Økonomi

Suksess med mjølkerobot

Ei masteroppgåve ved Norges Handelshøgskole har sett på kva som skal til for å lukkast med mjølkerobot.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar i Tine

Bruk av roboten til langsiktig planlegging bidreg positivt med tanke på jobbtrivsel og opplevd balanse mellom jobb og fritid, men store mengder ubehandla rådata kan vere ein stressfaktor. Foto: Rasmus Lang-Ree

Suksess med mjølkerobot var tittelen på ei masteroppgåve om mjølkerobot på Norges Handelshøyskole i haust, skriven av Caroline Tandberg Bugge og Pernille Kristine Skibrek, med rettleiing frå Tine. Dei nytta data Ruralis samla inn i Robotprosjektet på NMBU til å undersøkje kva som skal til for å lukkast med mjølkerobot. Til saman 739 bønder frå heile ­landet, 105 kvinner og 634 menn, svara på ei undersøking om ­korleis dei opplever arbeids­kvardagen med robot. Middel buskapsstorleik i undersøkinga var 47,2 årskyr, og dei fleste hadde mellom 28 og 62 kyr. ­Suksess vart målt på fleire ulike måtar, ikkje berre som inntekt, men òg som opplevd jobbtrivsel, psykisk helse og balanse mellom familie og arbeid.

Kvinnelege bønder har lågare inntekt

Funna syner at kvinnelege bønder har lågare inntekt enn menn. Lågare inntekt blant kvinner forklarte studentane med at kvinner prioriterer å ha ein god balanse mellom jobb og fritid, og legg litt mindre vekt på inntekt enn menn. Høgare landbruksutdanning, ­kollegaer å diskutere drifta med, tal år erfar­ing med robot, og trening i bruk av roboten aukar inntekta. Motsett heng mangel på nokon til å overta, og manglande bruk av roboten til langsiktig planlegging, saman med lågare inntekt. Funna knytte til trening i bruk av roboten syner kor viktig god opplæring og tilgang til rettleiing i bruken er for å lukkast.

Jobbtrivsel, psykisk helse og balanse mellom jobb og familie

Jobbtrivsel vart målt ved at ­bøndene svara på påstandar om kor tilfredse dei er med arbeidskvardagen, tryggleiken på arbeidsplassen, arbeidsmiljøet, fleksibiliteten i kvardagen og kor optimistiske dei er. Tilsvarande vart den psykisk helsa målt med påstandar om opplevd stressnivå, graden av einsemd, om dei opplevde økonomiske vanskar eller uro knytt til eiga helse, og kor ofte dei kjende seg slitne. Balansen mellom jobb og familie vart målt med påstandar om tid brukt på matlaging og husarbeid, samt tid til disposisjon for familien på kveldstid og i helgane.

Aukande arbeidspress ein stressfaktor

Funna syner at aukande buskapsstorleik har ein negativ effekt på trivsel, psykisk helse og opplevd balanse mellom jobb og fritid. Såleis tyder funna på at aukande arbeidspress er ein stressfaktor i kvardagen. Dei som ikkje har nokon til å overta bruket rapporterer lågare trivsel og dårlegare ­psykisk helse, jamført med dei som har. Dermed kan det sjå ut til at behovet for å føre slektsgarden vidare framleis er viktig for mange. Tilsvarande som for inntekt, ­bidreg kollegaer å diskutere med, samt tilgang til rettleiing og ­trening i bruk av roboten positivt, både for jobbtrivsel og psykisk helse.

Kvinner rapporterer litt dårlegare psykisk helse enn menn, noko som kan tyde på at dei er meir stressa enn mannlege bønder. Ei anna forklaring kan vere at dei er flinkare enn menn til å rapportere helseplager. Samstundes opp­lever kvinner ein vesentleg betre balanse mellom jobb og fritid, noko som kan tyde på at dei ­prioriterer litt annleis i kvardagen. Tal år erfaring med roboten, tilgang til rettleiing og det å ha ­kollegaer bidreg positivt til balansen mellom jobb og fritid for båe kjønn. Funna stadfestar dermed kor viktig det er å ha tilgang til hjelp, samt eit godt fagleg og sosialt nettverk.

Bruk av roboten i avgjerdsprosessen

Funna knytte til å bruke roboten i langsiktig planlegging i drifta sprikte. Såleis har bruk av roboten til langsiktig planlegging ein positiv samanheng med jobbtrivsel og opplevd balanse mellom jobb og fritid, medan samanhengen med psykisk helse er negativ. Data frå roboten er i hovudsak mynta på dagleg drift, og flaumen av data er stor. Slike «rådata» er ikkje det same som informasjon, og for å vere til nytte i avgjerdsprosessen må data gjerne omarbeidast. Utan at data vert framstilte på ein ­fagleg god måte og tilpassa avgjerdsprosessen, kan bønder oppleve store datamengder som ein stressfaktor i kvardagen. Funna tyder såleis på at det er behov for å gjere styrings­programma i roboten meir informative, slik at bøndene kan bruke dei til å ta betre avgjerder både på kort og lang sikt.