Fôr

Erstatningsfôr til storfe ved mangel på grovfôr

Ein svensk rapport har vurdert aktuelle erstatningsfôr i år der tørke gjer at det vert for lite vanleg grovfôr.

Lars Nesheim

Tidlegare grovfôr-forskar i Nibio

lar-ne@online.no

Eksempel på utnytting av utmarksbeite. Foto: Lars Nesheim

Våren og sommaren 2018 var særs tørr i Sverige, som i store delar av Norge, og eng- og åkeravlingane vart kraftig reduserte. Forskarar ved Sveriges Lantbruksuniversitet utarbeidde ein rapport om ulike moglegheiter for å finne erstatningsfôr for manglande engavlingar (https://www.slu.se/centrumbildningar-och-projekt/futurefood/publikationer/framtidens-lantbruk/ersattningsfoder/).

Berre 60 prosent av avlinga året før

I dei distrikta i Sverige som har mange mjølkekyr, og der eng­avlingane normalt er høge, vart det i 2018 hausta berre om lag 60 prosent av avlinga i 2017. Korn­avlingane var berre 45 prosent i middel for heile landet, jamført med 2017. Rapporten tek opp mange problemstillingar, som ­korleis ein handterar eng i ein ­tørkeperiode, kor mykje fôr ein kan forvente å utnytte på ut­marks­- og skogsbeite, haustetid for heilgrødeensilasje, kva mellomgrøder ein kan nytte og ammoniakk­behandling av halm.
I rapporten er alle aktuelle tiltak sett opp i eit skjema, som viser kva ein kan gjere i veke for veke gjennom sesongen. I denne artikkelen er det gitt eit samandrag av dei mest aktuelle tiltaka.

Ensilasje av heilgrøde

Når det vert klart at det ikkje vert nok vanleg grovfôr, kan ein sjå på moglegheitene for å hauste korn som var meint til mogning, og ­heller lage ensilasje av heilgrøde. Vanlegvis er omfanget av heilgrøde i Sverige om lag 450 000 dekar, medan i tørkeåret 2018 var omfanget dobbelt så stort. Det er gjort fleire granskingar i Sverige om korleis kvaliteten til ulike grøder utviklar seg frå mjølkemogning til deigmogning, og ein kan trekkje følgjande konklusjonar:

  • Av omsyn til næringsinnhald, meltegrad og ensilerbarheit ­eignar bygg og rugkveite seg betre som heilgrøde enn kveite og havre

  • Hausting ved mjølkemogning gir ei sukkerrik avling med høveleg tørrstoffinnhald, og som er lettare å pakke og å ensilere enn ei avling etter ­hausting ved deigmodning.

I nemnde granskingar vart det ikkje tatt omsyn til avlingsnivå. Danske forsøk syner at utsett hausting, frå aksskyting til 5—8 veker etter, gir stor auke både i tørrstoff- og energiavling. Dersom ein planlegg å så ei mellomgrøde etter hausting av heilgrøda, vil det vere fornuftig med ei tidleg haust­ing, slik at mellomgrøda får lengst mogleg veksetid. Men om ein ikkje skal så mellomgrøde, vil det løne seg å hauste så seint som råd, ut i frå omsyn til at ensilerings­kvaliteten vert god. Fôret må ikkje verte for turt.

Såing av mellomgrøder

Raskt veksande grøder kan gi ei avling på 2—300 kg tørrstoff per dekar i tidleg oktober om dei vert sådde seinast 1. august, under føresetnad av at det kjem regn i samband med såinga. Vekstane kan vere havre, rug eller eng­vekstar som westerwoldsk raigras. Det kan også vera belg­vekstar som ert, fôrvikker eller blålupin. Fleire kålvekstar veks også raskt i starten, og om ein sår oljereddik, fôrraps eller formarkkål kan dei eigna seg godt til stripebeiting i september/oktober.

Tiltak i enga ved tørke

Det er vanskeleg å følgje vanlege retningslinjer for val av haustetid i ein tørkeperiode. Ei tilråding er å hausta første slåtten så snart at tørken verkar negativt på tilveksten. Gjenveksten bør haustast eller pussast av straks før det kjem regn, sjølv om avlinga vert liten. Det kan gjere at avlings­nivået i neste gjenvekst vert ­betydeleg. Det kan også vere ­vanskeleg å avgjere kor tid ein skal gjødsle etter første slått, når det er tørt. Det klare rådet er å vente til det er utsikt til regn for gjødsling under tørre tilhøve kan føre til sviding og til uheldig høgt innhald av nitrat i plantene. Dersom vårgjenlegget vert mislukka på grunn av tørke, er det råd å så opp att om hausten. Kor seint ein kan så varierer mellom lands­delane, men ein bør helst så før 1. september. Ved såing om ­hausten er det risiko for at raudkløveren etablerer seg dårleg.

Utnytting av utmarks- og skogsbeite

Om eng og innmarksbeite tørkar bort, kan det vere råd å utnytte ressursar på utmarks- og skogsbeite. Svenske granskingar på det dei kallar naturbetesmark gav tørrstoffavlingar mellom 140 og 440 kg per dekar. Det kan bety at slike beite kan gi nok fôr gjennom ein beitesesong til 0,2 ungdyr og 0,1 ammekyr per dekar. På skogsbeite trengst det langt større areal per dyr. Lønsemda med bruk av slike beite vil avhenge av kostnader til gjerde, beitevegar og ­liknande.

Fôring med halm

Ubehandla halm har låg kvalitet, men kan likevel gis til ungdyr, sinkyr og ammekyr. Men då må ein sikre tilstrekkeleg mengd ­protein gjennom å gi kraftfôr. Ammoniakkbehandling av halm vil auke kvaliteten. Energiinnhaldet kan auke med 30—50 prosent. Og nitrogenet i ammoniakken vil binde seg til fiberen, og det betyr at drøvtyggjarane kan utnytte dette nitrogenet til å lage protein i vomma, på same måte som til­setjing av urea kan gi produksjon av protein.

Alternativ til halm — som fôr eller strø

I Sverige veks det mykje takrøyr i ferskvatn eller i brakkvatn. Dette har tidlegare vore ein del nytta som fôr. Hausting i juli/august kan gi eit tørrstoffinnhald på om lag 35 prosent, og det inneber at avlinga kan ensilerast utan ytterlegare fortørking. Det finst lite fôranalysar av takrøyr. Lauv, greiner og bark har også vore nytta som drøvtyggjarfôr, men er truleg lite aktuelt no, sjølv i år med stor fôrmangel.

Korleis førebu enga på kommande tørkeår

Det er stor skilnad mellom artane med omsyn til kor godt dei toler tørke. Grasartane bladfaks, hundegras, strandsvingel og raudsvingel og belgvekstane blålusern og tiriltunge er mindre påverka av tørke enn timotei, engsvingel, fleirårig raigras og raudkløver. I verdiprøvinga av raudkløver og blålusern i Sverige i 2018, var avlinga av raudkløver i første engår berre 60—67 prosent av middelavlinga i perioden 2009—2018. I tredje engåret var avlingsreduksjonen litt mindre. Medan blålusern gav 90—95 prosent av middelavlinga i tørkeåret 2018.

Rapporten: Rolf Spörndly, Göran Bergkvist, Nilla Nilsdotter-Linde og Torsten Eriksson. 2019. Ersättningsfoder til nötkreatur vid grovfoderbrist. Future Food Reports 6: 1—44.