Tema: Gras

Heilgrøde – joker eller svarteper?

Dette var tittelen på sluttseminaret for prosjektet «Heilgrøde som fôr til mjølkekyr» som blei arrangert som ein del av Grovfôrkonferansen 2018 i Stjørdal. Resultata frå prosjektet så vel som frå internasjonal forsking viser som så ofte elles: Verdi og bruksområde av varen er avhengig av vêr, dei valga bonden gjer og kva dyra elles treng.

Astrid Johansen

Forsker i Nibio

astrid.johansen@nibio.no

Når kornet blir sådd som dekkvekst kan det bli eit betydeleg innslag av gras med i avlinga. Likevel er det muleg å oppnå over 20 % stivelse i den ferdige ensilasjen ved hausting i siste del av deigmodningsstadiet.

Foto: Astrid Johansen

I Buskap nummer 3/2017 blei det presentert resultat frå dyrkingsforsøk på Kvithamar i Stjørdal som viste at stivelsesinnhaldet i heilgrøde aukar mykje frå tidleg til sein deigmodning. Samtidig er det lite avling å hente med å dryge haustinga utover i deigmodningsstadiet.

Relativt vidt haustevindu

I dei to forsøksåra på Kvithamar var fordøyelegheita høgast ved medium deigmodning, men forskjellane mellom sein og tidleg hausting var mindre enn venta. Konklusjonen var at haustevinduet for heilgrøde er relativt vidt, men ved å hauste midt i deigmodningsstadiet (Zadoks 85; innhaldet i kornet byrjer å bli fast og er ikkje så lett å presse ut, og eit neglemerke vil bli ståande) vil ein få både høgt stivelsesinnhald (20-30 prosent), brukbar fordøyelegheit (74 - 84 prosent) og samtidig ein del NDF (35-45 prosent).

Dei som vel å dyrke heilgrøde legg gjerne også vekt på at dei får store avlingar i attleggsåret når grøda vert sådd som dekkvekst. Ettersom kveite har eit opnare bestand enn bygg, kan kveite gi betre vilkår for etablering av gras og kløver i attlegget, men på grunn av seinare hausting kan ein også få den motsette effekten med lågare avling i første engår etter kveite enn etter bygg.

Når heilgrøde skal pressast i rundball bør ein unngå både fortørking, bruk av crimper og kutteaggregat på pressa for å unngå store drysstap.

Foto: Astrid Johansen

Aksandelen seier mykje om stivelsesinnhaldet

Det er vanskeleg å bruke Zadoks-skala til å spå om stivelsesinnhaldet. Derimot vil ein ved å ta ut ei representativ avlingsprøve og separere aks og halm, tørke og deretter vege fraksjonane slik at aksandelen kan reknast ut, få ein svært god peikepinn på stivelsesinnhaldet. Figur 1 viser at dersom aksandelen i eit reinbestand med korn er mindre enn 40 prosent av tørrstoffavlinga, er stivelsesinnhaldet sannsynlegvis under 15 prosent. For å få 20 prosent stivelse eller meir, må aksa utgjere minst 50 prosent av tørrstoffavlinga. Dette gjeld korn i reinbestand hausta ved sju cm stubbehøgde. Ved ei høgare stubbehøgd, vil aksandelen og dermed stivelsesandelen automatisk utgjere ein større del av avlinga. Dersom det er gras og/eller belgvekstar med i avlinga, blir stivelsesinnhaldet i totalavlinga lågare. Det er likevel verdt å nemne at det i eit feltforsøk i Trøndelag blei produsert ensilasje av kveiteheilgrøde med meir enn 20 prosent stivelse, sjølv om det var 25 prosent gras i avlinga. Haustetidspunktet i det omtalte forsøket var sein deigmodning, det vil seie når gulninga av planta var godt i gang.

Figur 1. Samanheng mellom aksandel og stivelesinnhald i heilgrøde av bygg og kveite i reinbestand med 7 cm stubbehøgde. Resultat frå to års forsøk med hausting på fem ulike utviklingstrinn frå tidleg mjølkemodning til sein deigmodning.

Registrering av drysstap frå pressa blei gjennomført ved å stripse fast ein presenning under pickup-eininga.

