Reportasje

Store øydeleggingar etter at elva gjekk berserk

Storflaumen som ramma indre delar av Luster kommune i Sogn og Fjordane grov vekk dyrka mark, raserte beite, øydela bygningar, tok med seg rundballar og skog og raserte vegar. Heldigvis vart ingen folk skada, men dei materielle øydeleggingane er enorme.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Tekst og foto

Bjørk gard, Luster kommune i Sogn og Fjordane

  • Jan Norvald Steig, barna Liv Janne (34), Heidi Malene (32), Marius (28) og Eivind (23)

  • Areal: Eig 270 dekar dyrka mark, om lag 2 600 dekar utmark

  • Mjølkekvote: 300 000 liter

  • Buskap: 43 årskyr, fullt påsett av kvigekalvar

Aktuell fordi garden hans fekk store øydeleggingar av flaumen som ramma indre delar av Luster i oktober.

Elva tok ny retning gjennom innmarka. Det er eit trasig syn å sjå korleis naturkreftene har herja med det fine stykket. Den driftige bonden må ta att 150 mål med dyrka mark. Av dette er det forsvunne 10 – 15 mål av den dyrebare matjorda.

Mykje nedbør saman med høge ­temperaturar gjorde at nysnø og brear smelta i rekordfart og gav svært stor vassføring nedover i elvane. Jan Norvald Steig er ein av bøndene som fekk store øydeleggingar på garden sin då Fortunselva dundra vill og farleg ­nedover dalen.

Varte eitt døgn

Storflaumen varte om lag eitt døgn, og det er truleg den lange varigheita som gjorde at skadane vart så store, seier Jan Norvald. Elva har ved fleire høve tidlegare vakse seg stor, men då har ho gått tilbake etter kort tid utan å skada naturen. Denne gongen fekk dei uregjerlege vassmassane jobba kontinuerleg i om lag eitt døgn. Elveførebygginga som skulle verna innmarka til Jan Norvald mot flaum, blei utgraven og førte til at elva kom med full styrke inn over det flate, fine stykket hans. — Eg har ikkje heilt oversikta endå, men eg må ta att om lag 150 mål med dyrka mark, av dette er 10 – 15 mål heilt forsvunne, fortel den flinke ­bonden. I tillegg er alle beita til ungdyra øydelagde. — No veit eg ikkje korleis eg skal løysa dette til sommaren, men det vert vel ei råd, smiler Jan Norvald optimistisk. Femti mål med beite er enten heilt vekke eller er dekka av elvegrus.

Grovfôrmangel

Indre delar av Luster fekk også stor avlingssvikt på grunn av tørken i sommar, og Jan Norvald hadde frå før berre om lag 60 prosent av ei normal grovfôravling denne sesongen. Han trengte derfor alt fôret han hadde, men den flaumstore elva tok ikkje omsyn til dette. Elva gjorde eit stort innhogg i vinterfôret, og reiste med om lag 120 rundballar. —Eg har fått lovnad om å kjøpa 60 – 70 rundballar, og resten vil eg erstatta med å auka kraftfôrandelen, så eg skal komma i frå dette, seier den driftige bonden. Som følgje av skadane må han fornya om lag halvparten av den dyrka marka si, og når så mykje skal pløyast opp, får han også redusert avling neste år. I tillegg kjem alt ekstraarbeidet dette fører med seg. — Alle ungane er heldigvis veldig flinke til å vera med å arbeida når det trengst, og det betyr mykje for meg, seier Jan Norvald.

Jan Norvald på innmarka nedanfor husa på garden. Elva har lagt att evje, store tre, grus og stein over store delar av stykket.

Får ikkje kontakt med mjølkerobot på telefonen

Elva reiste også med telefonlinja, og når denne er ute, får ikkje Jan Norvald eventuelle feilmeldingar frå mjølke­roboten til mobilen sin. Han lyt derfor sjekka manuelt at alt fungerer mange gonger i døgnet, og han lyt også opp om natta for å forsikra seg om at alt er i orden. — Med 50 kyr i full produksjon, kan eg ikkje risikera driftsstopp på roboten, seier Jan Norvald. Telenor kunne enkelt ordna dette ­midlertidig, men det verkar ikkje som det vert prioritert sidan det er så få folk som er ramma av feilen.

Etterlyser varsling om flaum

Fortunselva er regulert, men magasina til kraftgiganten Hydro Energi var relativt fulle, og kraftselskapet var heller ikkje budd på slik snøsmelting kombinert med mykje nedbør i midten av oktober. Det vart derfor etter kort tid overløp på dammane, og alt vatnet kom med full styrke ned i bygda. — Vatnet brukar om lag fem timar frå dammen og ned til gardane. Hydro visste kva som var i vente, og dei kunne derfor ha varsla dei få grunneigarane langs elva om at store vassmassar var på veg. På desse timane kunne me ha fått berga i alle fall fôret vårt, seier Jan Norvald.

Hydro får vidare skryt for å få elva på plass i det gamle elvefaret sitt relativt raskt etter flaumen. Hydro har også plikt til å reinska elva slik at ho skal tola store vassmassar, og dette ­arbeidet er dei også i gong med.

Store eigenandelar

Alle beita til ungdyra er øydelagte. 50 dekar er enten vekke eller dekka med elvegrus.

Både bønder og privatpersonar som har fått skade på eigedommane sine, kan søkja statens naturskadeordning i Landbruksdirektoratet om erstatning. Dei som har fått skade, må sjølve senda inn alt elektronisk til natur­skadeordninga. Eigenandelane er store, så denne flaumen kostar mykje for dei med store skader. — Eg har truleg skader for over ein million ­kroner, så dette vert dyrt, seier den flaumråka bonden. Naturskadeordninga dekkjer 70 prosent av skade opp til 100 000 kroner, deretter 85 prosent av beløpet over 100 000 kroner.

Handsrekking til enkeltpersonar som vert ramma av naturkatastrofe

Naturkreftene er enorme, og når desse kjem ut av kontroll, vert menneska små i den store samanhengen. På grunn av klimaendringar er det spådd at flaumar, skred og andre naturøydeleggingar kan komma oftare i framtida enn kva me er van med no.

I dette tilfelle i Fortun er det få enkeltpersonar som har fått store øydeleggingar av flaumen, og desse personane får også mykje ekstraarbeid og store kostnader. Det kan vera grunn til å diskutera om Hydro Energi, saman med Luster kommune og storsamfunnet elles, bør vera med å gi desse få enkeltpersonane ei handsrekking slik at tapa vert overkommelege og ­skadane raskt retta opp.