Tema: Gras

Betre økonomi med fleire surfôrkvaliteter

Differensiering av surfôrkvaliteten er ein strategi med fleire fordelar.

Jon Geirmund Lied

Rådgiver i Landbruk Nordvest

jon.geirmund.lied@nlr.no

Oddbjørn Kval-Engstad

Rådgiver i Norsk Landbruksrådgiving Innlandet

oke@nlr.no

Satsing på surfôr av ulik kvalitet gjev fleire onnedagar og kan óg gjere det lettare å få tak i leigekøyrar.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Fjøsløysing og tekniske mulegheiter for sortering og blanding av fôr avgjer ofte om det er interessant å produsere fleire surfôrkvalitetar. Typisk er nokre fjøs innretta slik at det er vanskeleg eller arbeidssamt å gje dyr i ulik produksjonsfase ulik grovfôrkvalitet. I mindre buskapar vert det óg relativt mykje arbeid å skilje på grovfôr, men enklare å skilje på tilskotsfôr eller kraftfôr.

Differensiering kan gi lengre onneperiode

I onnesesong set oftare maskin- og personkapasitet grenser for kva vi får til av jamn eller skiftande grovfôrkvalitet. Differensiering kan lette presset på kapasiteten ved at vi får lengre onneperiode med fleire gode slåttedagar. Det er lurt å benytte andre sin kapasitet, anten entreprenør eller nabo, på areal lengst unna som gir deg sjølv låg haustekapasitet.

Beite

Beite er oftast det rimelegaste fôret, sjølv om dårleg beitedrift og dårleg tilpassing av innefôring kan gje høg pris på fôrseddelen. God drift og rett val av areal til beite kan gje både god beitepris og effektiv drift med god pris på slåttefôret. Areal med litt vanskeleg arrondering kan høve godt som beite til dei dyra som ikkje skal inn til mjølking fleire gonger om dagen. Attåt låg haustekostnad betyr lengre beitetid óg mindre husdyrgjødsel som må ut med maskinar.

Fortørking

Transport av fôr og husdyrgjødsel kostar både penger og tid, og leier (for) ofte til investering i større og tyngre maskinar. Fortørking er eit særs godt tiltak, for så vel transportbehov som haustekapasitet og grovfôrpris. Men der er grenser, både for fôropptak og for pakking i silo og rundballar. Til utvalde og begrensa fôrparti kan det likevel vere aktuelt å gå ut over dei vanlege grensene, særskilt for fôr der høgt grovfôropptak ikkje er noko mål. Vi snakker om fortørking til 50 prosent tørrstoff eller meir, og ensilering i rundballar. Dette er typisk strukturfôr og sinkufôr, hausta relativt seint og på ei tid der du har tid til å legge til rette for effektiv rundballepressing med å rake til fine, rette strenger.

Husdyrgjødsel

Mange har allereie kutta spreiing av husdyrgjødsel på fjerntliggande areal, og i alle fall mellom slåttane då det lett blir for få gode dagar til køyring på jordet utan sundkøyring. Om ikkje jorda ligg på godt jordsmonn vert ofte næringsreservane låge på slike areal, særleg om enga ligg mange år. Her kan ein finne fôr med låg KAD (sinkufôr).

Fornyingstakt

Areal som tåler mykje trakk, har god arrondering (helling og fasong) og kan snuast ofte bør veljast til intensiv drift med beite eller mange slåttar. Er det litt trakksvakt, men ellers godt eigna for intensiv drift, kan du prøve å auke omløpstida med vedlikehaldssåing av kløver og høgtytande grasartar, som óg er viktig for den høge kvaliteten du er ute etter. Med rundballar kan du i alle fall fordele arbeidet med heimkøyring, så avstand er ikkje alltid viktigaste faktor.

Areal for meir varig eng

Areal som har dårlegare arrondering og er vanskeleg eller dyrt å fornye (til dømes mykje steinarbeid) vil vi gjerne ha meir varig eng eller beite på. Då kan du så meir varige grasartar, som bladfaks til slått eller engrapp til beite. Seinare slått gjer at plantene varer lengre, så her kan du hauste vedlikehaldsfôr eller fôr til moderat yting om du kan skilje på det. Eit slik fôr kan óg vera fint til å balansere «krutfôr» i ein fôrblandar, både om det er strukturlaust eller i blautaste laget. Med litt dårleg fasong på jordet har du att mykje for å legge til rette med rive for effektiv rundballepressing.

Variasjon i plassering

Med tanke på tilpassing av kapasitet er det ingen ulempe med areal i ulike høgdelag eller både solside og bakside. Er du «heldig» med véret kan du berge jamn og/eller ønska kvalitet med mindre mas enn naboen som har alt likt og skal ha éin timoteisort overalt… Er du anten tidleg ute eller seint ute er det óg ofte lettare å få tak i leigekøyrar enn midt i slåtten. Noko å tenke på neste gong du treng meir areal?