Tema: Gras

Lite kløver i enga – kan det vera kløvertrøtthet?

Kløvertrøtthet er ein av fleire årsakar til at kløveren blir borte i enga.

Geir Paulsen

Avdelingssjef såvarer Felleskjøpet Rogaland Agder

geir.paulsen@fkra.no

Kløver er særleg viktig for nitrogenforsyning i økologisk landbruk, og her kan redusert nitrogenforsyning på grunn av kløvertrøtthet ikkje erstattast med mineralgjødel.

Foto:Rasmus Lang-Ree

Enkelte opplever at kløveren fort blir borte i enga etter at dei har sådd ei engfrøblanding. I Danmark har det lenge vore fokus på kløvertrøtthet, og ein spør seg om dette er årsaka til at kløveren blir borte også her i landet.

Vi skal sjå nærmare på dette fenomenet, men eg tru vi kan slå fast at i dei aller fleste tilfelle er det andre grunnar enn kløvertrøtthet til at kløveren blir borte i enga, og dei viktigaste er:

Nitrogenforsyning: Dersom du er litt for hard på labben med nitrogengjødslinga vil dette favorisera grasartane. Dermed vil kløveren tapa i konkurransen, og det blir det lite kløver att i enga.

Sprøyting: Feil val av middel til ugrassprøytinga er ein hyppig årsak til at kløveren forsvinn. Sjå på etiketten om middelet er godkjent i kløvergjenlegg.

Kalktilstand: Store grasareal i Norge har for låg pH i jorda. På slik jord vil graset overleva, men kløveren har større krav til pH og vil bli borte etter kvart.

Kva er kløvertrøtthet?

Ved kløvertrøtthet vil kløveren spire fint etter såing, men så forsvinn kløverplantene litt etter litt utover sommaren. Og dei plantene som overlever er små og puslete. Kva dette skuldast er det ennå ikkje heilt kjent. Det ser ut for at særleg nematodar i jorda, og til ein viss grad råtesoppar, er viktige årsaker. Det startar gjerne med nematodeangrep som lager hol og sår på røtene, og dermed svekker planta. Dette skaper i neste omgang inngang for soppangrep, og store skader på rotsystemet blir resultatet. Pr. i dag veit vi for lite om korleis dette samspelet verkar.

Omfanget av kløvertrøtthet er i Norge er heller ikkje godt nok kartlagt. Norsøk har kartlagt nematodar på nokre økologiske gardar i Midt-Norge. Her vart det påvist mange ulike nematodar, utan at ein fann klare samanhengar mellom antall, arter og skade på kløver. Det er usikkert kor avgjerande antallet av skadegjerande nematodar er. Andre faktorar, som for eksempel nedbrytingsprodukt frå tidlegare nedpløygd kløvereng, ser også ut for å spele ein rolle.

Problem først og fremst i økologisk drift

Kløver og andre belgvekster er særleg viktig for nitrogenforsyning i økologisk landbruk. Dessutan er det ikkje råd å erstatte redusert nitrogenforsyning på grunn av kløvertrøtthet med mineralgjødel, slik som i konvensjonelt landbruk. Det er difor naturleg å tenkje at i Norge er det særleg på økologiske gardar at problemet kan få økonomisk betyding. I Danmark har dei strengare regulering for bruk av nitrogen også i konvensjonelt landbruket, difor har kløverdyrking større økonomisk betyding der.

Vekstskifte er bra

Nematodar og sopp er jordbuande organismar som vil kunne oppformeirast dersom forholda ligg til rette for det. Med einsidig kløvereng vil difor bestanden auke etter som åra går. Vekstskifte er eit viktig botemiddel for å redusera problemet. Eit eller to år utan kløverdyrking på arealet har gitt gode resultat i Danmark. I einsidig engdyrking kan eit år eller to med grønfôr, for eksempel eittårig raigras, vera ein god måte å få til vekstskifte utan avlingstap.

Reparere skade med vedlikehaldssåing

Kløver kan bli utsett for sopp også i engåra. Vi kjenner jo til at særleg rødkløver blir borte med åra. Kvitkløver har vegetativ formeiring med utløparar, og vil kunne bli i enga mykje lengre. Både forsøk og praksis har vist at vedlikehaldsåing med kløverfrø direkte i enga i mange tilfelle har vore vellukka.

Kjelder kan fås ved henvending til forfattar.