Tema: Beite

Beiting og mjølke­robot går bra – myte eller sanning?

Eit nyleg avslutta samarbeidprosjekt mellom forskarar frå Nord universitet, Sveriges Lantbruksuniversitet og NIBIO tar for seg etablerte myter og oppfatningar om fordelar og ulemper ved beite i kombinasjon med automatisk mjølking.

Tekst og foto
Haldis Kismul

Stipendiat/veterinær Nord universitet Steinkjer

haldis.kismul@nord.no

Kyr som har halve grovfôropptaket sitt frå beite kan oppretthalde same avdrått som kyr som får heile dagsrasjonen i form av grassurfôr.

Bakgrunnen for det seks­årige prosjektet var den frustrasjonen, uroa og ­usikkerheita mange produsentar gav uttrykk for då beitekravet i 2014 vart gjeldande også for lausdriftsfjøs. Mykje av denne usikkerheita kom frå opplevde praktiske utfordringar med beite i større besetningar. Ein del virka også kome frå ein rekke oppfatningar, påstandar og grunnførestillingar om beitedrift i besetningar med høg avdrått, spesielt med tanke på kombinasjonen av AMS (automatisk mjølking) og beite, vel­etablert bland både produsentar, rådgivarar, veterinærar og forvalting. Eitt av måla med prosjektet var å setje sanningsinnhaldet i nokre av desse oppfatningane av beite og AMS på prøve.

Inga skilnad mellom manuelt og automatisk påsett av mjølkemaskin

Første myte undersøkt var påstanden «Det går ikkje å kombinera AMS og beite utan ein betydeleg nedgang i avdrått». Altså, at det går å ha lakterande kyr på beite der dyra vert henta til manuelt påsett, men ikkje der dei sjølv må oppsøke mjølkemaskina.

Dette er ein grunntanke som i stor grad vil kunne påverke korleis ein tenker om og planlegg for beite, men finnes det ein slik universell årsak-verkingseffekt?

Basert på produksjons- og gardsdata frå 450 norske mjølkebruk vart det berekna ein respons på beiteslepp i form av endring i yting. Kva for mjølkingssystem som vart nytta under beitesesongen bidrog ikkje til å forklare skilnadane ­mellom gardar eller mellom kyr i avdråttsendring. Utifrå dette er det altså inga støtte for at det er ein automatikk i at garder som mjølker med AMS skal ha noko dårlegare resultat med å ha kyra sine på beite enn andre.

Å få kvila i fri utstrekning, uhindra av innreiing og anna, kan ha positiv effekt på velferd og helse.

Høg beitedel trenger ikkje bety avdråttsfall

Andre påstand sanningstesta: «Det er umogleg å oppretthalde en høy avdrått med en høy ­beitedel i dagsrasjonen». At dette stemmer ved enkeltbruk eller i enkeltsituasjonar herskar det liten tvil, men er det som ein regel umogleg å få til?

I den same studien som er nemnt over, var kvar gard klassifisert til å nytte beite, mosjonsbeite eller ­luftegard som mosjonsløysing for kyr i laktasjon, ut ifrå uteområde og estimert beitedel i dagsrasjonen. Heller ikkje denne variabelen bidrog til å forklare endring i avdrått.

I ein serie forsøk vart to grupper høgavkastande kyr (30-45 kg EKM og 95-130 dagar i mjølk ved start) gitt tilgang til anten beite eller mosjonsbeite under deler av døgnet, og heldt innandørs under resten. Kyra i mosjonsbeitegruppa hadde fri tilgang på grassurfôr, beitegruppa fekk halve grovfôr­rasjon inne og var forventa å hauste resten sjølv. Dei ulike forsøka skilde seg i når dei to gruppene hadde tilgang til å gå ut; på dagen, på natta, eller med beite­tilgangen oppdelt mellom morgon og kveld.

I forsøket med dagbeite og for­søket med beitetilgang morgon og kveld var det ingen statistisk ­sikker skilnad mellom ytinga til kyra i dei to gruppene, til trass for ein lågare mjølkingsfrekvens i beitegruppa. I nattbeitegruppa hadde mosjonsbeitegruppa ein høgare yting i kg mjølk, men omrekna til energikorrigert mjølk var det heller ikkje der nokon skilnad mellom gruppene.

Så er det umogleg å oppretthalde avdrått hos kyr som sjølv må hauste ein stor del av grovfôr­rasjonen sin sjølv? Nei, umogleg er det ikkje – inga systematisk skilnad mellom besetningar med høg og låg beitedel i sumarrasjonen var å finne, og det er vist i forsøk at det fint går å halde same avdråttskurve for kyr som har halve grovfôropptaket sitt frå beite som kyr som får heile dagsrasjon­­en i form av grassurfôr, så lenge beite er tilstrekkeleg i både mengde og kvalitet.

Å synkront uttrykke basalåtferd som beiting, utforsking og kvile i sjølvvalde sosiale grupperingar vert nytta som eit mål på kuvelferd.

