Fôr/Fôring

Storfe i utmark

Hele 45 prosent av landarealet vårt er nyttbart beite. Storfe har større trakkeffekt enn sauen og et grovare planter. Derfor er viktig at storfe er til stades i utmarka skal vi greie å ta vare på dei frodigaste beita.

Tekst og foto:
Yngve Rekdal

Seniorrådgiver NIBIO Ås

yngve.rekdel@nibio.no

Dølafe høgt til fjells i Lordalen. Lesja.

Foto Michael Angeloff

Utmarksbeite kan spare mange rundballar og dyrka jord kan prioriterast til vinterfôr. Gratisfôret i utmark har vorte enda meir aktuelt siste året med den dramatiske auken som har vore for dei fleste innsatsfaktorar i landbruket. Men verdien av å ha dyr i utmarka kan ikkje målast berre i pengar. God dyrehelse, god dyrevelferd og eit bortimot økologisk sluttprodukt er òg viktig. Beitedyr etterlet seg òg to andre «produkt» – kulturlandskap og eit særeige biologisk mangfald.

Stabil tal storfe på utmarksbeite

Storfetalet i utmark har vore nokolunde stabilt dei siste tretti åra, men litt aukande siste åra. I alt 263 000 storfe fekk produksjonstilskot for meir enn fem veker på utmarksbeite i 2022. Før i tida var mjølkeproduksjon knytt til seterdrift viktigaste formålet med å ha storfe i utmark. Dette er det ikkje mykje av lenger, men sinkyr er det mange som sender i utmark saman med ungdyr og kviger før kalving. Auken i storfetalet i utmark no skuldast eit aukande tal ammekyr der stadig fleire ser at utmark er eit godt fôralternativ for kjøtproduksjon.

Det ligg føre lite produksjonsundersøkingar frå ammekyr på utmarksbeite. Frå skogsbeite av middels kvalitet i Stange fann Morten Tofastrud ved Høgskolen Innlandet tilvekstar kring 900 gram per dag på vårfødt kalv. Det er mest like bra som på innmark. Resultata viser stor variasjon mellom dyr. Dette kan tyde på at det ved avl kan gjerast mykje for å få til ei god utmarksku. Også for mjølkeproduksjon kan utmarksbeite vera bra, men da må ein ha mark av beste kvalitet, til dømes rike bjørkeskogslier.

Ammekyr på skogsbeite i Ringsaker. Storfe i produksjonsskog kan føre til skogskadar, men mange avbøtande tiltak kan settast inn.

Foto: Yngve Rekdal

Beiting høgt til fjells i Lordalen, Lesja.

Foto Michael Angeloff.

Beitekvalitet

I utmarka er det som i fjøs og på innmark – kvaliteten på fôret dyra har tilgang til er svært viktig for kva produksjonsresultat ein kan vente. Beitekvaliteten til eit utmarksareal er avhengig av kor mykje beiteplanter som blir produsert og næringsverdien i desse. Det er i første rekkje ulike grasartar og noko urter som er beiteplanter. Ei grov forståing av kvaliteten på utmarksbeite kan gjevast ved ei deling i tre marktypar etter kor mykje næring og vatn det er i jordsmonnet. Kvar marktype har ulik beiteverdi etter ein tredelt skala; mindre godt, godt og svært godt beite.

Kultivering

Beitekvaliteten i utmarka er ikkje berre naturgjeve. Beiting og slått påverkar konkurranseforholdet mellom plantene. Artar som toler å bli beita ned fleire gonger i vekstsesongen kjem best ut. Dette gjeld i hovudsak gras som har vekstpunktet så lågt at dette ikkje blir skadd ved beiting. Lyng, lav, høge urter og bregnar tapar i konkurransen, først og fremst av di dei ikkje toler trakk som følgjer med beitinga. Område som gjennom lengre tid har vore beita eller slege vil få grasrik, eng-liknande vegetasjon på god mark.

I det meste av norsk utmark er beitetrykket no for lågt. Busk-vegetasjon og tresetting blir tettare, og planteproduksjonen i undervegetasjonen blir redusert når lys og varme ikkje slepp ned. På den beste marka kjem høgvaksne bregnar og urter som tyrihjelm, inn og skuggar ut graset. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal og kulturlandskap forsvinn saman med det beiteskapte biologiske mangfaldet. Utmarka må brukast og skjøttast skal desse kvalitetane takast vare på.

