Tema: Gjødsel

Urea frå fiskeolje­industrien som gjødsel i eng

NLR har gjennomført feltforsøk med «Urea Gjenbruk» blanda i blautgjødsel.

Tekst og foto
Olav Martin Synnes

Rådgiver NLR Vest

olav.martin.synnes@nlr.no

Tre år med feltforsøk på Godøya utanfor Ålesund, har gitt lovande resultat. Ved rett framgangsmåte kan «Urea Gjenbruk» gi gode avlingar og lågare gjødselkostnader.

Kan eit restprodukt frå fiskeoljeindustrien, med høgt innhald av urea, nyttast som gjødsel i eng? Tre år med forsøk og praktisk røynsle er lovande. Ein føresetnad er rett framgangsmåte. Urea som nitrogengjødsel har vore lite nytta i Noreg. Andre typar N-gjødsel, med nitrat-N og ammonium-N, er vanlege. I andre delar av verda er det omfattande bruk av urea.

Restprodukt i fiskeolje­produksjon

Urea blir i dag nytta i prosessen ved framstilling av fiskeoljar, til menneskemat. Restproduktet, Urea G (Urea Gjenbruk) – eit tørt pulver – inneheld tilnærma 70 prosent urea, 20–25 prosent oljar og 5 prosent etanol. Rein urea inneheld 46 prosent N (nitrogen). Det er nær 3,1 kg N i 10 kg Urea G. Produktet inneheld ikkje svovel eller andre plantenæringsstoff. Urea G har i mange år blitt frakta til Sverige og molda ned i kornåkrar. Tilbakemeldingane er gode. Kan Urea G også nyttast i nærområdet på Vestlandet, på overflata av eng? Nyare forsøk syner at verknaden kan vere god også ved overflatespreiing på eng, ved rett framgangsmåte.

Eldre forsøk med urea

Urea kan takast opp direkte i røter og blad. Ved kontakt med jord kan enzym frå bakteriar, urease, omforme urea til ammonium og nitrat. Desse sambindingane blir tekne opp i røter på same måte som N i kalksalpeter og kalkammonsalpeter. Det er små skilnader i verknad mellom urea og andre typar N-gjødsel, ved rask nedmolding i jord. Skilnaden er også normalt liten når ein spreier urea på jordoverflata om våren i kjøleg ver med nedbør. Derimot kan skilnaden bli større etter spreiing på våt overflate i varmt solrikt ver, med vind. Ein del urea vil under slike forhold bli omlaga til ammoniakk og tapast til luft.

Nye forsøk med Urea G blanda i blautgjødsel

I 2020–2021 vart to feltforsøk gjennomført på Vestlandet. Ulike mengder Urea G vart blanda i blaut storfegjødsel, og spreidd på eng tidleg om våren og etter første slått. Det vart spreidd 2,5 tonn/dekar blautgjødsel om våren og 1,5 tonn/dekar etter første slått. I begge forsøka gav låg og middels mengde Urea G bra avlingsauke. Tilsetting av ekstra svovel førte til auka avling. Tilsetting av ureasehemmar, «Agrotain», førte også til høgare avling. Ureasehemmar seinkar omlaging av urea til ammonium og nitrat. Risikoen for overgang til ammoniakk, med tap av N til luft, minkar.

I forsøket i 2022 vart det tilført både svovel og ureasehemmar på ledd med Urea G. Kiseritt, med 20 prosent S, vart nytta på dei fleste av ledda. På eitt ledd vart ein annan type svovelgjødsel nytta, «Wigor S», med 98 prosent S. Tilsetting av både svovel og ureasehemmar samsundes, betra utnyttinga av Urea G. Det var tendens til at «Wigor S» verka seinare enn sulfathaldig S-gjødsel, Kiseritt.

kan ein spare kostnader ved å byte ut vanleg mineralgjødsel med Urea G

Bland inn ureasehemmar

For best mogleg utnytting av N blir det tilrådd å blande 1 kg Agrotain ureasehemmar per tonn Urea G. Samstundes bør det tilførast nær 4 kg S per dekar totalt i sesongen, medrekna S i blautgjødsla. Tilførsel av ekstra S er særleg viktig i kaldt ver om våren. Når ein byter ut «vanleg» mineralgjødsel med Urea G, må ein også vurdere om det blir tilført nok kalium. Dette vil avhenge av mengde husdyrgjødsel spreidd på eng, og innhaldet av kalium i jorda.

