skal inseminerast. Han set i samråd med paret opp ein detaljert avlsplan der målet er å finna ein okse som passar til kua, slik at avkommet kan bli endå betre enn foreldra.

- Me kan setja krav til avkom på opp til tre eigenskapar, men me bør ikkje setja urealistiske krav, for då innskrenkar me oksevalet veldig, eller det finnst ikkje oksar som kan innfri, smiler den humørfylte avlsrådgivaren.

Avlrådgivar Hans Snerting kjem innom to gonger i året for kvigevurdering og for å setja opp avlsplan super. Her går han og produsentane gjennom alle dyr som skal inseminerast neste halvår.

Ingrid Birgitte Holm og Tore Kristian Kristensen kjøper tenesta ­avlsplan super frå avlsrådgivaren i Tine, og i denne tenesta ligg det at avlrådgivaren går gjennom kvar enkelt ku saman med produsentane, og saman vert dei einige om kva eigenskapar dei vil forbetra hjå avkommet.

- Me brukar ein del tid på reproduksjonsarbeidet, og det har me att for, seier Tore. Han seier vidare at dei har valt å bruka avlsrådgivar for å tena meir pengar, og i det ligg det at det er både lønnsamt og artig å ha ein velfungerande besetning med god dyrehelse som fungerer godt med fri kutrafikk i lausdrifta. Det er også veldig triveleg å gå i fjøsen når ein har ei besetning som fungerer godt.

Det er både lønnsamt og artig å ha ein velfungerande besetning med god dyrehelse

GS-testar alle hodyr

Når avlsplanen skal setjast opp, høyrer det også med å ta ein runde i fjøsen og sjå på kvart enkelt individ.

Ingrid og Tore GS – testar konsekvent alle kvigekalvar som vert fødd i besetninga.

GS-testing vil seia at ein tek ein vevsprøve frå øyra, og i denne vevsprøven finn ein DNA (arve­materiale/gener) som viser kva eigenskapar kalven er god/svak på, og i tillegg kan ein sjå om avstamminga stemmer. Kalven får 50 prosent sikrare avlsverdi enn med tradisjonell avlsverdiberekning, og når ein set opp avlsplan til GS-testa dyr, er det lettare å lukkast med å finna ein okse som gir god avlsmessig framgang for avkommet. Ein anna fordel med GS-testing av alle kvigekalvar, er at ein kan velja ut dei beste ­kvigene og til dømes bruka kjønnsseparert sæd på desse. På denne måten sikrar ein seg hodyr frå dyra med best arvemateriale.

- Me har ikkje nyttiggjort oss av ny teknologi som kjønnsseparert sæd eller embryo endå sidan me alltid har hatt nok påsett av kviger, men når me får sjå at andre får gode erfaringar, så vil me bruka ny teknologi me også, seier Ingrid.

- Me er trønderar veit du, og me er tilbakehaldne og ligg ikkje i front av natur, ler avlsrådgivaren.

Ein anna stor fordel med GS-testing, er at når ein har testa meir enn 10 kvigekalvar, får ein gratis eksteriørvurdering av kvigene frå avlsrådgivar, og denne vurderinga går rett inn i Kukontrollen som igjen brukar dataene til å velja rett okse ved inseminering. I besetninga til Ingrid og Tore, kjem Hans to gonger i året for gratis eksteriør­vurdering for å få med alle dyra.

Eit målrette avlsarbeid på å få fine “robotjur” har bore frukter

God robotbesetning

I 2016 flytta besetninga inn i nytt fjøs med mjølkerobot. Eit målrette avlsarbeid på å få fine “robotjur” har bore frukter.

- Me har fått ei veldig god robotbesetning, spenane på alle er bra, og no fungerer alle kyrne i mjølkeroboten, seier Tore fornøgd. Avlsrådgivar Hans viser i programmet alle jurparametrane som kyrne vert målt på, og ved å gå inn her kan ein velja ut oksar som passar til kua for å forbetra avkommet i høve til kva indeksar mor og far har.

Målretta avlsarbeid ber frukter

Paret har utan tvil ein god besetning, og målretta avlsarbeid ber frukter i form av ein velfungerande robotbesetning som det er triveleg å jobba med. I år har i tillegg paret fått levert ein oksekalv til Geno, og det vert spanande å følgja denne framover.

- I tillegg til å bruka NRF-oksar, har me også lagt inn i avlsplanen nokre røde toppoksar frå våre naboland som Sverige, Finnland og Danmark, og desse bidreg også med gode gener utanfrå, seier avlsrådgivar Hans til slutt.