Klima

Norsk husdyrgjødsel kan gi millionar grøne kilowattimar

Interessa for biogassproduksjon i landbruket er sterkt aukande. Høge energiprisar, i alle fall i deler av landet, stor auke i tilskotet for gjødsel brukt til biogassproduksjon, og introduksjon av biogassanlegg tilpassa for driftseiningar heilt ned mot 30 årskyr er viktige årsaker til dette.

Jon Geirmund Lied

Rådgivar i NLR Nordvest

jon.geirmund.lied@nlr.no

Råtnetanken på gården Toreli i Hustadvika. Les reportasje derfra på side 34.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Biogassproduksjon kan i mange høve dekke både varme- og elektrisitetsbehovet på garden. Når denne energikjelda ikkje har kostnader til linjeleige, når energien blir nytta på eigen gard, har det vorte aktuelt for mange å rekne på biogassanlegg på garden. At eit biogassanlegg kan levere omlag like mykje energi gjennom heile året, i motsetnad til solceller, er også eit poeng.

Tilskot til gjødsel som er nytta i biogassanlegg.

I jordbruksforhandlingane i 2021 vart det avtala ein stor auke i dette tilskotet. I avtalen for 2022 vart det også slått fast at tilskotet kan sjåast på som langsiktig. Tilskotet bidreg stort til å dekke avdrag og renter på lån. Dette gjer at terskelen for å vurdere ei relativt stor investering blir mykje lågare

Tilskotet bidreg stort til å dekke avdrag og renter på lån

Fleire leverandørar med anlegg tilpassa mindre råstoffmengder

Dei siste åra har fleire leverandørar av biogassanlegg tilbydd anlegg tilpassa storleikar som er aktuelle for einskildbruk, eller samarbeid mellom naboar. No finn ein anlegg som kan vere aktuelle frå om lag 1 000 tonn husdyrgjødsel og oppover. Både Folven Gaard sitt anlegg frå sveitsiske HARAL GMBH og Nordisk Biogass sitt anlegg frå TELTEK skal ifølge marknadsføringa, gje lønsemd ved slike gjødselmengder. Førebels har vi få slike anlegg i drift, og lite erfaringstal å bidra med.

Anlegg med kapasitet frå 5 000 tonn til opp mot 25 000 tonn, er det bygd fleire av rundt i Norge dei siste åra. Somme av desse har vore i drift nokre år, slik at ein kan seie meir om både driftskostnader og driftsresultat. Her kan ein nemne aktørar som Mads Mjølk och Gas, Nordisk Biogass og Antek som leverandørar i den norske marknaden.

Det er og under planlegging- og bygd, anlegg mykje større enn 25000 tonn substrat. Men dette er storleikar som hittil har vore uaktuell for finansiering frå landbrukspotten til Innovasjon Norge.

Tilskotsordningar

  • Gjennom Innovasjon Norge kan bønder i dag få tilskot både til utgreiingsfase, forprosjektering og bygging av biogassanlegg

  • Til utgreiing/forprosjekteringsfasen kan det gjevast tilskot til inntil 50 prosent av eksterne kostnader, maksimum 150 000 kr

  • Til bygging av biogassanlegg kan det gjevast inntil 45 prosent tilskot opptil omkring 8 - 9 millionar kroner. Det krevst at anlegget skal gje forsvarleg inntening, og ha klimaeffekt.

  • Til drift av biogassanlegg er det gjennom jordbruksavtalen etablert ei ordning der det blir gjeve tilskot til husdyrgjødsel som blir sendt gjennom ein biogassreaktor (Forskrift om tilskot til husdyrgjødsel nytta i biogassanlegg):

    • Levert til eget biogassanlegg:2 770 kr pr. melkeku, 1 583 pr. ammeku, 950 pr. ungdyr

    • Levert til anlegg som ikke er eget: 833 kroner per tonn levert husdyrgjødsel, vektet for tørrstoffinnholdet i gjødselen. Eit gardsbruk med 4 000 tonn husdyrgjødsel med 7 prosent tørrstoff vil kunne få utbetalt 450 000 kr pr. år

Redusere klimagassutsleppa i gardsdrifta

Antek biogass reaktor hos Roar Svanem.

