Tema: Gras

Graset veks godt på norsk naturgrunnlag

Det meste av norsk jord, vêr og plantemateriale ligg i europeisk førstedivisjon for avlingspotensial for gras. Avlingsstatistikken seier at vi tar ut godt under halvparten av dette potensialet, og det er grunn til å spørre kvifor.

Anne Kjersti Bakken

Forskar i Nibio

anne.kjersti.bakken@nibio.no

Håvard Steinshamn

Forskar i Nibio

havard.steinshamn@nibio.no

Vi har betre føresetnader for grasdyrking i Norge enn mange trur, men for mange er det langt fram før ein haustar avlingar i nærleiken av potensialet.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Vi har lite dyrkajord i Norge, men kvaliteten er det lite å utsetje på. Nibio har nyleg publisert ein rapport (https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/2484038) der dei klassifiserer 54 prosent i kategorien svært god jordkvalitet, medan 37 prosent er av god jordkvalitet (Figur 1).

Figur 1. Kvaliteten på dyrkajorda i Norge. NIBIO-rapport 2018.

Sjølv om jordsmonnet er godt, kan drifta bli begrensa av høgt innhald av grus og stein, bratt helling, øyer av blottlagt fjell og andre faktorar som gjer maskinbruk vanskeleg. Om ein føreset at jord som frå naturen si side er dårleg drenert, blir godt grøfta, er det berre ni prosent av totalen som ligg i klassen med store driftstekniske begrensninger.

Det meste av norsk jord er også tørkesterk. Det er berre rundt 30 prosent som ut frå innhald av leir, silt og sand og storleiken på jordvolumet er noko eller svært tørkeutsett. Graset har altså bokstaveleg talt grunnlag for å gro godt.

Vêret og lyset er ikkje dårleg det heller

Lenger sør i Europa har dei sjølvsagt lengre vekstsesong og høgare temperatur i sesongen enn oss. Vår kombinasjon av lange og lyse dagar, stort sett nok nedbør og gode temperaturar for grasvekst, kan likevel gi ein svært høg produksjon i den hektiske perioden som veksten står på. Ein kan i denne samanhengen hugse på at fleirårige vekstar som gras utnyttar den korte og lysrike våren relativt betre enn eittårige vekstar som skal etablere fotosynteseapparatet frå frø om våren.

Forskarar frå Wageningen i Nederland som har summert opp produktiviteten i grasmark i Europa, klassifiserer låglandsområda langs kysten i Sør-Norge oppover til og med Trøndelag til å ha same potensial som vestkysten av Frankrike, nordvestre Spania, indre Nord-Tyskland og delar av Irland og Storbritannia. Det er i den øvste divisjonen i Europa.

Samanlikning irsk og norsk graslokalitet

Om vi samanliknar vekstsesongen på ein irsk og ein god norsk graslokalitet, får enga omtrent like mykje lysenergi i perioden mai-august på dei to stadene. Middeltemperaturen ligg litt under på den norske, men det er først og fremst tidlegare på våren at det mildare klimaet i Irland gir vesentleg betre grunnlag for å utnytte solenergien. (Figur 2).

Figur 2. Samanlikning av vekstsesongen på ein irsk og ein god norsk graslokalitet.

Vi har lett for å synast at det regnar for mykje og ofte, og ikkje minst sesongen 2017 viste at store og vedvarande nedbørsmengder kan blokkere totalt for grashausting og spreiing av husdyrgjødsel. Ein kan likevel tenke på at sjølv i regnrike Trøndelag brukar ei vekstkraftig eng opp litt meir vatn i perioden mai-august enn ein normalt får frå nedbøren i same perioden. I store delar av Europa er det oftast for lite vatn i vekstsesongen til å ta ut avlingspotensialet.

Timoteien tener oss trufast

Timoteien held framleis suverent stand som den mest brukte fôrgrasarten i Norge. Fleirårig raigras, nokre raisvinglar og hundegras kan ha eit høgare avlingspotensial, men timoteisortar som Grindstad, og Lidar gir årsavlingar på godt over 1 000 kg tørrstoff per dekar i det meste av Midt- og Sør-Norge, fjellbygder inkludert. Til og med i Tromsø viser prøvingane som Nibio gjennomfører, gjennomsnittsavlingar for tre påfølgjande engår på nesten 900 kg per dekar og år (Figur 3).

Figur 3. Årsavlingar av timotei i treårige engomløp.

Kvifor realisere berre ­halvparten av potensialet?

Det kan hende at låg motivasjon for å produsere og ta godt vare på store grovfôravlingar er forklaringa på at halvparten av potensialet blir tatt ut. Nokre vil her peike på at kraftfôret har vorte rimelegare dei siste ti åra om ein samanliknar med mjølkeprisen, og at grovfôrkostnadene har auka.

Når ein veit at det er dei faste kostnadene som verkeleg dreg og at det framleis blir investert ganske friskt i maskiner og infrastruktur, er det likevel vanskeleg å tru at låg avlingsambisjon er ei gjennomtenkt økonomisk tilpassing.

Kan det heller tenkast at forklaringa er dårleg kunnskap om korleis ein skal utøve den gode agronomien og konserveringsteknikken som er nødvendig? Vi trur heller ikkje at dette er årsaken til at halvparten av potensialet blir tatt ut. Kanskje er det snarare slik at mange gardbrukarar har investert og bygd seg inn i ein sirkel som er vanskeleg å bryte. Sjølv om ein i ettertid kan sjå at det er dårleg samanheng mellom areal- og naturgrunnlag på den eine sida, og husdyrproduksjonen og kapasitet og tyngde på mekaniseringslinene på den andre, er det ikkje så lett å gjere noko med det.

Lettare å utlikne avstand mellom brutto og netto

Eit godt startpunkt for dei som vil ta store avlingar og har tru på at det vil lønne seg, vil vere å finne ut kva ein eigenleg produserer brutto og sit att med netto. Vi trur at det for dei fleste kan vere lettare å utlikne avstanden mellom brutto og netto enn å auke bruttoavlingane tilsvarande (Figur 4).

Figur 4. Estimert tap på vegen fra maksimalavling til nettoavling i Trøndelag (FEm/dekar og år)

Med målretta arbeid og tilpassa investeringar over tid, er det også fullt muleg å gjere noko med avstanden mellom potensielle og realiserte bruttoavlingar. Både omdømmemessig og økonomisk vil det tene norsk drøvtyggarproduksjon å utnytte det gode naturgrunnlaget for grasproduksjon på ein best muleg måte.