Økonomi

Tilpassing til redusert mjølkekvote og mjølkepris

I ei masteroppgåve gjorde to studentar ved Norges Handelshøgskole simuleringer for tre ulike bruksstorleikar på Jæren med mjølk- og oksekjøtproduksjon.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar økonomi i Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

Ved 30 000 liter reduksjon av mjølkekvoten på bruket med kvote på 135 000 liter, valde modellen valde å ha knapt 12 årskyr med 10 000 kg i avdrått, og ha ammekyr av tung rase på dei ledige kuplassane. Foto: Elly Geverink

I ei masteroppgåve ved Norges Handelshøgskole våren 2019 bygde Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad vidare på ein modell for økonomisk optimal tilpassing på mjølkebruk utvikla i Tine. I modellen legg ein inn areal, avlingsnivå, mjølkekvote, grovfôrkvalitet, prisar på kraftfôr, mjølk og kjøt, variable grovfôrkostnader samt tal dyreplassar til mjølkeku og ammeku med påsett. I programmet ligg det fôrplanar til dei ulike dyreslaga, og dekningsbidraget pr. dyr blir berekna ut frå føresetnadene ein legg inn. Modellen kan velje mellom ulike avdråttsnivå for ­mjølkeku, frå 5000 til 10 000 kg, og mjølkemengda levert pr. ku tilsvarar om lag middel leveringsprosent i Kukontrollen. Likeeins kan modellen velje mellom tung og lett rase av ammeku, og ulike framfôringstider for oksekalvane både frå mjølkeku og ammeku. Modellen prøver mange kombinasjonar av dei ulike alternativa, og vèl den løysinga som maksimerer totalt dekningsbidrag for bruket inkludert tilskott. Kostnader med eige og leigd arbeid er ikkje inkluderte.

Simuleringar for tre bruk på Jæren

Studentane gjorde simuleringar for tre ulike bruksstorleikar på Jæren med mjølk- og okse­kjøtproduksjon. Mjølkekvotane var høvesvis 135 000, 217 000 og 342 000 liter. Dei tok som utgangspunkt at bruka hadde stor nok mjølkekvote til å utnytte alle dyreplassar til mjølkeku med ein avdrått pr. ku på 10 000 kg. Ein kan sjølvsagt diskutere denne føresetnaden. Resultata synte at for alle tre bruka var det i utgangspunktet, det vil seie før ein eventuell kvote- eller prisred­uksjon, mest lønsamt å ha berre mjølkekyr og påsett. Oksekalvane vart slakta ved 13 månaders alder.

Høg avdrått og nokre ammekyr

I eit senario valde studentane å redusere mjølkekvoten på det minste bruket med 30 000 liter, eller
22 prosent. Modellen valde då å ha knapt 12 årskyr med 10 000 kg i avdrått, og ha tre ammekyr av tung rase på dei ledige kuplassane. Oksekalvane frå ammekua vart slakta ved 14 månaders alder. For oksar frå mjølkeku var slaktealderen ­uendra.

For å få driftstilskott må ein som kjent ha minst seks ammekyr, så å ha færre er kanskje lite interessant i praksis. Alternativet er å redusere avdråtten pr. ku, og dermed dei variable kostnadene pr. liter mjølk. I praksis vil det seie å redusere kraftfôrmengda og produsere mjølka billegare. Dess betre grovfôrkvalitet, di meir kraftfôr kan ein erstatte med grovfôr. Korleis ein vel å tilpasse seg er avhengig av forholda på det enkelte bruk. Som kjent er middelkvoten på Jæren langt høgare enn i dømet studentane rekna på, men fordi tilskota pr. mjølkeku minkar med buskapsstorleiken, er ammekua truleg enno meir konkurranse­dyktig på større bruk. Då legg vi til grunn at kjøtprisen vert uendra, ein føresetnad som òg kan diskuterast.

Kan bonden i teorien betale inntil to kroner for å leige kvote

Kan i teorien betale inntil to kroner for kvoteleige

Ein annan strategi er å erstatte tapt kvote med å kjøpe eller leige kvote tilsvarande dei litrane ein misser. I dømet vart samla dekningsbidrag for bruket redusert med i overkant av to kroner pr. liter redusert kvote. Som studentane skriv kan bonden i teorien betale inntil to kroner for å leige kvote, og likevel få dekka dei ­variable kostnadene. Auka arbeidskostnader og eventuell auke i andre faste kostnader er då ikkje medrekna. Resultata tyder såleis på at det vil bli auka etterspurnad etter å leige eller kjøpe kvote for å erstatte dei litrane ein misser, særleg frå dei som har bygd ut dei seinare åra.

Uendra tilpassing inntil 30 prosent lågare mjølkepris

I neste senario rekna studentane på effekten av 10 prosent, 20 prosent og 30 prosent redusert mjølkepris, for å sjå om den optimale tilpassinga endra seg. Pristilhøvet mellom kjøt og mjølk endrar seg då i favør av kjøt. Gitt uendra kjøtpris, vil såleis redusert mjølkepris auke konkurranseevna til ammekua. Simuleringane synte likevel at tilpassinga vart uendra, både på det minste og det mellomstore bruket, dvs. berre mjølkekyr med påsett av oksekalvar. Først når mjølkeprisen gjekk ned med 30 prosent eller meir valde modellen å ta inn ammekyr, men berre på det største bruket. På dette bruket vart optimal tilpassing 30 mjølkekyr og åtte ammekyr, og bruket leverte ikkje heile mjølkekvoten. Årsaka til at ammekua kom inn er at samla tilskot pr mjølkeku minkar med bruks-­storleiken. Dermed vart den første ammekua meir lønsam enn den 31. mjølkekua. Den ledige kvoten kan då leigast ut, men ein så sterk reduksjon i mjølkeprisen vil påverke prisane både på kjøp og leige av kvote. Til alt hell er ein så sterk prisreduksjon pr i dag eit lite aktuelt alternativ.

Vil arbeide vidare med simuleringar

Til slutt må me legge til at nokre av prisane i modellen ikkje var heilt oppdaterte, og utover hausten og vinteren vil me gjere nye køyringar med ein oppdatert ­versjon av modellen. Slik håpar me å bli enno betre i stand til å hjelpe den enkelte bonde med å tilpasse seg redusert forholdstal og auka omsetnadsavgift. Tine takkar Aleksander og Hans ­Kristian for godt utført arbeid og gratulerer med Lehmkuhlstipendiet for masteroppgaven!