Fôring

NorFor – suksess i verdssamanlikning

Ein kanadisk forskar har vist at NorFor er betre til å forutsei mjølkeproduksjonen enn amerikanske, hollandske og franske fôrvurderingssystem. Dette betyr at norske mjølkeprodusentar har tilgang til verdas beste system gjennom Tine Optifor.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

NorFor står seg meget bra i internasjonal samanliking.

Eit godt fôrvurderingssystem er viktig for å kunne tilpasse behov for næringsstoff til dyra og berekne forventa respons i produksjon. Dette bidreg til god planlegging med friske dyr, lite tap av næringsstoff og utslepp av potensielle klimagassar, og ikkje minst best mogleg økonomi for bonden.

Internasjonal konferanse

Den internasjonale fôrings-konfe­ransen ISNH (International ­Symposium on the Nutrition of Herbivores) blir arrangert kvart 4. år, og arrangementet går på omgang mellom ulike forskingsinstitusjonar. I år var det INRA i Frankrike som var arrangør, og den blei halden i Clermond-Ferrand. På konferansen møtast forskarar frå heile verda for å presentere siste nytt innan forsking på fôring for plante­etarar; både drøvtyggarar og hest.

Samanlikning av fôrvurderingssystem

Eit av innlegga stod den anerkjente forskaren Helene Lapierrè frå Canada for. Ho og kollegaer samanlikna dei mest vanlege fôrvurderingssystem som er publisert og som blir brukt i Nord-Amerika og Europa. Målet var å sjå kor godt systema beskriv fordøyinga til mjølkekyr og korleis disse ­systema treff den observerte responsen i mjølkeproduksjon. Vidare mål var å finne ut kva faktorar som bør vere med i eit fôrvurderingssystem og finne moglegheiter for å forbetre systema. Undersøkinga kjem frå eit miljø som ikkje har vore involvert i utvikling av nokon av systema som blei samanlikna, og dei skulle difor vere uavhengige i forhold til tilknyting til eit av ­systema. Dette, i tillegg til at Helene er vel renommert og kjent forskar, gir stor tillit til undersøkinga. Helene presenterte også disse resultata på «Fodringsdagen» i Danmark etter ­konferansen, og det er referert til i det danske fagbladet Kvæg.

Fem kjente system

Fôrvurderingssystema som var med i undersøkinga var CNCPS frå Cornell i USA, det nederlandske systemet DVE/OEC systemet, INRA frå Frankrike, NRC frå USA og NorFor som er det nordiske systemet. Det er råd­givingsinstitusjonane i Sverige (Växa), Danmark (Seges), Island (BLR) og Norge (Tine) som eig og driv NorFor, men grunnforskinga som ligg bak systemet er ut­­vikla i Norge, ved ­Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet, og det er Harald Volden som er hovudforskaren bak systemet. NorFor-systemet er altså rekneverktøyet bak Tine Optifor som alle rådgjevarane i Tine brukar.

Systema blei samanlikna for å sjå kor gode dei er til å beskrive proteinomsetninga i kroppen til mjølkekyr, omsetninga i vom, i tarm, og tap ­gjennom gjødsel og urin. I tillegg blei det sett på utnyttinga til produksjon og kor gode dei er til å treffe responsen i faktisk produsert mjølkeprotein. Alle disse systema er godt kjent i forskingsmiljøa og i ulike rådgivingsinstansar og blir referert til i ulike samanhengar.

Test på to forsøk

Undersøkinga blei gjort på to tidlegare forsøk med variasjon i proteintildelinga, og der ein hadde muligheit til å karakterise fôret i henhold til dei ulike systema sine metodar. Det første forsøket var eit reint proteinforsøk med god variasjon i innhald av råprotein i rasjonen med fem nivå frå 13,5 til 19,4 prosent av tørrstoffet. I det andre forsøket var det sett på samspelet mellom protein- og energiforsyning, der det blei gitt to nivå av fordøyeleg protein (2 250 og 3 000 gram/dag) og to nivå med energi (1,45 og 1,55 MJ/kg) i kombinasjonar. Mjølkekyrne var i midtlaktasjon, og det var registreringar av kropps­vekter, tid etter kalving, opptak av alle næringsstoff, mjølkeavdrått og kjemisk innhald i mjølka (feitt og protein).