Friheit til å velje viktig

Dei neste oppfatningane om beite som er granska omhandlar eigentleg meir om intensjonen bak beitekravet, enn fordelar og ulemper med beiting. Sjølv om innfallsvinkel og argumentasjon kan variere, er essensen mykje det same: Beitespørsmålet er meir eit nostalgisk pålegg enn eit reelt velferdstiltak. Ein hyppig innvending mot beitekravet er at eit slikt pålegg berre gjer meining for ­båsfjøs, då moderne storfebygg har vel så høg, om ikkje høgare, velferd enn å ha kua ute.

Åtferdsobservasjonar frå beiteforsøk gjer ein innsikt i kva kua sjølv vel når ho har høvet til å velje når ho har tilgang til å gå på beite kontra når ho har tilgang til eit mosjonsbeite – om ho vel å gå ut eller ikkje, korleis ho vel å nytte tida ho eventuelt er ute, og når ho eventuelt føretrekk å vera ute.

Uavhengig av kva slags uteområde dei hadde tilgang til, vistes ein sterk motivasjon til å gå ut og oppsøke uteområda. Alle kyr i både behandlingar hadde kortare elle lengre opphald utandørs ved kvart observasjonstilfelle. Kyra med tilgang på mosjonsbeite valde til og med å avslutte eit pågåande silomåltid innandørs for å gå ut på eit beiteskifte meir eller mindre fritt for gras av beitbar høgde så snart portane vart opna.

Mosjonsbeite tilbyr dyra mjukt liggeunderlag, kvile i fri utstrekning, og høve for normal sosial åtferd.

Tider av døgnet der kyra valde å gå inn

Det var derimot også tider av døgnet der kyra valde å gå inn, framfor å opphalde seg utandørs; midt på dagen og midt på natta. Dette gjaldt også kyra med avgrensa surfôrrasjon, som under beitetilgangstimane ikkje hadde tilgang på silo innomhus. Det var inga skugge på skifta nytta i forsøka. Dagtid var nok dette difor mest truleg ein søken etter skugge meir enn eit ynskje om å vera inne, då innandørs klima til trass for god ventilasjon var betydeleg varmare og fuktigare enn utandørs. Nattetid vart denne åtferda tolka til meir å vera eitt uttrykk for heime- og trygg­leiks­kjensle, då både grupper gradvis forlenga tid nytta ute frå forsøksstart til forsøksslutt.

Tilgang til uteområde verkar ha ein appell utover det å vera ein fôrressurs som overgår moderne innandørsfasilitetar, men å sjølv få styre når og kor kan virke vel så viktig for kuvelferda.

Beite tyder noko for kua

Ein annan hyppig møtt påstand er at det ikkje er velferdsfordelar med beite kontra andre utandørs mosjonsareal; at kyr ikkje bryr seg om kva slags uteområde dei har tilgang til – dei er nøgd så lenge dei får vera ute.

Samlege kyr i mosjonsbeitegruppa syna også beiteåtferd gjennom å leite fram enkeltstrå å bite av, dette indikerer at sjølve handlinga er ein såkalla basal­åtferd – eit handlingsmønster som gjer dyret noko meir, utover det å berre fylle vomma. Å gje tilgang til eit område der dei har høve til å dekke dette behovet vil dermed vera positivt for kuvelferd.

Sjølv om både beitegruppe og mosjonsbeitegruppe viste ein sterk motivasjon til å vera utandørs, så tilbakte kyra på beite ­statistisk sikkert mykje meir tid utandørs enn gruppa på mosjonsbeite. Dette var også tilfellet om ein ser vekk frå all tid denne gruppa la ned på å beite for å dekke inn manglande fôrrasjon innandørs.

Finnes inga høve for å gje beite­tilgang er tilgang til ein luftegard betre kuvelferd enn inkje. Like fullt, det å gje tilgang til eit rikt beite har noko ekstra å tilby kyra utover det eit mosjonsbeite eller ein luftegard gjer. Er tilgang på beiteareal nær mjølkerobot for lite for besetninga kan kontrollert tilgang på eitt ordentleg beite under avgrensa delar av døgnet ha ein betre velverdseffekt enn kontinuerleg tilgang på luftegard.

Beite versus ­mosjonsbeite

  • Kyr med halve grovfôropptaket frå beite hadde same avdrått som kyr med full rasjon grassurfôr og berre tilgang på mosjonsbeite

  • Kyr på beite hadde lågare mjølkingsfrekvens enn kyr på mosjonsbeite, utan at dette påverka avdrått, mjølkekvalitet eller jurhelse

  • Kyr med tilgang på beite var ute lenger, og nytta meir tid til å kvile utandørs, enn kyr med tilgang til mosjonsbeite

  • Av dei undersøkte avgrensa beitetidene undersøkt, viste kyr både på beite og mosjonsbeite ein større utnytting av til­gjengeleg utetid morgon og ettermiddag/kveld enn midt på dagen eller nattestid

  • Beitetildeling morgon og kveld gav også lengst beiteaktivitet og høgast estimert ­beiteinntak

  • Tid ute nattestid auka som sumaren skred fram og dyra i aukande grad kjende seg heime på uteområda

  • Kyr på mosjonsbeite mista motivasjon for å gå distansen til det grasdekte skiftet etter som sumaren skred fram, og var i aukande grad å finne i sorteringsområdet rett utføre ­f­jøsdøra eller liggande i drivgangen.

  • Kyr på beite auka derimot tid ute, tid på ­beitet og tid til å beite, etter som beite­sesongen skred fram