Helse

Gamalosten – kanskje verdas sunnaste ost

I ei tid der mange er opptatt av kosthald og helse, finst det ein ost som få veit om og som glir rett inn i norske og internasjonale kosthaldsråd. Gamalosten inneheld nemleg heile 50 prosent protein, berre 1 prosent feitt og er ikkje tilsett salt. I tillegg er osten full av vitamin K og peptid som er både blodtrykksenkande og krefthemmande.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

oddf-van@online.no

På 1990-talet blei all gamalostproduksjon lagt til Vik meieri. Anlegget er dimensjonert for å produsera 210 tonn i året, men no ligg produksjonen på 40 tonn.

Denne osten som burde appellera til det breie lag av folket, er det få av dei yngre generasjonane som kjenner til. Når ein ikkje veit om produktet, så er det få som kjøper osten.

I fylgje Torkild Heieren som er meierisjef ved Vik Meieri i Vestland, har produksjonen stupt frå å produsera 210 tonn på 1990-talet til skarve 40 tonn i 2021.

- Me hadde ein auke i salet rundt 2012, då fekk me blest om dei helsefremjande eigenskapane til osten på grunn av doktorgradsarbeidet til pakistanaren Tahir Qureshi som dokumenterte at osten er bra for helsa, fortel meierisjefen.

Dokumentert god for helsa

Vik meieri produserer gamalost og mylsa i vinterhalvåret, medan anlegget vert brukt til produksjon av bringebærjuice om sommaren.

I tillegg til at osten er mager og rik på protein, fann Qureshi i forskinga si ved NMBU at osten inneheld store mengder vitamin K2 som er bra for hjarte, beinbygnad og i tillegg krefthemmande. Dette vitaminet kjem meir til sin rett når det vert ete saman med feitt. Så dei som likar gamalost med smør, kan gleda seg over betre opptak av vitamin K i tarmen når desse ingrediensane vert etne i lag.

Ingen gammal ost

Gamalosten er ein fersk muggost som er svært rik på protein og inneheld lite feitt. Den inneheld store mengder vitamin K og peptid som er blodtrykksenkande og krefthemmande.

Til tross for namnet er gamalosten ein av dei ferskaste ostane ein får kjøpt i butikkane. Det tek berre 10 dagar frå ysting til osten er pakka og klar for butikkhyllene. Namnet har osten fått fordi den frå gammalt av blei produsert på stølane og ofte lagra lenge før han blei frakta heim att. Kanskje tida kan vera mogen for å sjå på namnebyte for å appellera meir til forbrukarane. Namneforslag som «Vikingost» - sidan osten har røter heilt tilbake til Vikingtida - eller «Yt-ost» på grunn av proteininnhaldet og dei helsefremjande eigenskapane har komme fram.

- Namneskifte er aktuelt, og det vert diskutert, seier meierisjefen.

Laga av skummamjølk

Gamalosten må strykast manuelt to gonger før den er klar for pakking. Denne osten er kanskje den ferskaste osten ein får kjøpt, det tek berre 10 dagar frå ysting til osten er klar for butikkhyllene.

Meieribransjen treng mjølkefeittet i mange produkt, medan skummamjølka er mindre attraktiv. I produksjon av denne osten, er det skummamjølka som vert nytta medan fløyten vert sendt vidare til andre anlegg. Det burde vera ein vinn – vinn situasjon for alle om ein hadde klart å nå ut til mange fleire forbrukarar, både nasjonalt og kanskje internasjonalt, og dermed fått opp salet på denne smaksrike og magre osten. Då hadde både meieribransjen fått frigjort meir mjølkefeitt og bøndene kunne produsert meir mjølk.

- Anlegget er dimensjonert for å produsera 210 tonn Gamalost i året, så viss salstala aukar att, så er det berre å køyra på seier Heieren til slutt.