Foto Ingvar Kvande NORSØK

Biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel er ein aktuell måte for å redusere klimagassutslepp frå landbruket. Vi kan få effekt på klimagassutsleppa på fleire måtar:

- Ein kan nytte biogass til å erstatte energikjelder med høgare klimagassutslepp. Dette gjeld særskilt når biogass erstattar fossilt drivstoff som til dømes diesel. CO2-utsleppet blir redusert med 2,7 kg for kvar liter diesel ein byter ut.

- Biogassprosessen aukar innhaldet av plantetilgjengeleg nitrogen i bioresten i høve til ubehandla husdyrgjødsel. For kvart kg nitrogen ein slepp å kjøpe i form av handelsgjødsel kan ein rekne minst 3,7 kg redusert CO2-utslepp.

Investere i biogassanlegg?

Eit biogassanlegg er ei stor investering. Husdyrgjødsel er, med unnatak av fjørfegjødsel, lite potent som råstoff i biogassprosessen. Marginane er små. Det er derfor viktig å ha kontroll med kostnadssida, men og kunnskap om dei biologiske prosessane som skjer i biogassreaktoren, og drifta av anlegget elles. Det er og viktig å kunne utnytte biogassen og bioresten for best mogeleg økonomisk resultat.

Kva kostar eit biogassanlegg?

Gjødslingsforsøk med biorest. Hustadvika, Møre og Romsdal.

Foto: Nina Ugelvik NLR Nordvest

Prisen på anlegg varierer mykje, både etter kva det inneheld, storleik og type. Dei minste og enklaste er det sagt at ein kan bygge for under 5 millioner kroner. Ei grov rettesnor kan vere at anlegg som skal handtere om lag 10 000 tonn substrat kostar om lag 1 million pr. 1 000 m3. Ved mindre substratmengder vil prisen pr. 1000 m3 bli høgare - og ved større volum kan prisen bli lågare. Men her er mange variablar som; tomtekostnader, behov for biorestlager, med- eller utan generator og utforming av rågasslageret. Så kjem det at anlegga i marknaden har ulike tekniske løysingar, ikkje minst på sjølve reaktoren.

Kva kostar det å drifte eit biogassanlegg?

Biogassanlegg hos Inge Hoemsnes.

Foto: Sparebank 1 Midt-Norge

Dei biogassanlegga som er aktuelle som gards- eller grendeanlegg i Norge, er bygd opp som relativt sjølvgåande anlegg, der ein etter oppstartfasen kan rekne at det daglege arbeidet i stor grad består i å sjekke at alt fungerer som det skal. På same måte som elles i landbruket, kan der oppstå situasjonar som krev ekstra innsats. Vidare må ein rekne inn nokre vedlikehaldsoppgåver med jamne mellomrom som til dømes oljeskift.

Ein må også rekne med ei viss innkøyringstid for anlegget. Kanskje opp mot eitt år, der ein må vere budd på ekstra innsats.

Dersom det er behov for transport av substrat inn og biorest ut frå anlegget blir det fleire arbeidstimar, alt etter kor rasjonelt transport, lasting og lossing er organisert. Er det aktuelt å ta imot eksterne substrat, vil det ofte følgje med eit visst planleggingsbehov. Store transportkostnader vil ha stor innverknad på driftsresultatet.

Kva med anna råstoff (substrat) enn husdyrgjødsel?

Forsøksfelt med biorest samanlikna med husdyrgjødsel og handelsgjødsel. Hustadvika.

Foto: Nina Ugelvik NLR Nordvest

På eit gards- eller grendeanlegg med berre drøvtyggar- eller grisegjødsel vil tilgang på eit meir potent/næringsrikt råstoff vere interessant. Fjørfegjødsel er eit slikt råstoff. Meir næringsrike «avfallsprodukt» frå meieri og møller, matavfall eller avfallsslam frå oppdrettsnæringa, er produkt som vil vere aktuelle å blande saman med drøvtyggargjødsel. I tillegg til at ein oppnår eit høgare biogassutbyte i reaktoren, er det fleire av desse avfallsprodukta som vil kunne gje inntekter som såkalla «Gate Fee»; at ein får betaling for å ta imot dei. Alternativet for produsentane er oftast å levere dei til ulike mottaksanlegg for avfallsdestruksjon. Dette er ofte svært kostbart.

Så må vi vere merksam på at andre råstoff kan ha nokre tilleggseffektar, som vi kanskje ikkje er så glad i. Tungmetall, giftstoff og mikroplast er noko vi som matprodusentar må vere merksame på. Derfor er det viktig at vi veit kva vi blir tilbydd før vi tek imot.

