Helse

Anbefalingar om avsining

Mjølkeytelsen bør vera nede i om lag 25 kg før avsining. Kyr som mjølkar over 25 kg kan mjølkast annakvar dag i tre dagar.

Randi Therese Garmo

Spesialrådgiver/Veterinær i Tine

randi.therese.garmo@tine.no

Forsøk i Danmark synte best resultat med normal fôring med grovfôr og ei mjølking pr. dag. Etter 2 til 3 dagar var mjølkemengda redusert med om lag 30 prosent.

Foto Rasmus Lang-Ree

Når kua er drektig og ho nærmar seg to månader før neste kalving er det på tide å tenkje på avsining. I Norge har og er anbefalingane to månader tørrperiode og i alle fall ikkje under seks veker. Når det går opp i mot 18 timar mellom mjølkingane er kua fysiologisk i gang med avsining. Høgt trykk i juret gjer at alveolene i juret stoppar opp med produksjon av mjølk, dei blir mindre i storleik, mengda av kvite blodceller i juret aukar og samansetning av mjølka endrar seg. Etter om lag ei god veke blir det produsert ein plugg i spenekanalen som skal hindre bakteriar å komme opp i juret slik at kua ikkje får mastitt ved avsining.

Dansk forsøk

Nyleg var det ein artikkel i det danske tidsskriftet Kvæg om «golding av koen» og tankar om kuvelferda. I Danmark blei det gjennomført eit forsøk med fire grupper der ingen av kyrne fekk kraftfôr i perioden, men mengda grovfôr var bortimot oppretthalde:

1) Normal fôring med grovfôr og to mjølkingar pr. dag
2) Normal fôring med grovfôr og ei mjølking pr. dag
3) Redusert fôring med grovfôr og to mjølkingar pr. dag
4) Redusert fôring med grovfôr og ei mjølking pr. dag

Konklusjonen var at gruppe 2 kom best ut, altså normal fôring og ei mjølking om dagen. Med dette opplegget kunne ein få ned mjølkeproduksjonen betrakteleg. Å ta vekk mykje av grovfôret attåt avsining kan føre til stress for kua, endringar i stoffskiftet på grunn av at kua er svolten og dermed går inn i negativ energibalanse ved avsining. Som vi veit bør ein slanke ei ku tidlegare i laktasjonen og ikkje i tørrperioden.

Tabell. Anbefalingar om avsining ved ulike mjølkemengder.

Dag i sinlegging

Ytelse

Over 25 kg

15-25 kg

Under 15 kg

Dag 1

Morgen

Melkes

Kveld

Sinlegges

Dag 2

Morgen

Melkes

Melkes

Kveld

Dag 3

Morgen

Kveld

Dag 4

Morgen

Melkes

Melkes

Kveld

Sinlegges

Dag 5

Morgen

Kveld

Dag 6

Morgen

Melkes

Kveld

Sinlegges

Ta ikkje vekk vatnet

Å ta vekk vatnet for å redusere mjølkemengde er ikkje anbefalt og er rett og slett plaging av kua og er utgått på dato for lenge sidan. Du kan jo prøve å eta knekkebrød i ei god mengde sjølv, utan vatn tilgjengeleg. Ikkje særleg behageleg vil eg tru. Det er det heller ikkje for kua om du vel å fôre mykje med halm ved avsining. Dei norske anbefalingane er å slutte med kraftfôr, gi minst 4 kg tørrstoff av grovfôr for å sikre vomfunksjon og energibehov og for å unngå nedbryting av feittreserve. I tillegg kan ein gje halm etter appetitt.

Mjølkeytelsen bør vera nede i om lag 25 kg før avsining

Det er for underteikna ukjent kva som var gjennomsnittleg dagsytelse da avsininga blei starta i den danske undersøkinga. I Norge har vi brukt følgjande anbefalingar om avsining ved ulike mjølkemengder, sjå figur frå jurhelseboka. Vi anbefaler at mjølkeytelsen er nede i om lag 25 kg før avsining og gjerne lågare. Har du kalvingsintervall i besetninga di på rundt 11,5 månader eller ei ku som du inseminerte under 50 dagar i laktasjon og ho blei drektig, så kan avsininga krevje litt meir planlegging. Da kan kua enda ha god yting, men må avsinast før neste kalving. Denne utfordringa er nok ein del mindre om kua/kyrne dine ligg på rundt 12 månaders kalvingsintervall eller meir. Å dra ut avsininga med mjølking annakvar dag i mange dagar er ikkje tilrådeleg da det lettare gjev jurinfeksjon. Det er viktig å planlegge avsining med tanke på jurhelsa med eventuelt uttak av speneprøver og sintidsbehandling for dei kyrne som har bakteriefunn der det er råd om behandling ved avsining. Dette er for å hindre innkalving på høgt celletal og auka risiko for mastitt etter kalving. Avsiningsmastitt oppstår ofte hjå kyr som har potensielle mastittbakteriar i juret frå før og som får gode vilkår for vekst ved avsining. I tillegg kan flugu vera ei utfordring på sommarstid. Og som vi ofte veit så endar ein angripen kjertel i sinperioden som ikkje-fungerande i neste laktasjon.

Minst seks vekers tørrperiode

Som tidlegare nemnt bør kua ha minst seks veker tørrperiode og helst mot to månader. Tenk litt på at enkelte kyr kalver to veker før tida. Om ein da satsar på seks vekers tørrperiode, så blir den i praksis berre om lag ein månad, noko som kan gå utover både råmjølkskvalitet og yting i kommande laktasjon.