Tema: Beite

Sommarmjølk på beite før bruk av utmarksbeite

Managementet vårt gir 25 prosent sommarmjølk på slutten av laktasjonen.

Tekst og foto
Turid Haga Vange

Mjølkeprodusent

Vange Gard i Vik kommune i Vestland

  • Turid Haga Vange og Joar Tistel

  • Nils (5 år) og Knut (3 år)

  • Kvote på 295 000 liter–økologisk

  • Lokalforedlingskvote til produksjon av økologisk iskrem (av ein lokal isprodusent)

  • Avdrått på 8 900 kg EKM (9000 kg mjølk)

  • Haustkalving og mykje utmarksbeite

  • 70 000 liter produsert på beite før avsining

  • 37–42 mjølkande kyr i beiteperioden

  • Ca. 85 dekar fulldyrka areal heima til beite

Me skiftebeitar og deler beitearealet inn i 6 skifter, der 5 skifter deler til saman 60 dekar, og arealet på andre sida av vegen er eit skifte.

Rug/raigras til beite

Beita består hovudsakleg av engvekstar med kvitkløver. Dei siste to åra har me prøvd eit forsøksfelt med 5 dekar rug og raigras, og kjem til å prøva med 10–15 nye dekar i år. Det er veldig spennande med denne typen intensive beitevekstar som kan nyttast for å gi pause i engåra på beite, og dermed eit meir effektivt reiskap i den økologiske ugraskampen. Samstundes er det ei utfordring for oss å så rug/raigras tidleg nok slik at me får utnytta dette beitet godt før kyrne vert sendt til fjells i to månader. Høymole er eit problem på det eine skiftet som ligg nærast fjosen, og som kyrne trakkar mest på. Kombinasjonen av tråkk og mykje gjødsel gjer at høymola trivst betre enn me ynskjer.

Gjødslar so tidleg som råd om våren

Beita vert gylla med stripespreiar so tidleg som råd på våren. Brukar ca. 5 tonn gylle/dekar då, og gjødslar ikkje igjen før etter kyrne er sendt til fjells. Beitepussing etter kvar andre avbeiting på enga. Beitearealet vert slege ein gong når kyrne er på fjellet, for deretter å bli beita når kyrne kjem heim att. Ved fine og turre haustar går kyrne ut og inn av fjosen slik dei ynskjer fram til midten av oktober.

Turid og Joar saman med sønene Nils og Knut.

Foto: Torstein Kiserud.

Frå 4–5 til 2 dagar pr. skifte

Tal beitedagar per skifte variera mykje gjennom beitesesongen. Frå 4–5 dagar og ned til 2 dagar. Målet er å prøva å halda so jamt beiteopptak som mogleg, slik at ikkje mjølkeproduksjonen går for mykje opp og ned. Ved beiteslepp i mai er det ofte ei utfordring at det siste av dei 5 skifta ofte har kome for langt når kyrne kjem dit (opptil 14 dagar etter beiteslepp). Her har me eit forbetringspotensial, me lyt stola på dei lokale ressursane, men samstundes ta høgd for at endringar i vêr og temperatur kan påverka graset og veksten veldig mykje i starten av mai.

I byrjinga av beiteperioden, den fyrste perioden det er fint vêr og sterk sol er me opptekne av å bruka solkrem på jura for å unngå at kyrne vert solbrende og såre på spenane. Det sparar oss for mykje meirarbeid med avspark og ufullstendige mjølkingar. Me har funne ein solkrem som kan brukast som spenespray i roboten nokre veker i byrjinga, til huda på spenane er herda. Då skrur eg av spenesprayen og kyrne klarar seg fint utan resten av sesongen. Solkremen er dyr, og me fordeler difor 20 liter på 2 år.

Me opplevde betring i kutrafikk inn frå beite etter at kyrne fekk ein god «veg» å gå på til skifta som ligg lengst unna fjosen, samt at me la ned drenerande massar og grus rett utom fjosrampen, i staden for mold som vart til gjørma i fuktig vêr.

