Fôr

Gode avlingar, men fôrverdien er låg

Etter avlingssvikt i Sør-Norge i fjor, og året før med elendig fôr på Vestlandet, er det gledeleg å registrere at grasavlingane i år jamt over er gode, men sjekk kvaliteten på grovfôret.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.scgei@tine.no

Auke i fordøyelegheita på fôret slik at energiverdien kjem opp i 6,17 MJ per kg tørrstoff, kan bety over ni tonn kraftfôr spart årleg for ein buskap på 25 kyr. Foto: Solveig Goplen

Etter ein heller tørr start på våren fekk vi ein kjøleg og våt mai, og det var ypparleg for grasveksten. Over heile landet vart det rapportert om god busking og mykje gras på
1.slått­en, men også 2.slåtten er jamt over bra. Utfordringa i år har i enkelte område, også på Austlandet, vore at marka ikkje har fått tørka opp mellom regnbyene slik at det har vore vanskeleg å komme utpå med traktor. Dette har gjort at ein del har slått graset noko seint. I tillegg har regnet redusert moglegheitene for for­tørkinga av graset. Men gode avlingar har gitt tryggheit for at det er nok fôr, og mange har fått bygd opp att fôrlagera.

Fôrkvaliteten har kome i andre rekke i år

Sidan det var viktig å få høge avlingar i år så har fôrkvaliteten med omsyn til næringsinnhald vore mindre viktig, og det pregar årets fôr når ein ser resultatet av fôrprøvene. Det er fortsatt tidleg i fôrprøvetakinga, og hittil er det cirka 25 prosent av normal prøvemengde som er analysert. Dei fleste fôrprøvene er frå 1.slåtten og det bør gi eit brukbart bilde av kvaliteten, medan for 2.slåtten er det tidleg i sesongen, og knapt 300 prøver ligg til grunn på landsbasis. Det er vanskeleg å bedømme næringsinnhaldet i fôret ut frå korleis det ser ut, og difor er det viktig å ta fôrprøver for å kunne velje riktig kraftfôrtype og mengde.

Tabell 1. Analyseresultat av årets prøver.

1. slått (1779 prøver)

2. slått (281 prøver)

Gjennom­snitt

Minimum

Maximum

Gjennomsnitt

Minimum

Maximum

Tørrstoff (TS), %

30,4

14,5

78,6

38,2

14,2

77,2

Råprotein, g/kg TS

141

68

265

154

83

228

Løyseleg råprotein, g/kg CP

647

285

853

586

260

772

NDF, g/kg TS

517

360

657

492

378

587

Sukker, g/kg TS

53

0

256

67

4

218

Fordøyelegheit, %

71,3

56,9

82,3

73,0

56,2

81,5

Gjæringsverdiar

Mjølkesyre

47

0

101

45

2

95

Eddiksyre

12

0

63

13

2

55

Ammoniakk-N

97

2

265

85

11

174

pH

4,5

3,7

6,3

4,7

3,7

6,1

Fôrverdi

Energi NEL20, MJ/kg TS

5,87

4,42

7,00

6,05

4,65

6,98

AAT20, g/kg TS

78

60

115

82

69

107

PBV20, g/kg TS

23

-57

105

28

-41

106

Tørrstoffet har gått ned

Figur 1. Gjennomsnittleg energiverdi (MJ per kg tørrstoff) i fôrprøver av 1.slått per fylke. Tala i parentes etter fylkesnamnet er tal prøver bak gjennomsnittet for 2019.

I fjor var haustesesongen tørr og varm, og det resulterte i høgt ­tørrstoff i fôret og mindre gjæring og meir sukker. I år er vi nede att på 30,2 prosent tørrstoff i snitt på 1.slåtten (Tabell 1), og dette er litt lågare enn det har vore dei siste åra. Det er også stor variasjon mellom fylke, og det er ikkje uventa vestlandsfylka (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) som har lågast tørrstoff, frå 25 til 30 prosent for disse fylka. Dei andre fylka har over 30 prosent tørrstoff i snitt. For prøvene som hittil er analysert av 2.slåtten så er tørrstoffet at­skilleg høgare; 38,2 prosent. Det er ønskeleg at fôret ligg mellom 30 og 35 prosent tørrstoff for at kvaliteten skal bli best mogleg. Lågare tørrstoff gir lett mykje gjæringsprodukt, og høgare tørrstoff kan gi utfordringar på hygienisk kvalitet.

