Tema: Gras
Nytt om grasdyrking frå konferanse i Sveits, del 2

Aktuelt om grasdyrking

Bildeanalyse av mengde kløver i enga, verknader av raigras, planteval og trakkskader og jordløysing var tema som var oppe på konferansen.

Tekst og foto
Lars Nesheim

Tidlegare grovfôrforskar i Nibio

Testing av populasjonar i planteforedlinga.

Del 1 frå konferansen i Sveit finn du på side 80 i Buskap nr. 2 (se buskap.no)

N-gjødsling til eng - ­tilpassing til kløverinnhald

Det er fleire fordelar med å så ­kløver saman med gras ved ­etablering av eng og beite. Fôrkvaliteten og fôropptaket kan verte betre. Og ikkje minst kan ein redusere nitrogengjødslinga fordi kløverplantene kan binde nitrogen i frå jordlufta. Men utfordringa er å finne eit rett tal for kor mykje kløver det er i grasmarka. Å vurdere kløverinnhaldet på skjøn er ikkje lett, særleg ikkje på store areal, fordi innhaldet kan variere mykje. I eit dansk foredrag vart det gjort greie for samanheng mellom ­kløverinnhald, gjødsling og avling, og korleis ein kan nytte bilde­analyse til å finne betre estimat for kløverinnhald. Ved å kople data frå bildeanalysen til gjødselspreiaren kan ein tilpasse N-gjødslinga til kløverinnhaldet. Det kan redusere gjødselkostnadene, og også minke risiko for avrenning av nitrogen og tap av N ved lystgassutslepp.

Fleirartsblandingar samanlikna med reinbestand

Nibio-forskarane Marit Jørgensen, Ellen Elverland og Anne Kjersti Bakken, samt ein irsk kollega, presenterte førebelse resultat frå forsøk med fleirartsblandingar. På tre forsøksstader (Tromsø, Stjørdal og Klepp) vart blandingar med opp til sju artar (fem grasartar og to kløverartar) samanlikna med dei same artane i reinbestand. Avlingsresultata i første engår viste tydeleg kor viktige kløver­artane er, men òg at fleirarts­blandingane stort sett gav høgare avling enn reinbestanda.

Verknad av å inkludere fleir­årig raigras i frø­blandingar

På dei same forsøksstadene som i opplegget omtala ovanfor ­gjennomfører Marit Jørgensen og kollegaer forsøk med fleirarts­blandingar med og utan fleirårig raigras. Det kan vere ønskjeleg å ta med fleirårig raigras i frøbland­inga ut i frå avlingspotensial og fôrkvalitet, men utfordringa er overvint­ringsevna. Å ta med raigras førte til større avling, høgare meltegrad og mindre ugras på alle tre forsøksstadene i første engår. Blandingar med artar som etablerer seg raskt gav mindre dominans av raigras enn blandingar med meir seintveksande artar.

Verknad av tørke – plasttelt som held nedbøren borte.

Frøblandingar til eng om vekstsesongen vert lengre

Ved ein lengre vekstsesong vert det sett større krav til gjenvekst enn det som noverande sortar av timotei har, og truleg vil det vere fornuftig å bruke artar som har eigenskapar som til saman kan dekke ulike veksevilkår. I forsøk på Fureneset, Løken og Tjøtta har Nibio-forskaren Liv Østrem og kollegaer undersøkt avling og kvalitet på eng etablert med seks ulike frøblandingar. Det var skilnader både mellom stader og blandingar, men to berre to hausteår er for lite til å dra endelege konklusjonar.

Kva betyr plantevalet for trakkskader i beite?

Beiting kan gi store trakkskader. I eit fireårig svensk forsøk undersøkte Nilsdotter-Linde med fleire om val av beiteplanter kan redusere skadane i grasmark som vert skiftebeita. Det vart sett saman fire frøblandingar av kvitkløver, strandsvingel, engrapp, raudsvingel og fleirårig raigras. Av dei tre siste artane var det med både ein fôrtype og ein plentype. Det var ingen sikre avlingsskilnader mellom frøblandingane. Delen av kvitkløver og engrapp auka frå første til fjerde beiteår. Særleg om hausten vart det betydelege trakkskader uansett kva frøblanding som var brukt, men alle blandingane hadde stor evne til å ta seg igjen. Beite etablert med sortar av plentype hadde best dekkingsgrad.

Avlingsresultata i første engår viste tydeleg kor viktige kløverartane er

Jordløysing i eng

I Nederland vart det prøvd ein jordløysar på ei pakka sandjord. Utstyret hadde fem tindar med avstand 60 cm, og arbeidsdjupet var 25 cm. Jordløysinga vart utført anten om våren (etter 1. slått) eller om hausten. Verknadene av behandlinga vart registrert i fem slåttar i to år (vårbehandling) eller i eitt år (haustbehandling). Jordløysinga gav betre jordstruktur og rotutvikling, men ingen sikre avlingsskilnader i middel av to år. Behandlinga førte til avlingsreduksjon i første hausting etter jord­løysinga, men det vart kompensert allereie i andre hausting. I det norske prosjektet Agropro vart det også prøvd ein liknande jordløysar som i Nederland. På to grovfôrgardar i Orkdal og på Jæren vart det registrert avlingstap i første slåtten etter behandling, men ­seinare var det ingen sikre avlingsutslag.

Korleis sikre overføring av kunnskap

I EU-prosjektet Inno4Grass vart det etablert 55 diskusjonsgrupper i åtte land kalla Practice and ­Science Meetings. Gruppene var sett saman av gardbrukarar, ­rådgivarar og forskarar. Føremålet med gruppene var å diskutere korleis kunnskap kan overførast frå forsking til praksis, «how to bridge the gap». I evalueringa vart det lagt vekt på samansetjing av gruppene, og på metodikk for gjennomføring av slike diskusjonsmøte.

Kva er viktig for gardbrukarar i ein avgjerdsprosess

I det same EU-prosjektet som er nemnt ovanfor vart det gjennomført ei spørjegransking mellom 1 000 gardbrukarar i åtte land. Føremålet var å finne ut kva faktorar som er viktige for gardbrukarar når dei skal ta ymse avgjerder om gardsdrifta. Resultata viser at gardbrukarane sine eigne verdiar og normer var aller viktigast, så følgde oppfatning («image») av garden, rådgivarar, konsumentar og familie.

Kunnskap om tørke og vatning av eng berre i liten grad er formidla til det praktiske jordbruket

Overføring av kunnskap om tørke til praksis

Tørken sommaren 2018 ramma mange europeiske land. Sveits­iske forskarar har gått i gjennom resultat i frå ymse forsøk og ­granskingar med vassforsyning til eng, for å sjå på verknader på vegetasjonen og for å omsetje resultata til praktiske tilrådingar. Dei fann at kunnskap om tørke og vatning av eng berre i liten grad er formidla til det praktiske jord­bruket. Konklusjonen deira var at det er nødvendig at rådgivings­tenesta gjer ein innsats for at slik kunnskap skal verte tilgjengeleg for gardbrukarane.