Fôring

Feittbetalinga i mjølk aukar

Frå 1. mai aukar Tine betalinga for innhald av feitt i mjølka frå 5 til 7 øre/liter. Dette er eit signal om behov for meir feitt til industrien.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

Feittmengda kan aukast enten gjennom mjølkevolum eller gjennom feittprosenten. Alle bør ha fokus på å fylle kvota best mogleg. Det vil alltid løne seg! Det er kanskje vanskelegare å auke feittprosenten, men truleg har mange eit potensial i å auke grovfôrandelen til kyrne. Det kan gi ekstra kroner i lomma.

Mindre handlingsrom på kraftfôret?

Kravet om å bruke mest mogleg norsk korn i kraftfôret har ført til reduserte importkvoter på karbohydrat-råvarer som mais og betefiber. Det kan føre til større vom-belastning på høge kraftfôrmengder, og negativ effekt på feittprosenten. Betefiber er ei av dei råvarene som har direkte positiv verknad på feittprosenten, og det verkar også gunstig på vomma. I tillegg er det satt maksimumsgrenser for innhald av palmebasert feitt, som kanskje er den råvara i kraftfôret som er mest brukt for å auke feittprosenten i mjølka. Vi forventar at andelen palmebasert feitt skal ytterlegare ned og fjernast heilt etterkvart. Tine kjem også til å innføre betalingssystem for å redusere innhaldet av metta feittsyrer og auke innhald av umetta feittsyrer i mjølka i nær framtid, og det forventar vi vil påverke val av feittkjelde i kraftfôret mot meir raps. Meir umetta feittkjelder har ofte negativ effekt på feittprosenten. Disse forholda vil gjere at moglegheitene for å auke feittprosenten gjennom val av kraftfôr kan vere avgrensa framover. Men ja takk, vi vil både ha høgare feittprosent og meir umetta feitt i mjølka sjølv om dette går i noko motstridande retning fôringsmessig.

Ta grep om grovfôret

Godt grovfôropptak er nøkkelen for å lykkast i mjølkeproduksjonen. Høgast mogleg opptak av grovfôr vil nesten alltid løne seg. Det vil gi friske kyr med god vomfunksjon. Med høgt grovfôropptak så sparer ein kraftfôrmengder, og under føresetnad av at grovfôret ikkje er for dyrt å produsere vil det løne seg økonomisk. Grovfôret er den enkeltfaktoren som har størst effekt på feittprosenten fordi det inneheld mykje fiber (NDF) som gir eddiksyre og smørsyre i vomma, og disse bygger opp mjølkefeittet i juret. Det er derfor tre forhold ein bør ha fokus på no i inngangen til ny fôrsesong: 1. Avlingsmengde, 2. Energiverdi (tidlegare slått) og 3. God gjæringskvalitet, og ta vare på sukker.

Avlingsmengde

Ei vanleg utfordring er avgrensa areal og for lite grovfôr. Dette gjer at mange ikkje tør å ta sjansen på tidlegare slått fordi dei er redd for lågare avlingsmengde. Små teigar og mykje køyring er også vanleg. Då er det endå viktigare å prøve å gjere noko med avlingsmengdene. Kvifor ikkje legge meir vekt på høg avling og god kvalitet på grovfôr på jorda nærast garden, så kunne ein kanskje spart seg ein del av arbeidet med jorda lengst unna? For dei fleste er det fullt mogleg å auke avlingane. Dette er produsentane i «Grovfôrkampen» gode døme på, med avlingsmengder skyhøgt over dei fleste andre. Produsentane var heller ikkje lokalisert i område med dei beste vèrforholda, men godt spreidd utover landet. Dette burde gi inspirasjon og noko å strekke seg etter. Det er gode råd å få frå rådgjevarane både i Tine og NLR og gjennom prosjektet «Grovfôr 2020».

Tiltak for høgare feittprosent

Avling: Grovfôropptaket endå viktigare med mindre handlingsrom på kraftfôret.

Energiverdi: Tidlegare slått? Grovfôret bør komme opp i 6.2-6.3 MJ NEL20 per kg tørrstoff.

