Reportasje

Oppstartsrådgiving ved kjøp av mjølkerobot

Per Arne Myklemyr har nettopp flytta buskapen sin inn i ny fjøs og Runar Haugland frå Tine er på plass for å gi gode råd i oppstarten.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Teigen gard i Luster kommune, Sogn og Fjordane

  • Per Arne Myklemyr

  • Kvote: 210 000 liter

  • Buskap: 24 mjølkekyr, 13 ammekyr, fullt påsett

  • Storleik: Eig 120 dekar, leiger om lag 100 dekar, har tilgang til store utmarksressursar

Aktuell fordi han har bygt nytt robotfjøs, og Buskap er med for å sjå kva råd han får i oppstarten av Tinerådgivar Runar Haugland

Når valet om å kjøpa mjølkerobot er tatt, ligg det også inne to rådgivings­besøk i samband med kjøpet. Det fyrste besøket skjer i god tid før mjølkeroboten er på plass, medan det andre kjem i stand like etter at mjølkeroboten er tatt i bruk. Kyrne flytta inn i fjøsen for ti dagar sidan, og dei ser ut til å ha funne seg godt til rette i den flotte, nye fjøs­­en. Besøket til Runar Haugland i Tine startar med å ta ein runde i lausdrifta der Runar mellom anna ser på holdet på dyra, drøvtygging, vomfylning og gjødselkonsistens. — Dette er viktige parametere for å sjå korleis fôringa fungerer, seier den erfarne rådgivaren. Her ser dette jamnt over bra ut, og me kan gå vidare til mjølkeroboten.

Fjøsen er lys og triveleg, og dei aller fleste dyr har funne plassen sin i liggjebåsane. Mange dyr som ligg og få dyr som «står og heng», er ein god parameter for at liggjebåsane har god utforming og at fjøsen fungerer godt.

Anbefalar ikkje spenespray rutinemessig

Per Arne er den fyrste i Sogn og Fjordane som har fått på plass DeLaval sin nye robot V300, og eigaren er godt fornøgd så langt. — Roboten har takla alle jura, og mjølkinga har gått betre enn forventa, seier den sympatiske ­bonden. Mjølkinga vert etterfulgt av spraying av alle spenane med jodbasert spenespray som fulgte med roboten. — Eg vil ikkje anbefala å spraya alle jur rutinemessig med desinfeksjonsmiddel, fordi jod også drep den naturlege bakterifloraen som er på spenane og som i mange tilfeller vernar mot infeksjonar, seier Runar som sjølv også er bonde med mjølke­robot. Han seier vidare at han har mjølka i 10 år med VMS, men har ikkje brukt ein dråpe spenespray. — Jodbasert spenespray kan vera godt å ha viss ein skulle få problem med jurhelsa, då har ein eit verkemiddel å setja inn, men til vanleg er dette dyrt og unødig bruk av desinfeksjonsmiddel, seier Runar.

Per Arne (til venstre) er den fyrste i Sogn og Fjordane som tek i bruk den nye mjølkeroboten V300 til DeLaval. Innkøyringa har gått veldig bra. Runar ser mellom anna etter at innstillingane er i orden og han sjekkar at utfôringa av kraftfôr i robot og automatar er slik som dei skal vera.

Kalibrering av kraftfôr i robot og automat

Vidare har Runar fokus på at ein bør sjekka at systema gir den mengde og type kraftfôr som ein ynskjer. — Ofte vekslar ein mellom to typar kraftfôr, og i lukka system må ein sjekka at systemet faktisk porsjonerer ut begge typane, seier den stødige råd­givaren. Det er ikkje heilt ukjent at systema av ulike grunnar berre porsjonerer ut ein type kraftfôr, og det er dumt viss ein slik feil ikkje vert oppdaga, og dyra får feil kraftfôr over lang tid. Han kontrollveg også porsjonane som vert gitt i robot og automat, for å forsikra seg om at dyra får dei mengdene dei skal ha. Her hjå Per Arne vart det vanskelegare å få tak i grovfôr hjå dei han hadde avtale om å kjøpa fôr frå på grunn av tørken i sommar, så han gir ekstra kraftfôr for å kompansera for avlingssvikt. — Eg brukar Formel Fiber Elite som hovudkraftfôr og toppar med Formel Energi Premium 80, fortel Per Arne.

Kuovervåking

Det er mykje å setja seg inn i, og mykje informasjon som kan hentast ut frå roboten. Runar viser Per Arne viktige sjekkpunkt på dataen og korleis han skal stilla inn roboten ved til dømes medisinering av ku og utskiljing av mjølk.

Det er svært mykje informasjon ein kan få frå roboten, og Runar viser viktige sjekkpunkt som ein bør følgja med på. Kvar ku har eit eige «kukort», og her ligg alle innstillingar på kvar enkelt ku. Mellom anna kan ein sjå på forventa mjølkemengde, kraftfôrtildeling, kor mykje og kvar ho et kraftfôr, aktivitetsmåling og kor langt ho er kommen i laktasjonen. Ein parameter som kan vera nyttig å følgja med på er konduktiviteten. Dette er eit mål på ledningsevna i mjølka, og kan gi ein indikasjon på jurhelsa til den enkelte kua. — Dersom konduktiviteten aukar kan det vera teikn på at celletalet er høgt, men det treng ikkje vera det, seier Runar. Vidare får ein lett eit bilete på statusen til besetn­inga ved at dyr med parameter som avvik frå kva ein forventar, vert markert med raudt på skjermen. På denne måten er det lett å ta opp status i besetninga med nokre få tastetrykk og augekast.

God investering å bruka tid på å venja dyr til systemet

Per Arne (til høgre) og Runar tek eit overblikk i den nye, fine fjøsen. Rundballar blir kutta i rundballekuttar, og utfôringa vert gjort med minilastar.

— Det er liten tvil om at det er smart å bruka tid på å venja ­kviger og kyr til systemet i god tid før kalving, seier Runar. På denne måten får dyra ein betre start på laktasjonen og som følgje av ein god start, kan ein tenkja at dei presterer betre og får betre helse. Nykalva kviger kan gjerne få nokre dagar i fokusavdelinga slik at dei får ein rolegare start enn å komma direkte ut i lausdrifta saman med mange eldre og høgre rangerte dyr.

Utskiljing av mjølk

Vidare går Runar gjennom rutinar for utskiljing av mjølk både ved medisinering og når mjølk skal utskiljast av andre grunnar. Tine anbefalar ikkje å mjølka medisinerte kyr på roboten. — Her vert slike kyr mjølka på spann. Eg har eige uttak for spann i roboten, for eg tek ingen sjansar med medisinrestar på tanken, smiler Per Arne.