Reportasje

Storstila ­fjøsopning i Luster i Sogn

Einar Sønnesyn saman med Luster Tine produsentlag slo verkeleg
på stortromma då nyfjøsen skulle opnast. Han inviterte til fjøsfest med danseband for naboar, vener og alle i indre Sogn med tilknyting til landbruket.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Einar Sønnesyn er ein skikkeleg arbeidskar, og på spørsmål om korleis han orkar å arrangera storfest samstundes med innspurt i bygging og innflytting i nyefjøsen, seier han at han jobbar ekstra godt når han har noko å sjå fram til og gleda seg til.

Kvelden starta med omvisning følgd av helsingar og offisiell opning med snorklipping ved ordførar Ivar Kvalen. Godorda var mange, og Jo Helge Sunde frå Tine hevda at dette var bygde-Norge på sitt beste, Cecilie Bjørlo frå konsernstyret i Tine sa at dette gir skikkeleg inspirasjon for andre med eldre båsfjøs som “sit på gjerdet” og lurer på kva dei skal gjera.

Matøkt etterfølgt av dans

Etter opninga flytta alle gjestene inn i eit romsleg telt vegg i vegg med nyefjøsen der det var dekka langbord til 260 gjester, og alle fekk ­servert lapsskaus, kaffi og kake. Då matøkta var over, spela Steinar Engelbregtson opp til dans, og mange nytta høvet til å svinga seg og til å slå av ein god prat.

Einar Sønnesyn med familie og Luster Tine produsentlag slo verkeleg på “stortromma” denne oktoberkvelden og gav gjestene ei fjøsopning dei seint vil gløyma. Her ser me teltet vegg i vegg med nyefjøsen.

Mange nytta høvet til å sjå ein topp moderne fjøs. Dette gav veldig posititv blest for heile landbruket.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen klipper snora, og den flotte fjøsen er opna. Odelsjenta Stine Sønnesyn og Cecilie Bjørlo frå konsernstyret i Tine held snora. Foto: Tomas Kjørlaug

Gjestene fekk servert lapskaus, kaffi og kake. Rundt 260 gjeste møtte opp denne kvelden, og stemninga var upåklageleg.

Steinar Engelbrektson som sjølv er mjølkeprodusent, spelte opp til dans, og mange nytta høvet til å svinga seg til flott dansemusikk. Foto: Tomas Kjørlaug