Foto: Astrid Johansen

Hausting og konservering

Både forskning og erfaringar tilsei at ein under slått og hausting bør handtere og prosessere heilgrøde så lite som råd for å unngå drysstap, men også for å unngå nedbryting og tap av stivelse under sjølve konserveringa. Ved hausting av heilgrøde i deigmodningsstadiet bør ein såleis verken fortørke, bruke stengelknekkingsutstyr eller breispreiingsutstyr. Betydninga av skånsam handtering blir viktigare dess seinare ein haustar. I forsøket omtalt over blei det registrert opp mot åtte gonger høgare drysstap når ein køyrde ei bandpresse med kutteaggregat, enn utan under pressing av kveiteheilgrøde hausta ved sein deigmodning. Det har ikkje vore muleg å påvise at kutting har sikker effekt verken på kor godt ein får pakka slikt materiale eller på kvaliteten av ferdigkonservert grøde. Ettersom kraftbehovet er større når ein køyrer pressa med kutteaggregat enn utan, og dei fleste som bruker heilgrøde har fullfôrblandar, vert derfor rådet å køyre pressa utan kutteaggregat.

Den tradisjonelle rundballepressa dug – som regel

I eit feltforsøk i Orkdal blei det produsert rundballar både med ei tradisjonell bandpresse) og med ein Orkel 850 MC Compactor. På grunnlag av vektregistreringar, måling og utrekning av volum blei densiteten (tettheit=vekt/volum) berekna. Compactoren laga ballar med nesten dobbelt så stor densitet som bandpressa.

Det har ofte vorte hevda at ein må ha spesialutstyr for å kunne sikre god kvalitet på heilgrødeensilasje. Prosjektet vårt har vist at ein kan oppnå like god kvalitet på ensilasje av kornheilgrøde med ei tradisjonell rundballepresse som med ei såkalla kompaktpresse. Dette trass i at rundballane frå kompaktpressene blir vesentleg hardare pakka enn det ein kan oppnå med ei vanleg presse. Andre typar spesialutstyr som til dømes sjølvgåande finsnittarar med skjærebord og såkalla «mais-cracker» som knuser kornet, har ikkje vore systematisk utprøvd i Norge. Vi fann i vårt prosjekt at knusing av kornet før konservering kan ha ein uønska effekt ved at stivelsen i kornet blir eksponert og brote ned i den meir eller mindre surgjorte ensilasjen. I ein seinare artikkel i Buskap vil det bli gjort greie forsøk som viser at knusing heller ikkje er nødvendig for at dyra skal fordøye stivelsen frå heilgrøde hausta i deigmodningsstadiet.

Under andre omstende enn det vi hadde i våre forsøk, til dømes når grøda blir hausta på fullmodningsstadiet og/eller med innslag av langt utvikla belgvekstar, kan drysstapa bli betydelege og næringsverdien forringa med ei vanleg rundballepresse. Spesialutstyr kan da være ei meir aktuell løysing, slik det også kan være når det er snakk om å hauste store areal, eller ein allereie har den aktuelle haustelinja på plass og bruker den også til andre føremål.

Tabell. Heilgrøde – joker eller svarteper

Avling

Som dekkvekst gir heilgrøda store avlingar i gjenleggsår av engomløp.

Dårlege kornår kjem frå tid til anna og er også dårlege heilgrødeår.

Verknad på gjenlegget som dekkvekst

Kornet hemmar ugraset, men slepper samtidig godt med lys ned til små gras- og kløverplanter.

Sein hausting og legde i kornet gir for lite lys og livsrom for små gras- og kløverplanter.

Fôrverdi når hausta tidleg

Sikrar nok og godt nok grovfôr i rasjonen når det er knapt med grassurfôr

Gir ikkje stivelse nok til å spare kraftfôr

Fôrverdi når hausta seint

Sikrar fiberforsyning og god vomfunksjon, samt reduserer kraftfôrbehovet til høgtytande kyr som elles får svært tidleg hausta grassurfôr.

Gir fiber det ikkje er behov for til høgtytande kyr som elles får grassurfôr av middels kvalitet og treng mykje kraftfôr

Prosjektet «Heilgrøde som fôr til mjølkekyr»

er finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri, Felleskjøpet Fôrutvikling, Fylkesmennene i Trøndelag og Møre- og Romsdal, samt Tine. Felleskjøpet Agri, Orkel og Meland-Skjenald Samdrift i Orkdal stilte maskiner og utstyr til disposisjon i samband med gjennomføringa av det omtalte feltforsøket.