Utnytt biogassen

For gards- og grendeanlegg vil det oftast vere mest å tene på om ein kan utnytte biogassen til varmeproduksjon, men kombinert elektrisitet- og varmeproduksjon er og økonomisk interessant. Dersom ein ikkje har høve til å utnytte biogassen til varme, kan det vere aktuelt å berre produsere elektrisitet. Men dette gjev redusert lønsemd.

Oppgradering av biogassen til drivstoffkvalitet er per no ikkje økonomisk interessant på dei voluma som blir produsert på gards- og grendeanlegg.

mest å tene på om ein kan utnytte biogassen til varmeproduksjon

Utnytt bioresten

Bioresten som kjem ut av biogassanlegget er rekna å ha betre kvalitet som gjødsel enn husdyrgjødsla som blir putta inn i anlegget. Den er enklare å spreie, trengjer raskare ned i jorda, og ikkje minst, den har ein høgare del plantetilgjengeleg nitrogen av totalnitrogenet. Men for å kunne utnytte dette nitrogenet er det avgjerande viktig at ein har spreieutstyr som reduserer tap av plantetilgjengeleg nitrogen til luft. I tillegg til CO2-effekten som er nemnt tidlegare, vil ei eventuelt betre nitrogenutnytting gje gevinst ved reduserte kostnader ved innkjøp av nitrogengjødsel. Siste året har denne gevinsten vore stor.

Korleis ser klimarekneskapen ut?

Tala som til no har vore nytta til vurdering av klimaeffekt for biogassanlegg basert på husdyrgjødsel er omdiskutert. Ei gruppe har arbeidd med dette. Det vil i løpet av våren kome forbetra verktøy for utrekning av klimaeffekten av å sende husdyrgjødsla gjennom ein biogassreaktor. Her kjem likevel nokre av dei vurderingane som er:

Der det er planlagt å nytte gassen til å erstatte elektrisitet, vil ein i eit norsk reknestykke (erstatning av norsk vasskraft), oppnå liten klimagevinst. Eit tal som er nytta er at ein GWh norsk elkraft har eit CO2 utslepp på vel 16 tonn CO2-ekvivalentar. Blir gassen nytta til å erstatte fossil diesel er utbyttingseffekten rekna å vere 2,7 kg CO2 pr. liter diesel.

Sjølve utrotningsprosessen i ein biogassreaktor i forhold til utsleppa frå husdyrgjødsel er også rekna å føre til reduksjon i utsleppa av CO2. Eit estimat her er 3-4 kg CO2-reduksjon pr. tonn gjødsel. Så er det nok slik at lagringstida for husdyrgjødsel påverkar desse tala. Dessutan temperaturen i husdyrgjødsellageret. Fleire andre forhold spelar også inn.

Forprosjekt vil være nyttig

Investering i eit biogassanlegg på garden er ein stor kostnad med mange faktorar som vil kunne påverke lønsemda av investeringa. Det er viktig at ein får utført ei god vurdering av prosjektet før ein bestemmer seg. Finansieringsinstitusjonane vil oftast krevje at det er utført eit forprosjekt før dei vil vurdere søknaden. Eit forprosjekt vil også auke kunnskapsnivået hos søkjaren, og gje større eigarskap, både til sjølve prosjektet, men og til klimanytten dette vil ha. Hugs også på at det kan vere eit like aktuelt scenario å levere husdyrgjødsel til eit biogassanlegg og ta bioresten i retur.

Biogass

Analyseselskapet Carbon Limits har i rapporten Ressursgrunnlaget for produksjon av biogass i Norge i 2030 beregnet at husdyrgjødsla frå norsk landbruk teoretisk kan produsere opp mot 800 GWH (0,8 TWH) årleg i form av biogass. Forutset utnytting av om lag 60 prosent av all husdyrgjødsel produsert på norske gardsbruk i 2030 (6 600 000 tonn).

Ifølge NVE kan biogass frå norske husdyr dekke 4 prosent av auken i straumforbruket fram mot 2040 (NVE Rapport nr 22/2019).

I 2018 vart om lag 70 000 tonn husdyrgjødsel nytta til biogassproduksjon (mengde som fekk tilskot). Av dette vart 6 800 tonn nytta i gardsbaserte anlegg.