Økonomi

Avlingssvikt – er det lønsamt å ha alle dyra?

Får ein 100 000 fôreiningar færre enn vanleg, må dette fôret kjøpast inn om ein skal ha same produksjon som før. Dekningsbidraget påfølgjande vinteren, kan fort gå ned 400 000 kroner eller meir, alt etter prisen på innkjøpt fôr. Vil det vere lønsamt å selje dyr for å redusere fôrbehovet og betra likviditeten?

Helge Øksendal

Økonomirådgiver i Tine Rådgiving

Helge.oksendal@tine.no

Skal ein først ty til å selje dyr, er det rimeleg å starte med dyr som er ­ulønsame. Når fôr- og rasjonskostnadane stig, flyttar skjeringspunktet ­mellom det lønsame og ulønsame seg. Å selje for mykje dyr, kan bli dyrt på sikt. Kjem ein under det talet hodyr som krevst for å oppretthalde melkeproduksjonen og rekrutteringa, kan ein slite med redusert lønnsemd i lang tid. Dette «grunnfjellet» i buskapen har eg via mindre merksemd.

Utgangspunktet for artikkelen er først og fremst tørkeramma melkeprodusentar i Sør-Norge. Sone b for mjølk og sone 2 for kjøtt er lagt til grunn, men artikkelen har likevel stor over­føringsverdi til andre som har eller får avlingssvikt. Kjernen er vurderingar og val melkeprodusentane skal gjere i tidsrommet hausten 2018 til våren 2019.

Fôrkostnadar

Kraftfôr varierer lite i pris. Har eg ikkje andre opplysningar, sett eg prisen til 4 kr per FEm. Heimavla grovfôr varierer noko meir. Ein høveleg representativ pris (variable kostnadar) er 1 kr per FEm. Ein kan halde fram at det i 2018 vart brukt innsatsfaktorar som normalt, medan ein oppnådde berre 25 prosent avling. Då blir opparbeidingskostnaden kr 4 per FEm. Dette er ikkje lenger interessant når fôret ligg på lager og er kjøpt og betalt. For økonomien framover, handlar det om å bruke dette fôret på ein best mogleg måte…

Innkjøpt grovfôr omfattar til dømes høy, rundballesurfôr og halm – behandla eller ubehandla. I kalkylane har eg bruka tre ulike prisar. Pris som kraftfôr kr 4 per FEm, kr 5,5 per FEm (til dømes ein rundballe på 700 kg av moderat kvalitet til kr 850-900,- inklusive frakt) og kr 7 per FEm.

«Siste dyret får dyraste fôret»

Av omsyn til vomfunksjonen treng alle drøvtyggarar ein del grovfôr i rasjonen. Dersom ein fjernar eit dyr frå buskapen, vil dette grovfôret anten blir frigitt til dei andre dyra, eller ein kan kjøpe mindre grovfôr framover. Dette «siste dyret» utløyser også mindre tilskott, men areal- og kulturlandskapstilskottet, driftstilskottet og avløysartilskottet blir upåverka. Det same gjeld avlingsskadeerstatning.

Figur 1. Tilvekstkurve for kvige med 556 kg levandevekt og 24 månaders alder ved kalving.

Figur 2. Tilvekstkurve for okse med 350 kg slaktevekt ved 18 månaders alder.

Kor mykje kan dyret betale for fôret?

Oksar og kviger som skal seljast til slakt eller liv, har stort sett stigning i omsetningsverdien med aukande storleik. Verdistigninga per dag må vere større enn dei variable kostnadane skal det vere lønnsamt å ha dyret. Same resonnement er brukt for melkekyrne, men her er verdiskapinga levert mjølk.

Frå dag til dag er fôret største kostnaden. For alle ungdyr har eg teke med avhorning og for drektige kviger inseminering. Eg har ikkje med dyrlege og medisin utover dette. Andre variable kostnadar er vanlegvis små per ungdyr og sett til null i kalkylane.

For kyrne har eg rekna sum «mjølk ÷ fôr» per dag.

Tilvekstkurver

Til berekningane for kvige og oksar har eg brukt Tine Ørt, eit produksjonsplanleggingsverkty alle Tine-rådgjevarar har tilgang til. Eg har definert ei vekstkurve for kvige og ei for okse. Figur 1 syner tilvekstkurve for kvige med 556 kg levandevekt og 24 månaders alder ved kalving og figur 2 tilvekstkurve for okse med 350 kg slaktevekt ved 18 månaders alder. Alle dekningsbidraga (DB) bygger på desse tilvekstkurvene. Det er merka av i kurvene kor døma høyrer heime.

Dekningsbidrag (DB) kviger

Grøn markør i figur 3 syner DB for kvige ved rikeleg heimavla grovfôr og ei foreining kraftfôr per dag. Snittpris per foreining avtek frå kr 1,5 til 1,4 frå 12 til 22 månader. Oransje markørar syner same kviga med kr 4 per foreining - både for kraftfôr og grovfôr. Grå og blå kviger får 50 prosent kraftfôr og grovfôr til kr 5,5 og 7 per fôreining. Snittpris per fôreining er kr 4,75 og 5,5. Skilnaden mellom mørke og lyse nyanse av same farge er kr 355 – ein teljedato.