Ved låg mengde Urea G vil bruk av Sulfan 24-0-0-6 gi tilstrekkeleg med S. Ved middels mengde Urea G må det nyttast svovelgjødsel i tillegg. Ved høge mengder Urea G blir det mindre plass til NS-gjødsel. Då må ekstra S tilførast, til dømes som konsentrerte og billege typar S-gjødsel.

Hugs kalium

På dei fleste bruk på Vestlandet vil innhaldet i husdyrgjødsla ikkje gi tilstrekkeleg med kalium til engvekstar. Om ein vanlegvis brukar fullgjødsel 25-2-6 i kombinasjon med blautgjødsel, vil det vere aktuelt å byte til ein meir kaliumrik gjødseltype i kombinasjon med Urea G, til dømes fullgjødsel 22-2-12 eller 18-3-15. Kaliumrike typar Fullgjødsel har høgare pris enn kaliumfattige. På bruk med små mengder blautgjødsel og lågt innhald av K i jorda, kan det vere aktuelt å nytte rein kaliumgjødsel som kaliumklorid, Kali 49, med 49 prosent K. Denne er granulert, og prisen er nær kr 20 per kg K .

Bruk låge eller moderate mengder første året

Vi tilrår at «nye brukarar» første året nyttar låge eller moderate mengder Urea G til eng, i kombinasjon med S-haldig mineralgjødsel og ureasehemmar. Dette vil gi større tryggleik for vellukka resultat, under ulike forhold. Det finst likevel røynde brukarar som i nokre år har bytt ut all mineralgjødsel med Urea.

Med noverande kunnskap tilrår vi at Urea G og ureasehemmar blir blanda i blautgjødsla få dagar før spreiing. Ved langtidslagring av Urea G i blautgjødsla, aukar risikoen for at bakteriar startar omlaging av urea. Det aukar sjansen for større tap av ammoniakk.

Når ein nyttar låge eller moderate mengder Urea G i tillegg til vanleg mineralgjødsel, er det enklare å variere gjødslingsstyrken mellom skifta. Skifte med høgt avlingspotensial bør gjødslast sterkare enn skifte med lågare potensial. Dette gjeld særleg tildelinga av nitrogen.

Kan spare kostnader

Med dei gjødselprisane ein har på marknaden no, kan ein spare kostnader ved å byte ut vanleg mineralgjødsel med Urea G. Urea G kostar kr 15 per kg N, medrekna ureasehemmar, og utrekningar tyder på at det er mest å spare på bruk der ein normalt nyttar blautgjødsel og NS-gjødsel. På bruk som må byte til mindre mengder av meir K-rike og dyrare gjødseltypar, blir det noko mindre å spare.

Jamn blanding av blautgjødsel, Urea G og ureasehemmar, og jamn spreiing, er viktig for god utnytting. Når ein skal prøve ut Urea G for første gong, kan det vere fornuftig å rådføre seg med ein røynd «gjødselplanleggar».

Meir info om Urea G: www.hogsteinagro.no

Bruk av Urea G i blaut storfegjødsel – døme

Døme på aktuelle mengder og kombinasjonar, under føresetnad av at blautgjødsla tilfører nok kalium, er visst nedanfor. Tal med raud farge syner kor mykje ekstra S som bør tilførast per dekar eng.

Låg mengde Urea G:

  • Vår 12 kg N/dekar: 2,5 tonn blautgjødsel + 10 kg Urea G/Agrotain + 27 kg Sulfan 24-0-0-6

  • Etter første slått, 8 kg N/dekar: 1,5 tonn blautgjødsel + 5 kg Urea G/Agrotain + 20 kg Sulfan 24-0-0-6

Middels mengde Urea G:

  • Vår 12 kg N/dekar: 2,5 tonn blautgjødsel + 20 kg Urea G /Agrotain + 14 kg Sulfan 24-0-0-6 + 1 kg S

  • Etter første slått, 8 kg N/dekar: 1,5 tonn blautgjødsel + 10 kg Urea G/Agrotain + 14 kg Sulfan 24-0-0-6

Høgare mengde Urea G:

  • Vår 12 kg N/dekar: 2,5 tonn blautgjødsel + 30 kg Urea G/Agrotain + 2 kg S

  • Etter første slått, 8 kg N/dekar: 1,5 tonn blautgjødsel + 18 kg Urea G/Agrotain + 1 kg S