Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd
Frå dyrlegens kvardag

Drektigheitskontroll

Eg driv mykje med tidleg drektigheitskontroll, og denne jobben er ein av «favorittjobbane» mine. Det er alltid spennande, både for bonde og dyrlege, å sjå om kyrne kyrne har tatt kalv.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Ein av «favorittjobbane» mine er drektigheitskontrollar, og her er det Nils Vange som får sjekka kyrne sine.

Foto : Privat

I områda der eg inseminerer, tek me ofte drektigheitskontrollane fortløpande etterkvart som kyrne har passert fem veker sidan inseminering. Dette er eit gunstig tidspunkt å sjekka på, for viss nokon er tomme, kan ein få inseminert dei opp att når dei kjem att på seks veker. Når me gjer det på denne måten, vert tomme dyr raskt fanga opp, og dei kan få ein ny sjanse til å bli drektig innan rimeleg tid.

Fjøsloggen gir god oversikt

Drektigheitskontroll går fort, og viss dyra står klar når eg er fjøsen på andre oppdrag, er det ikkje lange stunda som trengst for å kontrollera dei. På medlemssidene til Tine er Fjøsloggen eit nyttig reiskap som til ei kvar tid skal ha oppdatert informasjon om kva dyr som kan drektigheitskontrollerast.

God økonomi med ein kalv i året

Det er også god økonomi å få kalv i kyrne slik at dei får ein kalv i året. Geno har laga eit forsiktig overslag over kostnader til mellom anna fôr, tapt mjølkeproduksjon, oppstalling, færre spedkalvar, auka kostnader til inseminering og auka utrangering. Dei har komme fram til at det kostar om lag 30 kroner dagen når det går over 12 – 12,5 månader mellom kvar kalving. Dersom det er mange dyr i besetninga som er vanskeleg å få kalv i til rett tid, kan det fort bli eit stort økonomisk tap.

Mjølkeprøve

Dersom det ikkje er folk som er trena i tidleg drektigheitskontroll i området, kan ein senda inn mjølkeprøve til Mastittlaboratoriet i Molde for å sjå om kua er drektig. Denne testen påviser eit protein, pregnancy associated glycoprotein (PAG), som finst i blod og mjølk viss kua er drektig. Mjølkeprøve kan takast frå 28 dagar etter inseminering, og prøvane kan sendast med tankbilen i speneprøveøskjer.

Finn dei tomme kyrne

Viss kua ikkje kjem i brunst att etter inseminering, så er det eit godt teikn på at kua kan vera drektig, men nokre kyr kan ta ein «pause» med å komma i brunst, og det er desse tomme kyrne som det er bra å få avdekka på eit tidleg stadium, slik at me kan gjera tiltak for å få dei med vidare. Ein av fordelane med å bruka dyrlege til drektigheitskomtroll, er at bonden får svar med ein gong, og viss kua er tom, kan dyrlegen kjenna på eggstokkane i same slengen og sjekka kor kua er i syklus.