Bygg
Fôring

Fôring i sinperioden

Grunnlaget for neste laktasjon legg ein i sinperioden, så tenk gjerne på det som om neste laktasjon starta i det du avsina kua.

Kari Marie Njåstad

Fagrådgiver fôring i Tine

kari.marie.njaastad@tine.no

Målet for sintida er ei frisk ku med god fôropptakskapasitet etter kalving, nok råmjølk av god nok kvalitet og ein frisk og kvikk kalv. Ei normal sintid bør vera 7-8 veker. Påkjende kyr, til dømes der ein mistenkjer tvillingar, halte eller tynne kyr kan med fordel få noko lengre sintid.

Energibehov

I sintida er energibehovet gjerne 30-50 prosent av behovet til ei kyr i laktasjon, men fôropptakskapasiteten er om lag som før. Når ein avslutta laktasjonen bør holdet vera 3-3,5 poeng, og ein bør unngå holdendring i sintida. Det er difor naudsynt med ein eigen sinkurasjon. Ved å nytta seint hausta eng eller halm i rasjonen oppnår ein som regel ein så energi­fattig rasjon at kua kan eta seg mett og opprettheld eit stort vomvolum og høg grovfôropptakskapasitet. Sinkua har ikkje eit særskild høgt krav til ­protein, men ved bruk av energifattige grovfôrtypar blir det ofte for lite protein i rasjonen. Ta difor fôrprøve av sinkufôret for å kunna berekna ­proteinbehov utanom grovfôr.

Behov for mineraler

Kyr med lite eller ingen kraftfôr i rasjonen har behov for å få tilført minerala. Ubalanse mellom mineral eller manglar på enkeltmineral kan syna seg ved til dømes dårlegare råmjølk eller helseutfordringar på ku og kalv. Selenmangel gje sugesvake kalvar. Norske forsøk indikera at opp mot 40 prosent av kalvarane har subklinisk mjølkefeber. Tar du mineralanalyse av grovfôret kan ein lettare avdekka ­ubalanse mellom minerala og laga ein ­fôrplan som sikra tilstrekkeleg tilførsel. Med god oversikt på status i rasjonen og rett bruk av mineraltilskot kan ein førebyggja til dømes mjølkefeber. Det er mange mineralpreparat på mark­naden, men ver merksam på at ikkje alle inneheldt det som skal til for å dekka totalbehovet. Vel mineraltilskot ut i frå din driftssituasjon og rasjonsløysing for sinkyrne.

2-3 veker før kalving bør sinkua få ein overgang til mjølkekufôret. Vommi­krobar treng tid til å venja seg til nye fôrmiddel, og kua får etter kvart auka energibehov og redusert fôropptak.

Fødsel

Framdrifta i ein kvar fødsel er avhengig av samspelet mellom ei rekke hormon. Til dømes stimulera oxcytocin rier, medan adrenalin, stresshormonet, motverkar. Ei kalving i ein kalvingsbinge åtskild, men med utsikt til ­flokken legg det beste grunnlaget for ei stressfri og effektiv kalving. Hormonet relaxin påverkar sener og leddband slik at dei blir lausare og dermed mogleggjer at ein kalv kan passera gjennom ein relativt liten fødselskanal. Dette hormonet påverkar alle leddband i kroppen så rundt kalving vil kua vera ekstra utsett for skader i klauv og ­ut­­gliding. Gummimatter på golv/spalt og sklisikre drivgangar er gode tiltak for sinkua. Tenk også på at ei mett ku er ei roleg ku. Det er difor tilrådeleg med rasjonar som gjev god vomfylde og rikeleg fôr på fôrbrettet til ei kvar tid, slik at ikkje alle kyr treng reisa seg for å hevda seg ved fôrbrett ved kvar utfôring.