Gjæringskvalitet og sukker: Auka sukkerinnhald aukar feittprosenten. Fortørk til 30 – 35 prosent for å få ei restriktiv gjæring.

Energiverdi – tidlegare slått

Det er vanskelegare å få i kyrne nok energi enn nok protein, og difor er det energiverdien dei fleste bør legge vekt på i grovfôret. Fordøyelegheita av fôret og dermed energiverdien (NEL20) aukar ved tidlegare slått. Høgare energiverdi gir moglegheit til å auke produksjonen per dyr ved same kraftfôrmengde eller behalde produksjonsnivået og spare kraftfôr per dyr. Mjølkekyr bør ha over 6.0 MJ NEL20 per kg tørrstoff, men helst bør det opp i 6.2-6.3 MJ NEL20 per kg tørrstoff for at det skal vere eit godt fôr til mjølkekyr.

Figur 1 viser gjennomsnittleg energiverdi for 1. og 2. slått på landsbasis over år. Dei siste 10 åra har ikkje energiverdien i grassurfôret blitt betre, heller tvert imot. Med gjennomsnitt under og rundt 6 MJ per kg tørrstoff blir det tøft for ei ku som skal mjølke godt. Variasjonen i energiverdi mellom produsentar er sjølvsagt stor, også i område med dårlege hausteforhold. Når det er sagt så er det mogleg fleire produserar fôr til mjølkekyr og sinkyr separat med bevisst redusert energiverdi til sinkyr, så det kan ha påverka resultata noko. Likevel er potensialet for å forbetre energiverdien heilt klart stor. Tidlegare slått gir mindre struktur (NDF), og då må ein vere meir forsiktig med høge kraftfôrmengder. Målet bør vere at ein slår så tidleg at det gir tilstrekkeleg NDF for at vomma skal fungere godt, men ikkje meir. Passe NDF innhald er 480 til 520 gram per kg tørrstoff. Det er også viktig at kyrne har tilgang til fôret heile døgnet, og at ein tør å halde igjen på kraftfôrmengdene etter kalving. Høge kraftfôrmengder reduserer opptaket av grovfôr.

Figur 1. Gjennomsnittleg energiverdi (MJ NEL20/kg tørrstoff) i 1. og 2. slått frå 2008 til 2017.

Gjæringskvalitet og sukker

Mykje syrer og ammoniakk etter ei intensiv gjæring reduserer opptak av surfôret. Fortørking av graset vil redusere gjæringa i surfôret og auke innhaldet av sukker. Sukker har direkte effekt på feittsyntesen i juret, og ein auke i sukkerinnhaldet frå 50 til 100 gram per kg tørrstoff vil kunne auke feittprosenten med 0,15 prosenteiningar. I tillegg gir sukker god smakelegheit og aukar dermed fôropptaket. Det er difor viktig å ha ei restriktiv gjæring og ta vare på sukkeret i graset. Det gjer ein ved å fortørke til 30-35 prosent dersom vèret tillet det. Ved lange transportavstandar er det ekstra viktig med fortørking for å redusere transport av vatn. Høgare tørrstoff enn 30-35 prosent kan gi vanskelegare pakkeforhold og aukar faren for redusert hygienisk kvalitet (gjærsopp og mugg). Bruk av ensileringsmiddel i riktig dosering er ei billeg forsikring, og bør vere sjølvsagt spesielt når tørrstoffet er lågt.

Figur 2 viser oppnådd energiverdi og sukker ved bruk av ulike typar ensileringsmiddel i rundballar i 2017. Kva type middel ein skal bruke er alltid ein diskusjon, men vi ser i alle fall at rundballane som ikkje er tilsett ensileringsmiddel både har lågare energiverdi og lågare innhald av sukker. Her kjem det også godt fram at fortørking verkar positivt på sukker uavhengig av kva ensileringsmiddel ein brukar. Så er det også slik med sukker som med det meste anna; for mykje er heller ikkje bra og kan gi utfordringar i vomma.

Figur 2. Gjennomsnittleg energiverdi (MJ NEL20/kg tørrstoff) og innhald av sukker (g/kg tørrstoff) ved bruk av ulike typer ensileringsmiddel i rundballer i 2017.