Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd
Frå dyrlegens kvardag

Kvast

Med jamne mellomrom vert eg kontakta av bønder fordi ei ku har slutta å eta og mjølkemengda har gått ned. Slike kyr treng ofte tilsyn av dyrlege, og det kan vera fleire årsaker til problemet.


Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Slik var det også denne gongen, og eg reiste ut for å undersøkja ei ku som hadde slutta å eta. Ho hadde litt feber med temperatur på 39,5 grader celsius, gjekk med korte steg og krum rygg, og eg høyrde tydelege stønnelydar etter at ho hadde rapa når eg lytta på luftrøyret. Ho likte heller ikkje når eg tok «kvastgrepet» og klaup ho over fremre del av ryggen.

Kvast eller skarpt:

Med desse klassiske symptoma, følte eg meg ganske sikker på at kua hadde ete i seg noko som ligg og irriterer og gjer vondt i nett-magen. Eg la inn magnet og gav smertestillande medisin. I nokre tilfelle gir eg også antibiotika, men ikkje alltid.

Fleire farar

Dyrlegen legg ned magnet som skal hamna i nettmagen ved mistanke om kvast, og viss kua har ete ein magnetisk gjenstand, vil den bli trekt mot magneten. I dei fleste tilfella går dette bra, men ein kan vera så uheldig at kua stryk med viss ein skarp gjenstand har gjort stor skade.

Kvast er ein sjukdom som rammar storfe, og dei får kvast fordi dei et skarpe gjenstandar som kan irritera slimhinna i nettmagen, eller til og med gå gjennom slimhinna og inn i andre organ. Ofte kan det bli ein lokal reaksjon med bukhinnebetennelse. Viss gjenstanden har perforert andre nærliggjande organ som hjarte, lever eller lunger, kan det bli betennelsar her også. Det er også mange nervar i området nær nettmagen som mellom anna styrer kontraksjonane i formagane. Ved skade på desse nervane, kan dyret bli gradvis forstoppa fordi kontraksjonane som driv mageinnhaldet gjennom formagane vert forstyrra. Slike dyr har dårleg prognose, dei vert gradvis tynnare, er ofte fylte i buken og mjølkemengda går ned.

Storfe har stive lepar og liten moglegheit til å sortera fôr

Viser att i kjøtkontrollen

Av og til får ein merknader frå kjøtkontrollen om at slakta dyr har spor av gamle betennelsar i brysthinnene, lever eller hjarte, og desse anmerkningane kan stamma frå ein kvastdiagnose. Det er heller ikkje alltid ein merkar at kua har ete kvast, for viss det ikkje er så alvorleg, kan den skarpe gjenstanden løysna av seg sjølv og gå ut av fordøyelsessystemet, rusta sundt eller leggja seg på ein plass der den ikkje gir symptom. I motsett tilfelle, kan ein skarp gjenstand gjera så stor skade at kua stryk med eller må avlivast viss det til dømes har oppstått alvorleg betennelse i hjarte eller lever.

Sluker fôret

Storfe har stive lepar og liten moglegheit til å sortera fôr. Dei «sluker» i seg maten, og viss det er gjenstandar i fôret som ikkje bør vera der, er det fort at dyra får desse inn i fordøyelsessystemet. Viss desse gjenstandane er skarpe, slik som streng, spikar eller metallboksar, kan dei gjera stor skade på dyra.