Storfe har betre kultiveringseffekt enn sauen da storfe har større trakkeffekt og et grovare planter. Det er derfor viktig at storfe er til stades i utmarka skal vi greie å ta vare på dei frodigaste beita. Best utnytting samla av utmarksbeite får ein òg dersom fleire dyreslag er til stades da desse har litt ulikt planteval og brukar terrenget ulikt.

Sleppetid

Sleppetid er viktig for å få mest mogleg ut av utmarksbeitet. Det er i nygroen ein finn mest næring, ikkje minst gjeld det proteininnhaldet som går nedover raskt etter at graset har kome i blomstring. Eg ser veldig ofte at storfe blir sleppt for seint i utmark og går glipp av beste beitetida. Ei god avbeiting tidleg gjer òg at beitet held betre på næringsverdien utover i sesongen da det blir nygroe i beitet. Tidleg slepp kultiverer også vegetasjonen mykje betre da høge urter og bregnar blir hemma i vokster, og meir lauv blir ete. Med ny teknologi, Nofence, ser det no ut til at beitebruk i utmark kan styrast meir slik at ein kan få til meir teigvis beiting. Dette vil kunne gje både betre utnytting og kultivering av beitet.

Der beitetrykket er for lågt i den rike engbjørkeskogen kjem giftig tyrihjelm inn og blir mest einerådande.

Foto: Yngve Rekdal

Stor beiteressurs

At beiteressursen er stor i utmark er dokumentert i ein rapport frå NIBIO; «Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk». For heile landet er 137 millionar dekar eller 45 prosent av landarealet nyttbart beite – nyttbart i den meining at det er areal der det kan haustast planter som gjev tilvekst hos beitedyr. Her er ressursen berekna for det som kan haustast av storfe og sau samla. Kor mykje som berre kan haustast av storfe er vanskeleg å berekne. Høgt i fjellet vil det vera mest å hente for sau da det her er lågtproduserande areal som gjev for lite fôr til storfe. Bratt lende og uvegsame område vil òg bli betre nytta av sauen. I lågare delar av utmarka vil ressursen vera større for storfe, da dei nyttar myr og anna forsumpa areal i langt større grad enn sau.

Ut frå ressursen kan det sleppast tre gonger så mykje husdyr i norsk utmark – men kan vi få til auka bruk av utmark så lenge marknaden er avgrensa? Da må vi i alle fall eta meir av det som kjem frå utmark. Kjøtforbruket treng ikkje å bli større, men det må endrast frå mjøldyr fôra på tilkøyrde ressursar til grasdyr som nyttar lokale ressursar.

Ved god kultivering kan engbjørkeskogen bli dei finaste storfebeite som her i ei bjørkeli i Vingelen, Tolga.

Foto: Yngve Rekdal

Kastrater kan auke bruken av utmark

Den mest nærliggjande tiltaket for auka bruk av utmarksbeite er kastrering av oksekalvar som kan gå to beitesesongar i utmark før slakt. Margit Fausko har skrive masteroppgåve om dette og funne at årleg blir kring 150 000 oksar slakta i Noreg. Den vanlege produksjonsforma for oksar er intensiv framfôring innandørs med ein kraftfôrdel på gjennomsnittleg 39 prosent. Etter Hanndyrlova kan ikkje oksar eldre enn seks månader gå fritt på beiteområde der dei kan koma saman med andre sine kyr. Kastratar er sett på som gode beitedyr, ikkje minst er dei kjend for å ha betre og meir stabil kjøtkvalitet enn oksane. Andre beiterike land, som New Zealand, USA og Argentina, har kastrat-produksjon som norm for kjøt-produksjon frå hankjønna storfe.

Kontakt forfattar for referansar.

1. Lav- og lyngrik mark

er den fattigaste marka. Her dominerer nøysame lyngartar som røsslyng, krekling, tyttebær og blokkebær – i innlandet kan det også vera høgt lavinnslag. Slike areal går i klassen mindre godt beite og har så lite beiteplanter at dei ikkje har noko verdi som beite for husdyr. Slik mark utgjer om lag 30 prosent av arealet av utmarksbeitet samla for heile landet.

2. Blåbærmark

inntek den middels rike marka. Her dominerer blåbær og den viktige smalblada grasarten smyle. Blåbærmark set vi som godt beite og er den marktypen det er mest av i utmarka med kring 33 prosent av utmarksbeitearealet.

3. Gras- og urterik mark

finn vi på den rikaste marka. Her dominerer breiblada gras, urter og bregnar. Dette er svært godt beite og marktypen utgjer 11 prosent av utmarksbeitearealet.