Økonomi

Nye avlsmetodar kan kompensere for mindre kvote

Alt tyder på merkbart tøffare tider for norske melkeprodusentar. Dette kan møtast med mottiltak på ulike område. Fagleg og tekno­logisk utvikling har ført til stadig nye metodar innan avl. Avlen blir meir treffsikker og gjev raskare effekt. Me har sett på korleis nokre av desse metodane kan brukast til å betre økonomien.

Svein-Egil Skartveit

Fagleder Avl i Tine

svein.egil.skartveit@tine.no

Helge Øksendal

Økonomirådgiver i Tine

helge.oksendal@tine.no

Systematisk bruk av kjønnsseparert sæd og bruksdyrkryssing kan kompensere for fall i melkevolum til 95 prosent. Med bruk av y-sæd av kjøttfe, når det blir tilgjengelig, tåles enda større nedgang i melkevolum.

Foto: Svein-Egil Skartveit

Kan god avlsplanlegging påverka noko på botnlinja? Ja, vil me meina. Ein tradisjonell avlsplan tar utgangspunkt i at alle bedekningar gjev ei kvige som skal bli ei betre ku enn mora. Så blir halvparten av desse ein oksekalv som blir seld til liv eller satt på til slakt.

Frå avlsplan til produksjons­plan

Tanken er å vri fokuset til kalven (produktet av planen). Kva skal kalven brukast til?

Då går avlsplanen frå å være ein rein avlsplan til å også bli ein ­produksjonsplan. Ein kan ta inn bruksdyrkryssing. Me tar utgangspunkt i dei tre rasane som er mest aktuelle, Aberdeen Angus, ­Charolais og Limousin. Angus fordi den er veldig gunstig i sluttmarknaden grunna avtalen med Meny. Charolais og Limousin fordi dei gjev særs gode slakt (tilvekst, klasse og lite feitt) kryssa inn i melkeku­buskapen. På sikt blir det også muleg å få kjønnsseparerte hansæd/y-­celler frå alle tre rasane. Tyr har målsetting om å ha y-sæd av kjøttfe tilgjengeleg i løpet av året, og Geno har ambisjoner om prøveproduksjon i løpet av vinteren på kjønnsseparerings­laboratoriet på Store Ree i desember.

Bruksdyrkryssing kombinerast med kjønnsseparert sæd (REDX™) på dei beste kvigene og førstekalvskyr, slik at ein har nok kviger av melkerase. Resten ­brukar ein kjøttfesæd på (hansæd/­y-­celler når det vert ­tilgjengeleg). I dag har me over­produksjon av kviger tenkt til melkekyr. Melkevotane skal ned, men fjøsplassen er like stor. ­Korleis kan ein utnytte denne plassen?

Nortura ønsker meir storfekjøtt i første halvår, mens Tine ønsker meir sommarmelk.

Me må i større grad enn no ­produsere rett mengde og rett kvalitet til rett tid til sluttmark­naden.

Dra med seg både sommarmelk og høg kjøtpris før St. Hans?

Vel ein Angus, må den slaktast før 18 månaders alder og slaktevekt over 260 kg for å få ut ­avtaletillegget. Det vil seie slakte­klar mellom 15 og 18 månaders alder og født mellom august og februar for å bli slakta til høgast pris. Avtalen gjeld berre for utvalde veker i året. Desse vekene får ein informasjon om frå slakteriet. Kyrne som skal føde desse kalvane bør inseminerast i tida november til mai. Brukar ein kjønnsseparert sæd på kvigene og inseminerer slik at dei kalvar på våren, tar ein med seg ein høgare melkepris. Kvigekalvane ein får vil vidare passe godt inn i dette opplegget. Det er veldig viktig å ta GS-test på alle kvigekalvar slik at ein brukar dei beste dyra til å produsere neste generasjon melkekyr.

Bruk av vanleg sæd

Brukar ein vanleg sæd, både til rekruttering av melkekyr og bruksdyrkryssing, må ein ha fleire fødslar for å få nok kviger til ­melke­­produksjonen. Tal kviger vil variere frå gard til gard. Antall fødte ­kalver pr.årsku, FS-tall og ­haldbarheita på kyrne er viktige parametre.

Charolais- og Limousin-krysningar kan slaktast ved høgare alder utan feittrekk. Ein har større vindu for når på året dei kan vere født. Om alle oksekalvar blir seld, vil ein også ta del i verdiauken gjennom ein høgare livdyrpris.

Om ein ikkje brukar kjønnsseparert sæd, så vil ein få ein del ­krysningskviger. Desse kan følge dei andre kvigene, bli inseminert med Angus og kalve i sommar­halvåret. Dei går med kalven og vert slakta etter 1. oktober, ei såkalla «eingongsammeku». Ein tar då med seg eit ammekutilskott, får nytta beite og dermed beitetilskott. Har kua angusfar, kjem den i angusavtalen. Forutsett at den slaktast før 33 månaders alder.

Opplegget krev god og langsiktig planlegging samt avtale med slakteriet.

Angusavtalen 2019

  • Kr 4,50 i tillegg for alle dyr med minimum 50 prosent Angus (far må være 100 prosent Angus)

  • Minimum klasse O og fettgruppe 2+. Anguskrysningar oppnår elles betre klassifisering enn rein NRF.

  • Gjelder alle kategorier unntatt ku og kalv

  • Ytterligere kr 3 forutsatt krav til vekt, alder og fettgruppe
    (Ung okse 260,1 kg – 360 kg, maks 18 måneder og fettgruppe 3- til og med 5+)

  • Begge tillegg forutsetter innmelding av slakt i definerte slakteuker og avtale med slakteriet

  • Kontakt Nortura for ytterligere informasjon