Låg energiverdi

Fôret som er analysert hittil i år har totalt sett låg næringsverdi. Både fordøyelegheita, råprotein og sukkerinnhald er lågare enn i fjor, og det er ein totalsum av fleire forhold som gjer at energiverdien blir låg. I snitt for landet så er energiverdien på 5,87 MJ per kg tørrstoff på 1.slåtten, og dette er det lågaste som er registrert på fleire år. Figur 1 viser energiverdien i fôrprøver frå dei ulike fylka. Det er berre dei nordlegaste fylka, Troms og Finnmark, som har over 6 MJ per kg tørrstoff i snitt, og dette er mykje betre enn dei hadde i fjor. Lågaste verdiar er det på fôrprøvene frå Østfold (5,6 MJ per kg tørrstoff), men det er tydeleg at dei andre fylka i Sør-Norge også slit med låge energiverdiar i år. Ver obs på at det ­fortsatt er tidleg i sesongen, og mange av fylka har få prøver ­analysert. For 2.slåtten ser energiverdien ut til å bli betre enn på 1.slåtten med gjennomsnitt på 6,05 MJ/kg tørrstoff. Det reknast for middel energiverdi.

Råproteinet er også relativt lågt

Innhaldet av råprotein har vore under 15 prosent på 1.slåtten dei siste tre åra, og i år er det på i 14,1 prosent i snitt for landet. Lågare proteininnhald kan vere eit resultat av høge avlingar og/eller kaldt jordsmonn og mindre N-opptak i plantene. Variasjonen i råprotein er sjølvsagt stor, og det er difor viktig å følgje med på både råprotein og PBV og bruke kraftfôr som passar til det fôret ein har sjølv. Det er spesielt viktig at PBV ikkje er negativ i totalfôret for det vil redusere fôropptaket og produksjon.

Moderat sukker og høgt ammoniakknivå

Figur 1. Gjennomsnittleg energiverdi (MJ per kg tørrstoff) i fôrprøver av 1.slått per fylke. Tala i parentes etter fylkesnamnet er tal prøver bak gjennomsnittet for 2019.

På 1.slåtten så er det lågare ­innhald av sukker enn det var i fjor, og det stemmer også med at tørrstoffet har gått ned att. Det er prøvene frå Nord-Norge som har høgast sukkerinnhald, og på disse prøvene er gjennomsnittet over 100 gram/kg tørrstoff for Troms og Finnmark (kun 4 fôrprøver) og i underkant av 80 gram/kg tørrstoff i Nordland (resultata er ikkje vist). Prøvene frå 2.slåtten held eit høgare nivå, og her er gjennomsnittet for landet 67 gram/kg tørrstoff. Sukker er bra for smakelegheit og for feittprosenten i mjølka. Elles er gjæringskvaliteten stort sett bra, men ammoniakknivået er relativt høgt. Det bør nemnast at Eurofins har endra noko på analysane og retningslinjene for ammoniakk for ei stund sidan, så prøver analysert der vil ein forvente har noko høgare nivå enn det ein er vant med. Men generelt må ein vere merksam på at ammoniakkverdiane kan vere høgare enn ønskeleg. Det kan tyde på feilgjæra fôr.

Reduser avdråtten

Frå nyttår vert forholdstalet for kvoter sett ned, og det blir dermed mindre mulegheit til å produsere mjølk. Med mindre inntektsgrunnlag så blir det også viktig å redusere kostnadene. Fôringa som var i fjor med så mykje bruk av kraftfôr kosta pengar, og det bør vere eit mål no å få ned kraftfôrforbruket. Det vil redusere avdråtten og mjølkevolum slik at ein har kontroll inn mot nytt kvoteår og er førebudd på året som kjem. Samtidig kan ein halde på dyretalet for å levere kalvar til slakt. Figur 2 viser døme på kva kraftfôrmengde ein kan ha på ein avdrått på 8 000 kg EKM for eldre kyr på 600 kg dersom fôrkvaliteten er som årets landssnitt på 1.slåtten (linjer merka 5,87). Dagsavdråtten vil komme opp i 33,7 kg EKM på det høgaste og maksimal kraftfôrmengde vil vere 12,5 kg tørrstoff (14,2 kg). Det bør vere eit mål å utnytte grovfôret betre til neste år for å kunne spare meir kraftfôrkostnader. Då må ein slå graset tidlegare for å oppnå høgare fordøyelegheit og dermed høgare energiverdi. I figur 2 er det også vist døme på kraftfôrmengde dersom ein aukar for­døyelegheita på fôret med 3 prosent-einingar, frå 71,3 til 74,3 ­prosent, slik at energiverdien kjem opp i 6,17 MJ per kg tørrstoff. Dette er ein beskjeden auke, og vil vere mogleg med cirka ei veke tidlegare hausting. Det vil i dette tilfelle spare 1,1 kg kraftfôrtørrstoff per dag. Til ein buskap på 25 kyr og 305 dagar i produksjon vil det bli over ni tonn kraftfôr spart. Det utgjer nokre kroner det.