INTERVJUER/REPORTASJER

Ynskjer å satsa på stølsdrift, men streng forvaltning gir problem

Garden Øvre Vigdal har vore i familien i generasjonar, og dei store utmarksressursane like utanfor dørane er noko familien har lyst å gjera seg meir nytte av i form av å produsera sommarmjølk på gras som ikkje kan brukast til anna enn beiting.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange

Bergfjord Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Øvre Vigdal, Kuster kommune i Vestland fylke

  • Oddvar Vigdal og Inger Marie Ensrud

  • Barna Emil (9 ), Olav (8) og Iver (6)

  • Areal: 200 mål slåttemark og kulturbeite

  • Mjølkekvote: 90 000 liter

  • Buskap: 12 årskyr, fullt påsett, sel oksekalvane til liv

  • Store utmarksressursar

Garden Øvre Vigdal i Luster kommune ligg 525 meter over havet, og kan reknast som ein fjellgard. Her er flott og spektakulær Vestlandsnatur, og garden har store utmarksressursar som familien ynskjer å gjera seg meir nytte av.

Garden Øvre Vigdal i Luster kommune i Vestland kan kallast ein fjellgard. Garden ligg 525 meter over havet, og her driv Oddvar Vigdal og familien med mjølkeproduksjon. Fjøsen er ein lys og triveleg båsfjøs frå 1980-talet, men lausdriftskravet som kjem i 2034 nærmar seg, og familien er inne i planleggingsfasen for korleis dei skal møta dette kravet. På Vestlandet er det stort behov for meir sommarmjølk, og viss Oddvar og familien utvidar drifta, har dei lyst å produsera ein del mjølk på Vigdalsstølen som er fjellstølen deira. For å driva stølsdrift treng dei å få byggja ein veg der om lag 400 meter av vegen ligg i Breheimen Nasjonalpark, og det har fram til no vist seg å vera svært vanskeleg å få løyve til.

Vegar er viktige for å ta vare på kulturlandskapet

Familien driv no i eit fint og lyst båsfjøs frå 1980-talet. Her står Oddvar saman med oksemora til seminoksen 12492 NR Vigdal-PP som er ute i dunkane no (kua i midten).

Bjøllekua på Vigdalsstølen. Håpet er at Oddvar Vigdal med familie om ikkje så altfor lenge kan driva stølsdrift her. Det vil vera vinn-vinn, både god ressursutnytting for garden, god dyrevelferd for dyra, godt for mjølkestraumen i Vestland med meir sommarmjølk, god landskapspleie, forhindring av attgroing og alt dette er også godt for folkehelsa.

Foto: Oddvar Vigdal

Det er liten tvil om at vegar i naturen, også i strenge verneområde slik som til dømes i Nærøyfjorden landskapsvernområde som ligg på UNESCOs verdsarvliste, har gjort stor nytte for å holda kulturlandskapet i hevd og hindra attgroing med at landskapet vert gjort tilgjengeleg for bønder med beitedyr. Beitedyra pleier landskapet, gjer det fint og held skogen vekke i tillegg til at artsmangfaldet av planter i beitet vert tatt vare på. Det er også svært god ressursutnytting med at beitedyra gjer gras som ikkje kan haustast på andre måtar, om til mjølk og kjøt ved beiting. I tillegg er det fint å sjå på stølar der beiterdyra gir «liv», og det kan også vera god folkehelse i å oppleva dette.

Beiting er vinn-vinn for alle partar

Vigdalsstølen ligg innanfor Vigdalen landskapsvernområde som ligg i Breheimen Nasjonalpark. - Då landskapsverneområdet vart oppretta, vart det sagt at vern og næring skulle jobba saman, og eg er sikker på at verneområdet og folka som ferdast her, får god nytte av at me satsar på stølsdrift og beiting i området, seier Oddvar. Han og familien håpar at styret i Breheimen vil sjå på saka att med nye auger og komma dei i møte med løyve til å byggja veg som gjer stølsdrift mogeleg.

Utnytta potensialet til garden

Viss det vert utbygging til lausdrift og mest truleg mjølkrobot heime på garden, så er planen å dobla talet på kyr, kanskje leggja om til to puljer med kalving der halvparten kalvar om våren, og mjølking heile sommaren på Vigdalsstølen.

- No har me konsentrert haustkalving og dyra er avsint om sommaren slik at dei er ute på beite heile sommaren no også, men me vil gjerne gjera oss meir nytte av beite og produsera mjølk også, seier Oddvar optimistisk.

Byggjer til ressursgrunnlaget til garden

Han og familien er også opptekne av å ikkje byggja større enn at han greier å vera nokolunde sjølvberga med grovfôr og at dei har nok spreieareal til møka.

- Det er utmarka som er vår store fordel, og den vil me gjerne utnytta betre, seier Oddvar.

Håpar fornufta sigrar

Beitedyra er svært viktige for å holda kulturlandskapet fint og ope, og dei hindrar at skogen tek over og gir «liv» til stølane. All fornuft tilseier derfor at styret i Breheimen nasjonalpark bør snu i denne saka og heller «applaudera » at Oddvar med familie vil satsa på beiting i området rundt Vigdalsstølen, og med glede gi løyve til å byggja om lag 400 meter med veg i verneområdet.