Reportasje

Ungdoms- og kalve­mønstring på Jærmessa

Årets Jærmesse ble arrangert 31/8 – 1/9. Det var ikke kuutstilling i år, men god deltakelse i mønstringskonkurransene.

Inga Skretting Timpelen

inga.skretting@gmail.com

Mjølkebonde

Johan Aarsland vinnar av ungdomsmønstringa med ku 700. Far til kua er 11053 Myrstu og morfar er 28007 Fastrup. Foto: Marlen Hognstad.

I ungdomsmønstringa stilte seks ungdommar frå 15-23 år opp i konkurranse om kven som var best til å mønstra ku. Bjarte Njå var dommar, og det var ei jamn og god gruppe der Johan Aarsland til slutt stakk av med sigeren.

Thomas Skretting vinnar av kalvemønstring 4-7 år. Foto: Marlen Hognstad.

Ti born stilte opp på kalvemønstring, fire frå fire-sju år og seks frå 8-11 år. Marie H. Brådli dømde. I desse ­klassane vart det kåra ein vinnar, medan dei andre kom på delt andreplass. Både i ungdomsmønstringa og kalvemønstringa var både NRF, Jersey og Holstein representerte.

Birger Gikling Ingeborgvik frå Averøy arbeider for tida på Jæren og deltok på Jærmessa og ungdomsmønstring for første gong. Han gjorde ein god figur og det såg ut som det gav meirsmak. Foto: Marlen Hognstad.

Dyra vart oppstalla i telt medan mønstringsringen var utandørs. Det gav god plass for tilskodarane rundt ringen. Sola kom fram etterkvart, og det var god stemning. Nokre sakna utstilling og bedømming av kyr. Denne vart avlyst i år på grunn av for få påmelde kyr.

Thea Emilie Skretting vinnar av kalvemønstring 8-11 år. Foto: Marlen Hognstad.

Tomine Wiig på fem år var ein av dei yngste som var med på kalvemønstinga. Foto: Marlen Hognstad.

Yngste deltakar i ungdomsmønst­ringa, 15 år gamle Malin Regine Fotland Øgland med kua 818 Dagny. Foto: Marlen Hognstad.

DeLaval

Lanserer OptiDuo Robotic Feed Refresher som ikke bare skyver fôret inntil kyrne, men også blander det for å gjøre fôret mer attraktivt.