Tema: Gras
Grovfôrkonferanse i Sverige:

– Noko å hente også for norske tilhøve

Her kjem nokre faglege drypp frå grovfôrkonferansen i Uppsala.

Tekst og foto
Lars Nesheim

Tidlegare grovfôrforskar i Nibio

Arrangørane av Vallkonferensen 2020. Frå venstre Gun Bernes, SLU, Ola Hallin, Hushållningssällskapet, Nilla Nilsdotter-Linde, SLU, Cecilia Müller, SLU, Rolf Spörndly, SLU, Pernilla Kvarmo, Jordbruksverket og Hans Lindberg, Växa Sverige.

I februar arrangerte Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU) og andre organisasjonar innan landbruket ein ­konferanse om produksjon og utnytting av grovfôr i Uppsala. Dette var tredje konferansen i rekkja. Av 250 deltakarar var det 14 rådgivarar og forskarar i frå Norge.

Mjølkeproduksjon med mykje ensilert grovfôr

Johanna Karlsson og kollegaer ved SLU gjennomførte eit fôringsforsøk med 37 mjølkekyr. Dyra fekk anten maksimalt 6 eller 12 kg kraftfôr, med fri tilgang på ensilasje av gras/kløverblanding. Kraftfôret var basert på biprodukt (betefiber, kli, drank og liknande) og grovfôret hadde høg meltegrad. I middel for heile laktasjonen hadde kyr som fekk 6 kg kraftfôr lågare totalt fôropptak, men eit større grovfôropptak en dei som fekk 12 kg kraftfôr. Det var ingen sikre skilnader i mjølkemengd og mjølkesamansetning. Heller ikkje i hold og energibalanse samt i mjølkeinntekter minus fôrkostnader var det skilnader. Resultata syner at det er mogleg å få høg mjølkeavkasting på myke grovfôr med høg meltegrad og høgt energi innhald.

Grovfôrtypar til drektige ammekyr om vinteren

Mikaela Jardstedt og kollegaer har samanlikna fire ulike fôrrasjonar til ammekyr. Rasjonane var: 1) Ensilert timotei/engsvingel. 2) Ensilert hykor raisvingel + urea. 3) Ensilert strandrøyr 4) Bygghalm +urea og rapsmjøl. Forsøket omfatta 36 ammekyr i ein periode på 16 veker. Rasjon 1 og 2 førte til overfôring med vekt- og holdauke samt høgare fôrkostnader i høve til strandrøyr. Dette skjedde trass i seint haustetidspunkt. Fôring med strandrøyr førte til tap i vekt og i hold om vinteren, men dyra tok seg att i beiteperioden sommaren etter. Fôring med strandrøyr med kvalitet som i dette forsøket, eller tilsvarande grovfôr, kan vere ein strategi for unngå holdauke, minke fôrforbruket og såleis redusere fôrkostnadene i innefôringsperioden.

Isåing eller pløying – nye hjelpemiddel for rett avgjerd

Isåing kan vere eit alternativ til full fornying. Men mange forsøk og erfaringar har vist at det kan vere vanskeleg å ­lukkast med slik isåing. På Nibio Særheim arbeider Mats Höglind og Victor Rueda-­Ayala med å finne enkle måtar å vurdere bestandet på. Kor tynt og glissent må bestandet vere for at dei isådde ­vekstane skal greie å etablere seg og konkurrere med dei opphavlege plant­ene? Det vert nytta bildeanalyse for å fastsetje dekkingsgraden. Målet med arbeidet er å utvikle ein app på mobil­telefonen, som kan nyttast til å ta bilde av bestandet og som kan gi ei tilråding om ­isåing kan ­lukkast eller ikkje.

Beite til mjølkekyr – korleis få best mogleg utnytting

Ein av Europas leiande forskarar innan beiting med mjølkekyr, Agnes van den Pol-van Dasselaar frå Nederland, heldt foredrag om nye beitesystem. Beitedrift gir mange fordelar både for gardbrukarane og for storsamfunnet. Men sjølv om økosystemtenestene i samband med beiting vert høgt verdsett av samfunnet, vert dei vanlegvis for dårleg betalt. Foredragshaldaren presenterte nye forretningsmodellar der gardbrukarane vert betalt for meirverdien dei bidreg til. Dei seinare år har bruken av beite til mjølkekyr minka i heile Europa, overgang til ensilert mais er ei årsak. I Nederland har 80 organisasjonar innan verdikjeda ‘mjølkeproduksjon’ gått saman om ‘Treaty on grazing’ med føremål om å snu denne utviklinga. Det er kome opp fleire initiativ som kan stimulere til auka beitebruk. Mellom anna har meieribransjen vedtatt å betale ein bonus til gardbrukarar som har mjølkekyrne på beite minst 6 timar per dag i minst 120 dagar per år. Liknande ordningar har også kome i stand i land som Belgia, Frankrike, Spania og Tyskland.

Beiteopplegg må sjølvsagt tilpassast tilhøva i det enkelte land og på den enkelte gard. I Nederland har dei utvikla ‘New Dutch Grazing’. Det går ut på å få til infrastruktur som gangvegar, vasstilgang og faste gjerde så billig og effektivt som mogleg. Beitearealet vert delt inn eit tal skifte, som er om lag like store. Skifte som er avsett til slått vert hausta kvar 4.-6. veke. Dyra vert flytta kvar dag, og kjem tilbake til same skifte etter 6-7 dagar. Beitehøgda vert alltid halde mellom 8-12 cm.

Finn dei grovfôreffektive kyrne og auk lønsemda

I følgje Kjell Holtenius ved SLU finst det ingen klar definisjon på grovfôreffektive kyr. I eit forsøk følgde dei 27 mjølkekyr i ein heil laktasjon. Grovfôreffektive kyr hadde eit lågt totalt fôrinntak i høve til berekna fôropptak, såkalla ‘residual feed intake’ (RFI), men eit høgt opptak i høve sin metaboliske kroppsvekt. Grovfôreffektive kyr vog mindre enn middelet og gav høgre mjølkeinntekter i høve til fôrkostnadene.

‘Inno4Grass’ – innovasjon i eng og beite

Sveriges Lantbruksuniversitet og Svenska Vallföreningen har vore med i eit EU-prosjekt i saman med ulike institusjonar og organisasjonar i åtte land. Intervju med i alt 170 gardbrukarar, av desse 20 i Sverige, har vore ein av aktivitetane. Utarbeiding av informasjonsmateriell om eng og beite har også vore viktig. Mykje av dette er samla på nettsidene Encyclopedia Pratensis (www.encyclopediapratensis.eu)

Konferanserapporten finner du her: file:///C:/Users/Bruker/AppData/Local/Microsoft/Windows/INetCache/IE/IUBND4DG/nilsdotter_linde_n_bernes_g_200210.pdf