Økonomi
Økonomisk utvikling på Jæren

Kjøtinntektene har løfta økonomien

Mens inntekt frå mjølk er noko ned på grunn av auke i omsetningsavgift og låg etterbetaling for 2019, auka inntekta frå kjøtproduksjonen siste året. Dekningsbidraget i mjølkeproduksjonen i 2020 er under 2015-nivå.

Per Herikstad

Autorisert rekneskapsførar på Hå Rekneskasplag SA

Bruka som kjøpar inn stutkalv i tillegg til eigne stutar er dei som kjem ut med høgaste dekningsbidraget.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Rekneskapslaga på Jæren og Dalane (RJD) utarbeidar kvart år statistikk over dei største produksjonane som blir presentert i eige hefte, eller på nett (www.hgrl.no). Det er 474 gardsbruk med i statistikken, fordelt på åtte rekneskapslag. Mange bruk har fleire produksjonar. Kvar produksjon blir rekna ut med høgaste 30 prosent, middel og lågaste 30 prosent.

Fordeler med analyse

Vi på rekneskapslaga syns det er viktig at bonden får utarbeida ein enkel analyse på eige bruk. Då kan bonden sjå kor han tener pengar i dag og sjå kor han kan forbetre seg. Det er viktig å fordele inntekt og utgifter på rett produksjon på dei som driv fleire produksjonar, for eksempel ku og gris. Vi tek skatterekneskapet, justerer for driftsverdi på varelager og justerer avskriving til faste satsar (ikkje skattetilpassa). Vi legg inn litt ekstra opplysningar for å få fram alle tala. Å få utarbeida ein analyse tek ca. 1 time og er noko vi tek betalt for.

Bonden får eigne nøkkeltal på eiga drift, samanlikna med siste fire år. Han får også statistikk for førre år å samanlikne seg med. Han får i tillegg ein fin oversikt over faste kostnadar.

Tabell 1. Eksempel på nokre nøkkeltal bonden får utarbeida frå rekneskapskontoret i februar/mars over eiga drift. Her ein større mjølkeprodusent med oppfôring av all stut.

Tilskot

Statistikken er utan tilskot. Dette for å kunne samanlikne drifta, uavhengig av storleik på gardane. Tilskota vises på den enkelte bonde sine nøkkeltal. Dekningsbidrag (DB) på ku vises med og utan tilskot

Figur 1. Utvikling i dekningsbidrag (DB) i mjølkeproduksjon på Jæren og Dalane

Utvikling over tid

Vi har samanliknbare tal siste 15 år, og kan sjå ei utvikling over tid. Vi ser kva utfordring eit vått år 2017 utgjorde og eit tørt år 2018. Vi ser også kva korona, overproduksjon og marknadsbalanse betyr. Spesielt på gris, egg og kylling. Vi ser kva høg overproduksjonsavgift gjer på mjølkeprisen som i 2020 på grunn av utkjøp av mjølkekvoter. Etterbetaling frå Tine for 2019 kjem med i våre tal i 2020 når dei blir utbetalt. Etterbetalinga i 2020 var litt lågara enn åra før, sjå oppnådd mjølkepris.

Tabell 2: Utdrag av statistikk mjølkeproduksjon. Sjå hefte på nett på www.hgrl.no for meir tal og fleire produksjonar, for eksempel ammekyr, sau, gris, kylling egg.

MJØLKEPRODUKSJON, Påsett 80-120% 2020

2019

2018

2017

Nøkkeltal

Høgaste 30%

Alle

Lågaste 30%

Middel

Middel

Middel

Tal bruk

133

122

106

114

Db pr liter

5,14

4,23

3,30

4,15

3,97

4,83

Db pr årsku

36 735

31 676

25 775

30 911

29 201

33 817

Db pr. dekar grovfôr

4 364

3 971

3 493

3 618

3 634

4 203

Db m/tilskot pr dekar grovfôr

5 914

5 522

5 196

5 036

5 000

5 552

Oppnådd mjølke-pris pr liter

5,36

5,30

5,31

5,55

5,58

5,58

Oppnådd slakte-pris pr kg kjøt

54,71

53,35

51,28

50,56

51,73

53,26

Variabel grovfôrkostnad pr daa

388

416

464

433

396

330

Maskinkostnadar pr daa

1 317

1 460

1 763

1 434

1 356

1 300

Maskinkostnadar pr liter

1,43

1,39

1,40

1,58

1,36

1,41

Leveranse mjølk pr årsku

7 158

7 530

7 761

7 434

7 354

7 067

Påsettprosent

102 %

99 %

95 %

98 %

98 %

98 %

Kvoteoppfyllingsprosent

97 %

97 %

98 %

98 %

97 %

98 %

Korrigerte dekar pr "kueining"

6,1

5,9

5,6

6,2

6,0

6,1

Årskyr

41,4

43,0

41,7

40,5

43,3

40,5

Mjølkekvote

308 253

341 602

343 904

312 633

336 420

300 368

Dekningsbidrag pr ku

Høgaste 30%

Alle

Lågaste 30%

Middel

Middel

Middel

Mjølkeproduksjonen er delt i tre grupper

Vi deler mjølkeproduksjonen i tre grupper etter påsett. Påsett er kor stor andel kjøtproduksjon garden har. Under 80 prosent har eige oppdrett av kviger, men sel stutkalven som liten, gruppa mellom 80-120 prosent fôrar fram eigen stut i tillegg, gruppa over 120 prosent kjøpar inn stutkalv i tillegg