Kyrne inne om natta

Kyrne har tilgang til beite frå 05:00 om morgonen til ca. 22:00 på kvelden. Om natta er dei inne, fyrst og fremst for at bonden ynskjer å sova i fred og ro utan å vera redd for at kyrne skal bryta seg ut. Garden vår ligg veldig sentrumsnært, og mykje av gjerdet er straumgjerde med ein tråd. So sant me har att fôr frå førre sesong tilleggsfôrar me kyrne inne om natta. Ved tilleggsfôring er det enklare å bedømma beiteopptaket enn utan, rett og slett ved å sjå på kor mykje kyrne et av det som vert utfôra inne.

Kraftfôret vert ikkje trappa ned før beiteopptaket er godt, og det går ofte 4 dagar etter beiteslepp før me redusera kraftfôrrasjonen fyrste gong. Reduksjon i kraftfôret i samband med beiteslepp skjer mykje raskare enn vanleg nedtrapping på kraftfôr, gjerne med minus 1–2 kg på ein gong.

Ca. 85 dekar fulldyrka areal heima som vert nytta som beite til mjølkekyr frå mai–juli. 60 dekar med direkte tilkomst til fjos og mjølkerobot, 25 dekar som er skilt frå fjos og mjølkerobot med offentleg veg. Beiting av dette arealet krev anna management enn dei 60 dekarene som ligg med direkte tilkomst til fjos og mjølkerobot.

Foto: Turid Haga Vange.

Hyppigare mjølketillatelse

Sjølv om det er på slutten av laktasjonen me har beiteperioden vår har me god erfaring med å gi kyrne hyppigare mjølketillatelse når me slepp dei på beite. Det er betre at kyri vert mjølka 1 time «for tidleg» enn at ho går ut umjølka og kjem 4–6 timar for seint. Samkøyring med mjølkematriser og smartgate er difor ei viktig brikke i management-biten av beitinga, og her hjå oss er det ikkje ei fast innstilling som gjeld for heile sesongen. Eksempelvis tykkjer me det er veldig greitt å finna ufullstendig mjølka kyr inne i fjosen når me kjem om morgonen, at me ikkje må ut å henta desse på beite. Det løyser me med at kun kyr som har meir enn 2 timar og 5 minutt til mjølketillatelse vert innvilga får passera gjennom beiteport og ut på beite (i og med at ufullstendige kyr får nytt mjølkeløyve etter 2 timar). Etter me har mjølka eventuelle ufullstendige kyr, so justerast avgjerslene på beiteporten slik at alle som har meir enn 0 timar og 5 min til mjølketillatelse vert innvilga får passera ut på beite.

Beiting på arealet utan tilgang til fjos

Dei dagane kyrne skal beita på arealet utan tilgang til fjos og mjølkerobot har dei i tillegg tilgang til eit av dei andre skifta på «rett» side av vegen på morgonen og ettermiddag/kveld. Kyrne går på arealet som er skilt frå fjosen og utan tilgang til å mjølka seg i 5–6 timar i denne perioden. Etter henting brukar me ofte «prioritert mjølking» slik at dei kyrne med lengst tid sidan førre mjølking får mjølka seg fyrst, då desse har ein tendens til å havna heilt sist i køen viss ikkje. Då går det altfor mange timar før desse kyrne kjem ut på beite att.

Til skifte 6 på 25 daa må kyrne kryssa offentleg veg. Det gjer managementet anleis når dette skiftet skal beitast.

Foto: Torstein Kiserud.

Igangkøyring av førstekalvskyrne

Bakdelen med å ha ein smartgate som kun er aktiv som beiteport i beiteperioden er at fyrstekalvskyrne ikkje er vand med å passere gjennom her når me starta beitesesongen på våren. Ein lyt difor rekna nokre dagar «igangkøyring» med dei yngste til dei har lært seg systemet skikkeleg.

