Økonomi
Jakten på marginene

Kostnader og CO2- utslepp ved handtering av husdyrgjødsel

Kapasitet pr. time har mykje og seie for kostnadene og samarbeid kan hente ut stordriftsfordeler i gjødselhandteringa.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar økonomi i Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

I Grovfôr 2020-prosjektet rekna me på gjødselkostnader og utslepp av CO2 på 183 bruk frå heile landet. I reknestykket tok me med eige og leigd arbeid samt kostnader med eigne og leigde maskiner knytte til røring, lessing, transport og spreiing av gjødsla. Lagerkostnaden var såleis ikkje med. Eige arbeid vart verdsett til 200 kr pr time. For alle arbeidsoperasjonane tok me med tida som går med til rigging av utstyret. Deltakarane brukte følgjande handteringsliner: Tankvogn, slangespreiing og kombinasjonar av desse (kombi). Bruka med tankvogn hadde lågast gjødselmengd totalt, medan bruka med slangespreiing og kombi hadde om lag same mengd. Bruka med kombi hadde lengst transportavstand.

Figur 1. Handteringskostnad gjødsel og mengde gjødsel pr. bruk

Figuren syner at kostnaden synk med auka gjødselmengde pr. bruk.

46 kroner i snitt

Kostnaden i kr pr. tonn spreidd gjødsel varierte mykje frå bruk til bruk, med ein middelkostnad på 46 kr. To faktorar var avgjerande for å forklare skilnadene i kostnader, transportavstand i km og kapasitet i tonn pr. time. Dei to faktorane heng delvis saman. Kostnaden pr. tonn gjødsel auka med om lag 6 kr pr. ekstra køyrde km, medan ein auke i kapasiteten på 10 tonn pr. time reduserte kostnaden med kr 4,50 pr. tonn. Lina i Figur 1 syner òg ein klar tendens til at kostnaden pr. tonn minkar med aukande gjødselmengd, noko som indikerer at her er det stordriftsfordeler, og dermed pengar å vinne på å samarbeide.

Lågast kostnad med slangespreiing

Kostnaden pr. tonn var klart lågast for slangespreiing, og høgast på bruka med tankvogn. Kombi-bruka kom i ei mellomstilling. Høg kapasitet og kort transportavstand er viktige årsaker til at slangespreiing kom best ut. Sjølv om bruka med slangespreiing hadde kortast transportavstand, var det fleire døme på at bruk med lang avstand til teigane òg nytta slangespreiing. Samarbeid eller leige av transport gjorde dette mogleg, og bruka med slangespreiing hadde mest samarbeid om maskiner og reiskap.

Figur 2 a. CO2 frå transport av husdyrgjødsel og kapasitet.

Figur 2 b. CO2 frå transport av husdyrgjødsel og transportavstand.

Kapasitet og transportavstand viktig for CO2 - utslepp

To faktorar var viktige for å forklare skilnadene i utslepp av CO2 frå transport av gjødsla: Kapasitet og transportavstand, sjå figur 2. I figur 2a ser me at utsleppet minkar kraftig når kapasiteten i tonn pr. time aukar. Tilsvarande ser me i figur 2b at utsleppet aukar jamt med transportavstanden til spreiearealet. Om du lurer på kva gjødselhandteringa kostar på ditt bruk og korleis du ligg an i høve til dine yrkesbrør, kan rettleiarar i NLR eller Tine hjelpe deg med å rekne på dine tal.