I normalår (grøn kvige) er DB ved 22 månader alder om lag kr 12,5 tusen. Det har og vore stigande heile vegen frå 12 månader og oppover. Oransje kvige har fallande DB fram til 15 månader. Deretter gjer DB eit hopp grunna drektigheit, men fell så att. Oransje kvige kunne ein vurdere å ha til 15 månader og drektig. Grå og blå kvige burde vore seld ved 12 månader, om ikkje før. Blå kvige er den einaste med fare for negativt DB.

Figuren 3, 4 og 5 viser dekningsbidrag (DB) for henholdsvis livkvige, kvige til slakt og okse på ulike tidspunkt i oppdrettet. I tillegg er det brukt fire ulike kostnadar på fôrrasjonar: Grøn markør syner DB ved snittpris på ca kr 1,4 per FEm (normal), oransje ved snittpris kr 4,0 per FEm og grå kr 4,75 og blå kr 5,5.

Produksjonstilskottet er med i DB. Tal teljedatoar ved ein gjeven alder kan variere. Ein teljedato utgjer kr 355. Skilnaden framkjem som lys og mørk nyanse av same farge.

Figur 3. Dekningsbidrag for same livkviga på fire ulike tidspunkt i oppdrettet: 12 månader, 15 månader ikkje drektig, 15 månader drektig og 22 månader drektig.

Figur 4. Dekningsbidrag for kvige til slakt ved ulik fôrkostnad og slaktealder.

Figur 5. Dekningsbidrag for okse ved ulik fôrkostnad og slaktealder.

Det er same fôring bak markør-fargene i figur 4 som for livkviger. I eit normalår vil DB for slakta kvige vere om lag 6 500 kr ved 16 månader og 8 500 kr ved 22 månader alder. Bortsett frå oransje kvige, som har eit svakt positivt DB ved 16 månader, er resten ulønsamt.

I normalår (grøn markør) et oksen 50 prosent kraftfôr dei første 12 månader og 40 prosent kraftfôr i heile oppdrettet, fram til 16,8 månader. Snittpris per fôreining blir kr 2,4 og kr 2,1. Oransje, grå og blå okse har snittpris kr 4, kr 4,75 og kr 5,5 per foreining. Det er rekna 50 prosent kraftfôr i heile oppdrettet. Alle oksar har positivt DB. Berre blå okse har negativ utvikling i DB etter 12 månader.

Figur 6. Verdi av melk og dagsforteneste for melkeku ved ulik fôrkostnad og dagsavdrått.

* I rasjonane med grovfôrpris ( kr 5,5 og 7,0 per FEm, er kraftfôrandelen høgare. Den er auka gradvis frå 35 l melk og utover, for å spare grovfôr.

Slaktekviger tåler liten auke i fôrkostnad

Slakteoksar med god tilvekst gjev brukbart DB sjølv med dyrt fôr. Slaktekviger har lite å gå på før DB blir null eller negativt. Kjem snittprisen på kr 4 per fôreining i rasjonen, skal ein vurdere å selje kviger til liv tidleg.

For grå kvige på 22 og drektig, nermar dekningsbidraget seg kr 0. Det betyr at oppalskostnaden er lik omsetningsverdien pluss produksjonstilskott. Har ein same oppalskostnaden for kviger til eigen rekruttering, er dei ikkje dyrare enn innkjøpte kviger.

Kviger tåler mindre auke i fôrkostnaden enn oksar med høg tilvekst. Kviger til slakt er dei som tåler minst auke i fôrkostnad før dei går i minus.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Kyr som mjølkar tåler dyrt fôr

I kalkylane for kyr er melkeprisen sett til kr 5,20 (tilsvarar til dømes distriktstilskottssone 1-2 frå desember 2018 til april 2019 inklusive etterbetaling). Fôrbehovet er til NRF-ku med 600 kg levandevekt (utan tilvekst, drektigheit og mobilisering/deponering av kroppsfeitt).

Kyr som melkar, tåler mykje før dei blir ulønnsame! Dette gjeld elles kyr som skal utrangerast. Med høge fôrkostnadar og ein dagsavdrått under 15 kg, byrjar det å bli lite å hente. Ligg det an til ekstra kostnadar, til dømes veterinær og medisin går kua fort i tap.

Di høgare fôrkostnadar ein har di meir må dyret veksa/yte for å vere lønnsamt. Dette skuldast kostnaden med vedlikehaldet. Høge fôrkostnadar stiller krav til intensitivitet for å få lønnsemd.

Føresetnadene heime hos deg, vil gjerne avvike frå dei eg har brukt. Treng du hjelp med å finne skjeringspunkta mellom lønnsamt og ulønsamt hos deg, kan du ta kontakt med ein rådgjevar.