Økonomi
Jakten på marginene

Knappare ressursar krev auka presisjon på planlegginga

Melkeinntektene i 2020 vil for dei fleste gå merkbart ned. Det er nødvendig å orientere seg godt om framtida, sjå korleis dette slår ut og ta styring.

Helge Øksendal

Økonomirådgjevar i Tine

helge.oksendal@tine.no

Viggo Mikalsen

Spesialrådgiver, Forskning og Fagstøtte i Tine

Når ressursane blir knappare, blir slingringsmonnet mindre. Presisjonsnivået på planane må aukast.

Denne artikkelen handlar om grundig prognosering av mjølk- og kjøtleveransen, forbruket av kraftfôr og grovfôr samt nokre viktige rekneskapspostar. Berekningar er gjort i Tine produksjonsprognose, som er nytt av året. Verktøyet gjer alle berekningar månad for månad frå planleggingstidspunktet og til utgangen av neste år.

Mjølk, kjøt og fôr

Mjølkeprognosen i Kukontrollen (KK) gjev god oversikt over alle hodyr. Denne, saman med ein del andre opplysningar frå KK, blir førte over i prognoseverktøyet. Ved å legge til hanndyr, samt kjøp og sal av livdyr, får ein ei fullstendig dyreprognose. Fôrbehovet (energibehovet) blir rekna ut for kvart dyr etter same prinsipp som Norfor og vekstfunksjonar i Mjølkonomi.

Grovfôr

Ein tildeler kraftfôr per dyrekategori i ulike aldersgrupper og sesong. Grovfôr-forbruket blir differansen mellom energibehovet og tildelt kraftfôr. Ein kan sjå forbruket månad for månad, om det held fram til sommaren og kor mykje fôr ein treng neste vinter. Ein kan sette mål om redusert kraftfôrforbruk og finne kor mykje rundballar som må produserast for å dekkje behovet.

Her har mange stort økonomisk potensial. I tillegg kan ein gje sitt bidrag til å auke norsk sjølvforsyningsgrad!

Figur 1: Prognosert meierileveranse. Dette er same tala som i mjølkeprognosa kjend frå tidlegare, medan den i Tine Produksjonsprognose er vist fram grafisk.

Figur 2: Dyreflyt mjølkekyr, syner fordeling av kyr i perioden, samt utnytting av fjøsplass.

Figur 3. Figuren tar med heile besetninga. Det kan vere nyttig å sjå kor mange plassar som er i bruk månad for månad.

Figur 4. Tonn kraftfôrforbruk månad for månad.

Økonomi

Legg ein også til melkeprisløypa, kjøtprisar per dyrekategori og kraftfôrpris, finn ein tilhøyrande inntekter og utgifter månad for månad. Dyretal og arealtal gjev grunnlag for å rekne tilskot. ­Tenkjer ein å få utarbeidd eitt likviditetsbudsjett, har ein då kontroll på fire av dei viktigaste postane.

Styringsverktøy

Forutan auka medvit under planlegginga, gjev prognosen over­siktar ein kan halde resultata opp mot.

DØME

Reknedømet omhandlar ei gard med 406 000 liter disponibel ­mjølkekvote. Leveransen siste åra er ein del under dette. I fjor var det 52 årskyr og snittavdråtten var om lag 7 740 kg mjølk. Fruktbarheita og kvigeoppdrettet er tilfredsstillande. Det er plass til berre nokre få oksar. Bruket har godt om grovfôrareal, men har potensial for auka avling. I fjor var snittavlinga 490 fôreiningar (FEm) pr. dekar. Kraftfôrbruken er litt høg, om lag 34 kg/100 kg EKM. Grovfôropptak i KK har lege omkring 64 MJ/ku/dag.

Målsetting og prognose

Brukaren i dømet, har ønskje om å finne avbøtande tiltak tilsvarande nedgangen i mjølkeinn­tekter. Om han driv som i 2019, blir nedgangen om lag kr 100 000. Brukaren ønskjer å sjå på følgjande:

  • Kvotefylling

  • Auke avlinga

  • Redusert kraftfôr- og auka grovfôrandel

Under gjennomgangen av føresetnadene i prognosen aukar ein til 54,5 årskyr og avdråtten til 8 080 kg. Avlingsnivået kommande sesong aukast med 50 FEm pr. dekar. Kraftfôr per 100 kg EKM blir redusert til 27,5, samt noko reduksjon til oksane. Følgjeleg aukar grovfôropptaket.

I tabell 1 ser vi korleis inntekter og kostnadar blir påverka. Gevinsten i 2020 forventar ein blir kr 155 000. Mesteparten av dette er ein årleg effekt!

Figur 5. Restbehaldning av grovfôr, målt som rundballar (rundballe-ekvivalent = gj.sn. rundball). Prognosen reknar kor mykje grovfôr som går med i perioden, og dermed kor mykje fôr som trengst på lager.

Figur 6. Mjølke-, slakteinntekt, distriktstilskot, sal av kalvar og estimert etterbetaling for mjølk.

Tabell 1: Tabellen syner økonomisk effekt av auka melkeleveranse og redusert kraftfôrforbruk

2020

Utan tiltak

Med tiltak

Gevinst

Melkeinntekter, tusen kr

1 927

2 050

122

Forbruk kraftfôr, tusen kr

593

522

71

Forbruk eige grovfôr, tusen kr

231

242

-11

Kjøp grovfôr, tusen kr

12

40*

-28

Inntekter — kostnader, tusen kr

2 327

2 503

155

*For å ha nok fôr fram til 1. slått, må det kjøpast meir grovfôr inneverande år.

Figurar med planlagt utvikling

For å ha noko å styre etter, gjev prognosen i tillegg til nøkkeltal ei rekkje figurar med planlagt ut­­vikling for viktige storleikar. Ein del av figurane frå dømet er ­presentert i figurane 1 til 6. Ein kan følgje med, månad for månad, om resultata følgjes åt med prognosen. Gjer den det har ein kontroll på at ein når måla. Avvik vil kunne avdekkjast tidleg og tiltak kan settast inn. Prognosen er ei god rettesnor. Over tid kan uføresetnadene endre seg. Då må prognosa ­reviderast!