FÔR/FÔRING

Tilleggsfôring til fjells?

Moderne mjølkeproduksjon til fjells kan by på utfordringar — særleg mot slutten av sesongen, når beitekvaliteten fell og grovfôropptaket går ned.

Tekst og foto:
Marit Andrisdotter Kvam

Fôringsrådgjevar i Tine

marit.adrisdotter.kvam@tine.no

Kyrne kryssar elva Alta, tilbake frå utmarksbeite.

Med høgtytande mjølkekyr og krav til stabil produksjon, er det viktig å sikre tilstrekkeleg næringstilgang gjennom heile beitesesongen. Tilleggsfôring er eit grep som kan bidra til å oppretthalde produksjonen, og kan vere særleg viktig for dei som har kyr i topp- og midtlaktasjon på utmarksbeite.

Meir mjølk med mindre kraftfôr

Ressursutnytting.

Funn frå ein bacheloroppgåve ved NMBU våren 2022, basert på data frå tre gardar i Øvre Valdres, syner at tilleggsfôring gav høgare mjølkemengde på lågare kraftfôrmengd, høgare urea i mjølka, betre vommiljø og auka tørrstoffinnhald i mjølka.

Gardane med tilleggsfôring hadde eit grovfôropptak på 11,4—11,6 kg tørrstoff per kyr og dag, mot 9,4 kg utan, med berre utmarksbeite. Kraftfôrforbruket var 34 kg per 100 kg energikorrigert mjølk (EKM) med tilleggsfôring, mot 40 kg utan.

Det hadde og positiv effekt på mjølkemengda, der kyrne med jamn tilleggsfôring i snitt produserte 24 kg EKM medan garden utan tilleggsfôring hadde gjennomsnittleg mjølkemengd per kyr per dag på 19,6 kg EKM.

Tabell. Samanlikning av gardsbruk med tilleggsfôring frå midten av stølssesongen og utan tilleggsfôring.

Snitt dagar i mjølk

Grovfôropptak (TS/dag)

Grovfôropptak (MJ/dag)

Kg kraftfôr/dag

Kg EKM

Kg kraftfôr/100 kg EKM

OMD grovfôr, %

Gardsbruk utan tilleggsfôring

127

9,4

50,0

7,9

19,6

40,4

65,0

Gardsbruk med tilleggsfôring

136

11,4

65,1

8,0

24,0

33,9

68,4

Fordel med jamn tilgang på grovfôr

Kyrne på veg inn til mjølking på Hugastølen.

Ein låg andel grovfôr med lite NDF, slik beitegras har, i kombinasjon med ein høg kraftfôrandel auka risikoen for substitusjon og nedsett vomfunksjon, som igjen førte til nedsett mjølkeproduksjon. Gardane som tilleggsfôra fekk ikkje ein like stor nedgang i mjølkemengde trass høgt kraftfôrnivå, fordi det framleis vart fôra med tilstrekkeleg med grovfôr.

Resultata frå gardane i Valdres synest at jamn tilgang på grovfôr gjev betre produksjon, lågare kraftfôrnivå og meir stabilitet. Der det praktisk let seg gjere er auka grovfôrtilgang noko fleire bør vurdere som ein heilskapleg fôringsstategi i stølsdrifta.

Råd til stølsbrukaren:

  • Nok tilgang på vatn før og etter mjølking, særleg viktig der det er litt avstandar til naturlege vasskjelder. Drikkekar i fjøs der kyrne står inne om natta er heilt avgjerande.

  • Tidleg nok flytting til fjells. Fjellbeitet er aller mest næringsrikt tidleg på sumaren. Stølsflytting etter vekststart og ikkje etter kalenderen er viktig

  • Gode nattbeite, særleg der ein ikkje kan kompensere med anna grovfôr.

  • Bruk av beitekartlegging for å sjå kor det er best beitekvalitet, særleg for dei som har digitale gjerde og kan styre kvar kyrne beiter.

  • Bevisstheit rundt val av kraftfôr. Det er ofte behov for å bytte til eit meir proteinrikt kraftfôrslag i løpet av stølssesongen. Der det er manuell kraftfôrtildeling kan betefôr eller roer nyttas i tillegg for å stabilisere vommiljøet, særleg i starten.

  • Førebu kyrne før stølsflytting, trapp ned til maks kraftfôrtak på 8 — 9 kg. I robotfjøs kan innstramming på mjølketilgang vere eit tiltak for å gje ein smidigare overgang for kyrne.