Tema: Bygg

Sjå og forstå signala kyrne sender kvar dag

I staden for å snakka sender dyr ut signal om korleis dei har det, og desse signala bør alle som driv med dyr sjå etter og prøva å forstå for å optimalisera drifta si, og for å tenkja over korleis driftsopplegget påverkar dyra.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Bengt Egil Elve underviser elevar på Vinter­land­bruks­skolen på Jæren. Her studerer dei ei ku på nært hald, og dei ser mellom anna på hold, eksteriør, pels, hygiene og gjødsel­konsistens.

Foto: Ole Eriksen

Bengt Egil Elve som er sjef for rådgivinga til Nortura på Vestlandet har tolka kusignal i ei årrekkje, og han har mange konkrete tips til kva ein bør tenkja på, både når det gjeld utforming av nybygg og tiltak i eksisterande bygg for at dyra skal ha det best mogeleg og produsera så mykje som råd. – Det er «in i tida» å ha fjøs som gir minst mogeleg stress og vidare ha varige, effektive dyr som produserer mykje mjølk og kjøt, seier han.

Som ein toppidrettsutøvar

Kyr i høg produksjon kan samanliknast med toppidretsutøvarar, og driftsopplegget må vera så godt som mogeleg for at kyrne skal ha høg avdrått, holda seg friske, visa brunst og verta drektige til rett tid. – Ei ku skal eta, mjølka, kvila og tyggja drøv, og fjøsane bør vera utforma slik at alle kyr, også lågtrangerte kan gjera dette uavhengig av dei andre gjennom heile døgnet, smiler Elve. Vidare bør fjøsane vera laga slik at kyrne får dekka behova sine for dei seks friheitene som er nok lys, luft, vatn, fôr, plass og kvile.

Ein eteplass per ku

Høgtytande kyr treng høgt fôropptak for å produsera mjølk og for å holda seg friske. Elve meiner derfor at ein bør ha ein eteplass per ku. Det er veldig vanleg å byggja nye fjøs med færre eteplassar for å få ned byggjekostnadane, men det er viktig å ha dette i tankane når ein planlegg nybygg. Frontane bør vidare vera utforma slik at dei passar til storleiken på dyra. – Dersom frontane har ugunstig konstruksjon, ser ein dette på dyra dersom fleire har hevelsar eller sår der kroppen kjem i kontakt med innreiinga, forklarar Elve. Vidare bør fôrbrettet vera heva 10 - 15 cm i høve gangarealet. – Det skal også alltid vera grovfôr av god kvalitet på fôrbrettet, understrekar Elve.

God plass framfor robot og breie tverrgangar

For at kutrafikken skal flyta best mogeleg, er det viktig med rikeleg plass framfor mjølkerobot, gjerne opp til seks meter breidde. Vidare anbefalar Elve fire meter frå fôrbrett til fyrste liggjebåsrekkje og tre meter breitt gangareal bak liggjebåsrekkja. – Tverrgangane bør også vera breie, gjerne fire meter, meiner den erfarne kukjennaren. - Dersom ein fylgjer desse anbefalingane, vert det også ein eteplass per ku i trerekkers fjøs, smiler Elve fornøgd. For at lågtrangerte dyr alltid skal komme unna andre dyr, bør ein unngå blindgangar, og for kvar 12. – 15. liggjebås, bør ein ha ein god passasje.

Store drikkekar ved robot og i tverrgangar

Elve er også klar på at han anbefalar store drikkekar med god kapasitet som er lette å holda reine. Desse bør plasserast framfor mjølkerobot og i tverrgang. Vassoverflata bør vera 70 – 80 cm over golvet for at drikkestillinga skal bli god. Ei høgtytande mjølkeku drikk gjerne 100 til 200 liter per dag, og ein anbefalar at eit stort drikkekar kan ta inn minst 25 liter vatn per minutt.

Gode liggjebåsar

Ei høgtytande ku bør liggja opp mot 14 timar i døgnet, og for å få det til, bør liggjebåsane ha god utforming. – Mjuke og romslege liggjebåsar som gir god plass til hovudsvingen når kua reiser og legg seg er veldig bra, seier Elve. Det er viktig å ha innreiing som passar til storleiken på dyra, og dersom ein ser at fleire enn ei ku har håravfall, hevingar eller sår på ein bestemt del av kroppen, til dømes hasesår, bør ein gå over innreiing og matter for å sjå om det er noko som kan justerast slik at ein unngår sår. Sår på kroppen kan mellom anna vera medverkande årsak til høgt celletal i mjølka og nedsett trivsel til kua, og ein bør sjå om det er noko ein kan gjera for å hindra dette.

- I sjukebingar er det endå viktigare at båsane er optimale for dyra, for her kan det vera til dømes dyr som haltar og som treng større plass for å reisa og leggja seg, fortel Elve.

Golvet må gi godt feste

Kyrne må få godt «grep» på golvet, dette gir betre sjølvtillit, dei viser betre brunst og dei bevegar seg lettare. I tillegg får ein færre skadar som følgje av at dei glir eller ramlar på glatt golv. – Nye spaltegolv vert gjerne glatte etter 4 – 5 år, og då er det lurt å få rilla opp golvet eller eventuelt leggja gummi over spaltene, seier Elve. Han seier vidare at ein kan vurdera å ha gummibelegg der kyrne står mykje som til dømes ved fôrbrettet. Golvet bør også vera så reint og tørt som råd for å unngå å dra med seg møk opp i liggjebåsane og for å bevara ei god klauvhelse.

Stressfri «kalvingsline»

Bengt Egil Elve i ivrig diskusjon med deltakarar på kusignalkurs i Sogn.

Elve er også veldig oppteken av at ein bør leggja mest mogeleg til rette for at kyrne skal kunne seksjonerast alt etter kvar dei er i produksjonen. - Stressfri kalvingsline vil seie at det er minst mogeleg flytting av dyr og så få endringar som råd i tida rundt kalving. Når kua kalvar er det berre få meter mellom sinkuavdeling, kalvingsbinge og velferdsavdeling, forklarar Elve.

I sinkuavdelinga bør liggjebåsane vera noko større enn hjå kyrne som er i produksjon fordi sinkyrne er store like før kalving. Vidare bør dei ha ein rein og komfortabel kalvingsbinge og gjerne få vera i eiga velferdsavdeling i ei til to veker etter kalving.

God dyrevelferd og produksjonsresultat heng saman

Det er godt kjent at det er ein positiv samanheng mellom god dyrevelferd og produksjonsresultat. Det kan derfor vera lurt å sjå litt ekstra på dyra kvar dag for å sjå om det er signal dei sender ut som kan brukast til å gjera små grep som kanskje kan løfta drifta endå nokre hakk.

Nok plass

  • 1 eteplass per ku

  • 6 meter framfor mjølkerobot

  • 4 meter frå fôrbrett til fyrste liggjebåsrekkje

  • 3 meter gangareal bak liggjebåsrekkje

  • 4 meter breie tverrgangar

  • Noko større liggebåsar i sinkuavdelingen