Variasjon i kvar gruppe

Det er stor variasjon frå beste 30 prosent til lågaste 30 prosent. Dette viser kor mykje bonden kan påverke eiga drift og økonomi. Den beste gruppa har fort mange hundre tusen meir i DB og resultat enn den lågaste. I gruppa 80 -120 prosent påsett oppnår høgaste 30 prosent eit DB på kr 5,14/liter, medan lågaste 30 prosent har DB på kr 3,30/liter. Differansen er på kr 1,84 pr. liter og med ein middel kvote som er i tala våre på 340 000 utgjer det kr 625 600, eller ei brukande løn til bonden.

Kven tener pengar

I tala våre ser vi trekk på kven som tener pengar. Vi har mange ulike gardsbruk med i statistikken, frå små til store, frå gamle fjos til heilt nye. Vi har fleire eksempel på nokså like gardsbruk, lik produksjon, liknande driftsbygning og same geografiske område (vêr, vind, klima og ytre ting er likt). Økonomien er heilt i kvar sin ende av skalaen i tabell 2. Dette gjeld også faste kostnadar og resultat på garden. Den eine har store renteutgifter og leverandørgjeld, medan den andre har kjempefin økonomi. Denne forskjellen har pågått over mange år og blir større for kvart år som går.

Vi ser ofte at dei kundane som ligg i beste del av statistikken, ligg der kvart år, og motsatt. Dei som ligg i nedre del av statistikken tener ikkje pengar, og vil etter kvart ofte få problem med finansieringa.

Dei som tener pengar har orden på sine papir og i drifta. Dei har ein evne til å være ajour til ei kvar tid med arbeidet inklusive papirarbeid. Dei gjer enkle reknestykke på ting i drifta, og har oversikt. Gjer ein alle deler i drifta ca. 70-80 prosent av optimalt vil ein tene gode pengar i landbruket. Å gjere ting 100 prosent krev for mykje tid, og vil ofte føre til at andre viktige ting blir nedprioritert.

Dekningsbidrag på mjølk og kvoteleige på Jæren

Dekningsbidraget på mjølk har endra seg lite siste åra. Likevel har vi sett ein kostnadsvekst på leigepris på mjølkekvote. Er fornuftig prisnivå passert?

I samband med den årlege statistikken som vi utarbeidar på Jæren og Dalane kvar år, har vi laga eit lite reknestykke. Statistikken finn de på heimesida til Hå Rekneskapslag www.hgrl.no .

Kostnad innandørsmekanisering

I år har Bjerkreim Rekneskapskontor rekna ut nøkkeltal på kostnad på innandørsmekanisering og delt på liter mjølk. Også her er det større variasjon på tala, og bruk med robot har nesten dobbelt så høge kostnadar pr. liter som dei med bås. Frå rett over ei krone til under 50 øre. Kanskje ikkje så unaturleg, når dette stort sett er nyare fjos som har større avskriving. I tabell 3 er middeltala presentert.

Kostnad leige

Leie av jord er rekna ut med 600 kr pr. dekar, 6 dekar pr. årsku og 7 500 liter levert pr. årsku. Det gir ein leigepris på jorda på 48 øre pr. liter. DB pr. liter mjølk og maskinkostnad pr. liter mjølk er henta frå statistikken. Her kan du finne eigne tal og setje inn i reknestykket i tabellen. Leie av mjølkekvote er sett til 1,20 kr. Her er stor variasjon i pris, og nokre ligg nok opp mot 1,60 – 1,70.

Tabell 3. Nøkkeltall leie jord og kvote, maskinkostnad og innendørsmekanisering.

Påsett

0-80%

80-120%

DB pr liter

3,44

4,23

Leie jord

0,48

0,48

Leie kvote

1,20

1,20

Sum leie

1,68

1,68

Maskinkostnad

1,25

1,39

Imek

0,65

0,87

Sum maskinkost

1,90

2,26

Rest

-0,14

0,29

Eigen kvote og jord

Mange eig mykje jord og kvote sjølv, som dei ikkje direkte betalar leige på. Likevel kan ein tenke at dei bør få lik leige på eiga jord og kvote som dei betalar til andre. Reknestykket viser at mange kunne tent minst like mykje med å leige vekk jord og kvote som å drive det sjølv.

Dette er gjennomsnittstal. Marginalt kan man meina at kostnadar til å produsere nokre liter på slutten er lågare. Det er litt rett i det, men mange leiger større del av produksjonen sin og då er det ikkje lengre marginalt. Kostnadane med drift av leigd jord er ofte høgare enn eiga, då ho ligg lengre vekke.

Resten skal dekke løna til bonden og innleigd hjelp. Vidare skal det dekke renter på kapital, kostnadar til sjølve bygget (vedlikehald, avskriving, forsikring), vedlikehald av jorda, og kostnadar til administrasjon. Det kjem i tillegg tilskot som ikkje er med i tabell 3.