Intervju

Lite kalving etterjulsvinter/vår kostar Tine og Nortura dyrt

Det er stor etterspurnad etter livdyr med kalvingstid frå januar til april, medan tilbod av livdyr er for dårleg i same periode.

Per Sigve Lien

Medlemssjef i Tine

Figur 1. Effekten i kroner inseminasjonsmåned og kalvingsmåned har på mjølkeinntektene. Sone Fjor og Fjell og levert 7 500 liter pr. årsku, normalt laktasjonskurve og 60 dagar sintid. Kalving antatt den 1. i hver månad.

Det er ei stor utfordring for både Tine og Nortura at alt for få kyr kalvar på etter­julsvinter og vår. Denne situa­sjonen medfører i praksis dårlegare mjølke- og kjøtpris til bonden gjennom året. Samanlikna med jamnare kalving t, kan det også medføre meir import enn naud­synt, seier Jo-Helge Sunde, prosjektleiar for eit sommarmjølk­prosjekt i Tine.

Ta vare på vårfødde kvigekalvar

Kva kan gjerast?

—Reint konkret må vi ta vare på dei kvigekalvane som vert fødde no på våren, og syte for at dei ikkje vert slakta, men selde som livdyr, dersom ein sjølv ikkje har bruk for dei i eigen buskap, seier Jo Helge. —Bruk av kjønnsseparert sæd ut over vår og sommar, vil og betre marknaden på sikt. At Geno no tilbyr kjønnsseparert sæd i denne perioden til redusert pris, er eit godt tiltak. I tillegg må fleire endre på kalvingstidspunktet generelt i eigen buskap.

Gjennomsnittsprisen på både mjølk og storfekjøt vil gå opp med jamnare kalving gjennom året. Kalving i mai gjev 4 700 kr meir i mjølkeinntekt enn kalving i oktober for ei besetning med leveranse på 7 500 liter i snitt. Foto: Rasmus Lang-Ree

Skjeiv mjølkekurve i heile landet

Mjølkekurva er skeivast i deler av Vestlandet og Austlandet, men den er også skeiv i resten av ­landet. Hovudårsaka til lite mjølk i prissona Fjord og Fjell er naturgjevne forhold, som at beite­areala i desse områda ofte ligg oppe i fjellområda langt frå driftssenteret. Desse beita let seg difor best utnytte som beite for sinkyr, kviger og andre ungdyr, seier Jo-Helge.

Meir sommarmjølk vere løysninga for fleire i jakta på marginane

Fleire faktorar dreg i rett retning

I tillegg til mjølkeprisen er det fleire faktorar som bidreg til at det kan gje lønsemd å endre frå ­konsentrert haustkalving til ein jamnare produksjon. Betre ut­­nytting av fjøskapasiteten gjennom året er viktigaste økonomiske argument for ei tilnærma flat ­mjølkekurve. Arbeidstrykket i ­fjøset vert også utjamna med ­jamnare mjølkekurve. Kalving på våren vil også gje slaktemodne oksar og kalveferdige kviger på eit tidspunkt med høgare pris.

Auka prisdifferensiering

Prosjektleiar for sommermjølkprosjektet i Tine Jo-Helge Sunde. Foto: Privat

—Den skeive mjølkekurva utfordrar både utnytting av kapasitet i meieri og logistikk, og er også utfordrande i høve til marknad og kvalitet, understrekar Jo-Helge. —Mjølkeprodusentane i heile ­landet må bidra her, og difor har Tine differensiert basisprisen ytterlegare frå 1. januar 2020.

Frå 1. januar er prisen i dei best betalte månadene 45 øre høgare enn månader med størst trekk i basispris. Sonetillegga kjem i ­tillegg slik, at differansen vert 176 øre i sone Fjord og fjell, og 128 øre i sone Landet.

—Dei som held fram med å levere lite mjølk på sommaren, vil tape på den auka differensieringa av basispris, medan dei som alt ­produserer mykje sommarmjølk vil vinne. Uansett situasjon vil meir kalving i 1. halvår auke den ­gjennomsnittlege utbetalings­prisen til bonden. Vi er inne i ein utfordrande periode, og då kan meir sommarmjølk vere løysninga for fleire i jakta på marginane, meiner Jo-Helge.

Han syner til «mjølkepris­kalenderen» som synleggjere endringa i mjølkeinntekt ved ulike kalvingstidspunkt (sjå figur 1).

Utfordrar produsentlaga

—Produsentlaga i området for sommarmjølkprosjektet har sett sommarmjølk på agendaen ved at det er gjennomført informasjonsmøte og fagmøte, og arbeids­utvala er utfordra på å setje opp tiltak for å få ein jamnare mjølkekurve. Å endre mjølkekurva er eit langsiktig arbeid, men vi er svært glade for at produsentlaga har teke tak i utfordringa.

Mjølkekurva er ei felles utford­ring for alle mjølke­produsentar

Felles utfordring

Mjølkekurva er ei felles utfordring for alle mjølkeprodusentar. I sone Landet er det område med gode føresetnader for å produsere ­sommarmjølk, og difor ventar vi at desse områda reagerer positivt på den auka prisdifferensieringa. Vi ut­fordrar produsentlaga også i desse områda til å setje fokus på auka sommarmjølkproduksjon, avsluttar prosjektleiar Jo-Helge Sunde.

Figur 2. Priskurve for sone landet og Fjord og Fjell. Differansen fra høgaste til lågaste månad er 128 øre/liter i sone Landet og 176 øre/liter i sone Fjord og fjell.