Fôr
Nytt om grasdyrking frå konferanse i Sveits, del 1

Produksjon og utnytting av grovfôret

Kan vi lære noko av grovfôrdyrking i Sveits?

Tekst og foto
Lars Nesheim

Tidlegare grovfôr-forskar i Nibio

Typisk sveitsisk åslandskap.

I juni 2019 vart det halde eit internasjonalt møte om gras­dyrking i Zürich i Sveits. Møtet handla om korleis ein kan betre både avlingsmengd og -kvalitet gjennom planteforedling og meir tilpassa driftsmåtar.

Grasbasert fôrrasjon i mjølkeproduksjon – nokre nøkkeltal

Sveitsisk landbruk har mange ­likheitstrekk med Norge. Begge er grasland. I Sveits utgjer eng og beite om lag 80 prosent av jordbruksarealet. Kortvarig eng i låglandet utgjer berre 8 prosent medan langvarig eng og permanente beite i fjella utgjer 40 og 31 prosent. Det meste av den langvarige enga ligg mellom 400 og 1 500 meter over havet, medan dei permanente beita ligg mellom 950 og 2 500 m.o.h.

11 prosent kraftfôr

I opningsforedraget vart det ­referert resultat frå ei utvals­gransking, der knapt ein prosent av mjølkeproduksjonsbruka var med. Bruka vart delt inn i tre ­regionar; lågland, åslandskap og fjellområde. Middels årsyting var 6 850 kg EKM, som er langt under middelet i Norge. Og kraftfôr utgjorde berre 11 prosent av totalt fôropptak i middel. I låglandet utgjorde silomais 18 prosent av fôropptaket, medan tilsvarande tal i fjellet berre var 3 prosent. Opptaket av friskt gras og av beite var vel 25 prosent i låglandet og 35 prosent i fjellet. Omfanget av ­høyproduksjon er langt større enn i Norge. På gardar som leverer mjølk til produksjon av hard ost er det ikkje lov å bruke ensilert fôr, og på dei gardane utgjorde høy 45 ­prosent av opptaket. I middel for andre garder var høyforbruket om lag 20 prosent.

Demonstrasjon av frøblandingar på forskingsstasjon.

Strategiar i sveitsisk grovfôrproduksjon

Det overordna målet for sveitsisk grovfôrproduksjon er å produsere grovfôr på ein berekraftig måte som tek omsyn til miljø og bio­logisk mangfald, og som sikrar høg del av eige produsert fôr. Dette vert ivaretatt gjennom tre ulike strategiar. Den første er å produsere fôr med god kvalitet på alle typar grasmark, som gjer det mogleg å fôra storfe med ein grasbasert rasjon. Det inneber ein intensiv produksjon med tidleg hausting, for å sikre god kvalitet som kan redusere behovet for innkjøpt kraftfôr. Den andre strategien er knytt til kortvarig eng, og det gjeld å ta i bruk all tilgjengeleg teknologi og kunnskap, og også å utnytte høgproduktive plante­sortar i best moglege frøblandingar. Den tredje strategien går ut på å differensiere driftsopplegget etter veksevilkåra, både på gardsnivå og i ein større regional samanheng. Skifta med høgast produksjonspotensial må nyttast til intensiv produksjon av kvalitetsfôr for å oppnå ein grasbasert mjølk- og kjøtproduksjon. Intensiteten må tilpassast krava til dei plante­sortane som er best eigna på den aktuelle garden, og som kan sikre stabile plantesamfunn på det store arealet av langvarig grasmark. På skifte med lågare produksjonspotensial kan drifta vere meir ekstensiv for å sikre at ein tek vare på biodiversitet.

Fordelar med fleirarts­blandingar

Det er vist i mange granskingar at grasmark som er sådd med fleire artar gir høgare avling enn eng sådd med berre ein art. Og om ein inkluderer belgvekstar i frøblandinga kan avlinga verte opp i mot 30 prosent høgare, samstundes som fôrkvaliteten også vert betre. I tillegg kan avlinga vere meir stabil frå år til år, og artsrik eng kan også konkurrere betre mot ugras.

Testing av spireevne.

Korleis setje saman optimale blandingar

Granskingar både i intensivt og ekstensivt drive grasmark tyder på at ein oppnår fordelar med å blande inn berre nokre få artar samanlikna med eng som er sådd med berre ein eller to artar. Men avlingsauken, og andre fordelar, er størst ved å auke artstalet frå ein til fire. Ved å inkludere fleire artar enn fire vert fordelane stadig mindre. Og fordelane vert større ved å kombinere artar som er ulike med omsyn til rotdjup, evne til å fiksere nitrogen, vekstrytme og andre eigenskapar enn ved å setje saman artar som er veldig like. Utfordringa vert difor å ­komponere blandingar ut i frå kunnskap om veksevilkår og driftstilhøve og eigenskapar til aktuelle artar og sortar.

Det sveitsiske standardblandings-systemet

Sidan 1955 har Sveits hatt eit ­system for standard frøblandingar til eng og beite. No er det i alt 46 blandingar i dette systemet. I frå starten er systemet revidert heile 15 gonger og endringane er ­mellom anna prega av at grovfôrproduksjonen i Sveits har vorte meir intensiv. Til dømes er delen av blandingar med kvitkløver auka frå 27 til 48 prosent, og delen med fleirårig raigras har auka frå 32 til 48 prosent i perioden 1955-2017. Også talet på artar i blandingane har auka særs mykje, frå 27 til 99 artar i frå 1988 til 2017. Standardblandingane har no 80 prosent av frømarknaden i Sveits. Og dei tre typane blandingar som vert brukt mest er: 1) Til eng som skal vare to år, med 2-4 artar, 2) Til eng og beite med planlagt varigheit på tre år med 4-6 artar og 3) Til eng og beite som skal liggje lenger enn 3 år med 4-9 artar.

Enkel merking

Suksessen til det sveitsiske systemet for frøblandingar byggjer i følgje forskarar og rådgivarar på fire faktorar. Den første er at ­blandingane skal dekkje eit stort spekter av bruksområde, og at det skal vere lett ut i frå merking av frøsekken å finne rett blanding. Merkinga består av tre tal og ­fargekodar, det første talet gjeld varigheit, om enga skal vere kort- eller langvarig (fargekode raud = 2 år, grøn = 3 år, blå = meir enn 3 år). Det andre talet handlar om evne til å tole tørke, og det siste talet seier noko om veksevilkåra, mellom anna høgde over havet (går det an å dyrke fleirårig raigras eller ikkje).

Praktisk testing

Den andre suksessfaktoren handlar om at samansetning av bland­ingane, både med omsyn til val av artar og av sortar, må byggje på planteforedling, forsking og sortsprøving. Den tredje faktoren gjeld testing av blandingane i praksis, der blandingane vert sådd i striper på gardar med ulike driftsopplegg og dyrkingsvilkår. Ingen blanding vert godkjent utan slik praktisk testing. Og til slutt vert suksessen sikra ved eit utstrekt samarbeid mellom foredling, forsking, ­så­varefirma og rådgivingsteneste. For kvar sekk med standard­blanding vert det betalt ei avgift som er med og finansierer ut­­vikling og testing av blandingane.

Del 2 kommer i neste nummer.