Beiting er utelukkande positivt

Beiteperioden har mange positive effektar både for kyr og bonde. Managementet er relativt enkelt, og arbeidet med fjosstell mindre. Dette høver godt saman med ein arbeidstopp med slåttetid og så vidare. I tillegg er beiting i sentrale strøk veldig viktig for omdømme til bøndene og Tine. At kyrne er synlege i bygdebiletet er utelukkande positivt for oss alle. I tillegg er beite positivt for mjølkekvaliteten, både feitt og protein aukar når me slepp kyrne på beite, samt at frie feittsyrer går ned.

Verdset utmarksbeite særs høgt

Me verdset utmarksbeite særs høgt her på garden. Det er vanskeleg å rekna på verdien av dette, og det er mykje lettare å rekna på kva me tapar i sommarmjølktillegg … Eg har valgt å ikkje rekna so mykje på dette, rett og slett fordi bruk av utmarksbeite er utruleg viktig del av ressursgrunnlaget på garden, samt velferda både for bonden og ikkje minst for kyrne.

Kyrne beitar på fjellbeite frå midten av juli til midten av september. Ungdyr vert sleppt ein månad tidlegare på utmarksbeite enn kyrne, og går via vårstølen på veg til fjellbeitet. Arealet dyra kan beita på strekkjer seg frå kring 700–1000 meter over havet. Utmarksbeita er frodige, og det er rikeleg tilgang på mat og vatn. Frå eg var 12 år til eg var 18 år mjølka foreldra mine kyrne på stølen. Stølsdrifta vart avvikla når dei dei hadde fellesstøl saman med gav seg med mjølk. Difor er alle kyrne våre no avsina i perioden på fjellbeite.

Buføring heimatt frå fjellet i midten av september. Her ser dyra heim til garden som ligg i sentrum nede ved fjorden. Me passerer toppunkt på 1358 moh to gonger på turen som tek kring 6 timar. Kyr og kviger er drektige, dei fyrste med termin 3 veker etter.

Foto: Turid Haga Vange.

Management rundt avsining

Avsiningsprosessen er «hard og brutal» og eg brukar malen til Tine Rådgjeving. Me byrja med å slå godt utvakse gras til kyrne, eventuelt gi dei seint slegne rundballar. Me har ein utefôringsplass som gjer slik fôring lettvint i beiteperioden. Ofte vert mjølkemengda redusert i løpet av eit par dagar når me byrjar med slik fôring. Når kyrne har «skjønt det», byrjar eg avsiningsprosessen med å hoppa over mjølkingar.

Det er særs viktig å gjera alt me kan for at kyrne ikkje skal få jurbetennelse under eller etter avsining, då behandling er både tidkrevjande og utfordrande når kyr som går fritt i fjellet vert sjuke. Eg tek difor speneprøvar av alle kyr som Fjøsloggen på medlem.tine plukkar opp, og sintidsbehandlar i samråd med veterinær dei som trengst. I tillegg er eg med på alle mjølkingar i avsiningsperioden, eg let ikkje roboten åleine gjera den jobben. Rett og slett for at eg ynskjer å mjølke opp sjølv, kjenne på jur og alle fire kjertlar etter mjølking at dei faktisk er tomme og mjuke. Avsiningsprosessen er tidkrevjande når den står på, men forhåpentlegvis sparar det oss for mykje ekstraarbeid etter me har sleppt kyrne til fjells.

Hyppig tilsyn i utmarka

Tilsyn i utmarka er hyppig dei fyrste tre vekene etter slepp. Då har me tilsyn tre gonger kvar veka, der me går over alle kyr og jur kvar gong. På den måten kan me oppdaga jurbetennelsar tidleg. Me fordeler dette arbeidet mellom oss og kårfolket, og kombinera det ofte med overnatting på stølen. Eg har gjort det til ein vane å notera ned dei kyrne eg har kjent på, på den måten har eg oversikt over tilsyn frå gong til gong.