Respons i mjølkeprotein

Dei ulike systema bereknar altså kor mykje ein kan forvente å oppnå i ­produksjon, her i form av gram mjølkeprotein (kg mjølk per dag*protein­prosent*10). Denne prediksjonen blir samanlikna med fasiten; den produksjonen kua faktisk har oppnådd. Figur 1 og 2 viser den predikerte protein­produksjonen mot den faktiske protein­produksjonen kyrne oppnådde. Det franske systemet frå INRA og NorFor kom begge godt ut av testen, medan ingen av dei andre systema viste tilfredsstillande resultat. Det ideelle er når den predikerte verdien er lik den observerte verdien (X=Y), som er vist ved den svarte linja i Figur 1 og 2. ­NorFor hadde ein noko større over­prediksjon enn INRA, men dei tilfeldige avvika var mindre. Dette ser vi ved at den grøne linja ligg lenger frå den svarte, men enkeltpunkta er godt sentrert rundt linja, berre to punkt ligg ein del i frå. Dei raude punkta frå INRA ligg meir tilfeldig spredd både over og under linja. Resultatmessig vil det difor vere enklare å forholde seg til NorFor. Dei andre systema kom ikkje så godt ut. CNCPS hadde ein viss samanheng mellom predikerte og observerte verdiar, men avvika var store og ikkje systematiske. Basert på disse to forsøka kan dei andre systema ikkje brukast til prediksjon av respons i mjølkeprotein.

Figur 1. Respons i mjølkeprotein produksjon berekna med ulike fôrvurderingssystem. Faktisk observert respons hos kyrne (y-aksen) og predikert med dei ulike systema (x-aksen). Målet er å ligge så tett på den svarte linja som mogleg, då har ein truffe med den predikerte verdien.

Figur 2. NorFor hadde ein noko større overprediksjon enn INRA (grøn linje lenger frå den svarte og for eksempel gir ein observert respons på 1100 gram ca. 1150 i predikert verdi), men dei tilfeldige avvika var mindre (enkeltpunkta er godt sentrert rundt linja, mens dei raude punkta frå INRA ligg meir tilfeldig spredd).

NorFor skårar på effektivitet

Det som i stor grad gav utslag i forskjellane var korleis systema berekna effektiviteten i dei ulike produksjonane, altså kor mykje av tilført protein som blei utnytta til vedlikehald og produksjon i form av mjølk, avleiring på kroppen og utskilt i gjødsel. Dei amerikanske systema brukar fast effektivitet uavhengig av fôrnivå medan dei europeiske systema har større effektivitet på låg enn på høg tilførsel av næringsstoff. NorFor gjorde det også spesielt bra på samspel av næringsstoff; når energiforsyninga var låg eller høg kombinert med låg eller høg forsyning av protein takla NorFor det best av alle.

Styrker tilliten til systemet

NorFor-systemet er det mest nytta fôrvurderingssystemet av rådgivingsinstituasjonane i dei nordiske landa. Frå tid til anna blir det stilt spørsmål ved om kor godt NorFor-systemet er, også blant våre eigne rådgjevarar, fordi dei blir konfrontert med andre system. Resultata frå denne undersøkinga er difor svært betryggande og gledeleg sjølv om det berre er to forsøk som ligg til grunn. Disse resultata viser at det vi har er godt, ja, faktisk så godt at det ligg i verdstoppen. Det viser også at norsk og nordisk forsking er leiande i verdssamanheng. Likevel vil ikkje NorFor sko seg på suksessen, og også her er det forbetringspotensial. Ein av styrkene til NorFor er at det er aktivt i bruk av nordiske rådgjevings­organisasjonar, og at det er under kontinuerleg utvikling for å tilpasse til ny forsking. Disse resultata gir god grunn til å sjå positivt på framtida for systemet.