Helse
Frå dyrlegens hverdag

Parasittangrep i beitesesongen

Fyrsteårsbeitande ungdyr kan verta utsett for innvollsparasittar, og desse kan gi dyrevelferdsproblem i tillegg til økonomiske tap i form av redusert tilvekst, forseinka kjønnsmodning og påfølgjande problem med sein inseminering.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Kalvar på beite Hafslo: Innvollsparasittar må me læra oss å leva med, for desse vert me aldri heilt kvitt, men me kan gjera tiltak mot dei ved hjelp av strategisk beitebruk og/eller ved hjelp av medikament.

Dyr som vert smitta av innvollsparasittar kan i verste fall stryka med av diaré, men dei kan også berre få redusert tilvekst utan teikn på sjukdom.

Desse beiteparasittane overvintrar i beita, og dersom det gjekk storfe på beitet hausten før, kan ungdyra bli smitta straks dei kjem ut om våren. Dersom dyra skal gå på same beitet heile beitesesongen og det er høg dyretettleik, kan det bli eit stort smittepress utover sommaren og hausten. Kalvar skil ut meir smitte enn vaksne, og viss det er mykje ungdyr i forhold til vaksne, vert også smittepresset større. Smitte vert skilt ut med avføringa. Der dyr samlast, som til dømes kring fôringsplassar, saltsteinar, drikkekar eller på setervollar, kan det byggja seg opp mykje smitte.

God beitehygiene

For å redusera smittepresset, kan ein nytta beiterotasjon med til dømes sau eller hest. Parasittane er artsspesifikke og smittar lite over artsgrenser. Ein kan også sleppa dyra seint på beite som til dømes slutten på juni eller starten på juli, for då vil dei fleste overvintra parasittane ha døydd ut. Viss ein har drikke- og fôringsplass på heimebeite, kan det vera lurt å flytta desse plassane frå år til år for å unngå høgt smittepress rundt desse stadene der dyr samlar seg. Saltsteinar kan ein med fordel plassera slik at avføringa fell på stein eller svaberg.

Viss det er mykje ungdyr i forhold til vaksne, vert også smittepresset større

Bruk av medisin

Det er også råd å førebyggja sjukdom og redusert tilvekst på grunn av parasittar ved hjelp av medikament. Dyr som er behandla mot parasittar skil og ut mindre smitte til beite, og på den måten vert smittepresset lågare. For å beskytta seg mot rundormar, er det mange som får dyrlegen til å leggja ned bolus på kalvar som er mellom 100 og 250 kilo levandevekt. Desse bolusane inneheld tablettar som vert frigitt med tre vekers mellomrom og dekkjer opp heile beitesesongen. Det er også mogleg å få dyrlegen til å sprøyta dyra eller få resept på pulver, mikstur eller påhellingspreparat, men med desse behandlingane må ein få tak i dyra fleire gonger i sesongen og behandla dei, noko som ikkje alltid er praktisk gjennomførbart.

Set inn tiltak

Mange kalvar og ungdyr stagnerer heilt, eller til og med tapar vekt i beitesesongen, og noko av dette kan skuldast parasittar. Det er derfor viktig å ha dette i tankane og setja inn tiltak på strategiske punkt mot parasittangrep viss ein mistenkjer at dette kan gi dårleg tilvekst.