Helse

Celletallsmålar i jurhelsearbeidet

Ei doktorgradsavhandling syner at med bruk av celletalsmålar i mjølke­roboten kan førebyggande tiltak settast inn tidlegare slik at ein unngår ei framtidig auke i forekomsten av subkliniske jurinfeksjonar.

Gunnar Dalen

Organisasjonssjef i Tine Medlem

gunnar.dalen@tine.no

Mastitt er ein av dei viktig­aste sjukdommane i mjølkeproduksjonen over heile verda. Den gir dårlegare dyrevelferd, redusert produksjon og økonomiske tap.

Mest tap frå subklinisk mastitt

Storparten av det økonomiske tapet ved mastitt kjem som følgje av redusert mjølkeproduksjon frå kyr med subklinisk mastitt. Sidan subkliniske infeksjonar i juret er den vanlegaste grunnen til subklinisk mastitt, er det viktig for mjølkekvalitet, dyrevelferd og bondens økonomi at subkliniske jurinfeksjonar vert oppdaga og handtert så raskt og så godt det lar seg gjera.

Eit sensorsystem basert på celletal kan gi verdifull informasjon til bruk i styring av jurhelsa. Foto: Rasmus Lang-Ree

For lang tid mellom analysar

Det er ei utfordring at laboratorieundersøking av mjølkeprøver for å oppdaga subkliniske jurinfeksjonar er både tidkrevjande og kostbart. Difor vert subkliniske jur­infeksjonar i dag vanlegvis oppdaga ved analyse av celletal frå prøver tekne i samband med mjølkeveging. Utfordringa med denne tilnærminga, er at det er moderat samanheng mellom ­celletal og subkliniske jurinfeksjonar, og at tida mellom analyse av celletal frå prøver tekne i samband med mjølkeveging er for lang til å forutsjå framtidige episodar av subkliniske jurinfeksjonar.

Bruk av data frå celletals­målaren i AMS

Dei siste åra har det vorte utvikla fleire sensorar til bruk på garden for å oppdaga subklinisk mastitt. Slike sensorsystem leverer data som, i varierande grad, er knytta til dyrets status. Difor kan ein sjå på algoritmer (matematiske modellar) som bruker slike data som diagnostiske testar, der evna til å klassifisera eit dyrs sjukdomsstatus er avgjerande for dei diagnostiske testeigenskapane til sensorsystemet. Diverre har desse systema anten moderate eller ukjente diagnostiske test­eigenskaper for å oppdaga sub­kliniske jurinfeksjonar, noko som gjer at systema har moderat verdi som beslutningsstøtte for bonden.

Målet med denne avhandlinga var difor å få meir kunnskap om korleis me kan bruka data frå celletalsmålaren i automatiske mjølkingssystem (AMS). Denne gir eit celletal (OCC) frå kvar mjølking, og me ville sjå om dette kan ­brukast til å oppdaga kyr med subkliniske jurinfeksjonar og til å predikera (forutsjå) framtidig ­forekomst av subklinisk mastitt på buskapsnivå.

Mastitt

Mastitt er ein betennelse i ein eller fleire jurkjertlar som kan gi auka innhald av kvite blodlegemer (SCC) i mjølka. Den vanlegaste grunnen til mastitt er infeksjonar i juret. Kyr med mastitt kan visa kliniske teikn (klinisk mastitt) eller ingen kliniske teikn (subklinisk mastitt).

Celletal og subkliniske jurinfeksjonar

Først undersøkte me korleis endringar i celletal over tid heng saman med subkliniske jurinfeksjonar. Til dette brukte me ein algoritme som brukar data til å berekne ein mastittrisikoindeks. Dette er ein indikator for auka mastittrisiko som går frå 0 til 1, der stigande verdiar indikerer auka risiko for mastitt. Våre funn viste at denne indeksen har for dårlege diagnostiske testeigen­skapar til å kunne brukast som einaste rutine for å oppdaga ­individuelle kyr med subklinisk jurinfeksjon i laktasjonen. Den kan likevel brukast til å oppdaga kyr med subklinisk jurinfeksjon før avsining.

45 prosent av variasjonen i celletal ikkje er forklart

I den andre artikkelen såg me på variasjonen i celletal hjå kyr med og utan subklinisk jurinfeksjon. Då fann me at berre 15 prosent av variasjonen i celletal kunne for­klarast med subklinisk jurinfeksjon og andre faste variablar som ­laktasjonsstadium, laktasjonsnummer, yting, celletal i restmjølk frå førre mjølking, skilnad mellom høgaste og lågaste leiingsevne mellom kjertlar, genetisk linje, mjølkingsintervall og sesong. Til saman forklarte dei faste og til­feldige variablane (ku og laktasjon innan ku) 55 prosent av varia­sjonen i celletal frå mjølking til mjølking. Dette tyder at 45 prosent av variasjonen i celletal ikkje er forklart. Difor må ein forventa moderate diagnostiske testeigenskapar ved bruk av mastittrisikoindeksen til å oppdaga subklinisk jurinfeksjon hjå individuelle kyr i laktasjon.

Om forskningsprosjektet

Mjølkeproduksjonen i Norge vert endra mot større buskapar med automatiske ­mjølkingssystem (AMS). Innan få år vil fleirtalet av norske kyr stå i buskapar med AMS og ei vellukka tilpassing til ny teknologi vil vera av stor betydning for drifts­resultata. Dette er bakgrunnen for at Fondet for Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA), Tine, Geno og DeLaval har finansiert innovasjonsprosjektet: «New approaches for management and breeding of dairy cows, in automatic milking systems (AMS-prosjektet, NFR nr. 244231)». Forskinga på bruk av celletalsmålar i jurhelsearbeidet vart utført som eit næringsstipendiat i samarbeid mellom Tine, NMBU Veterinærhøgskolen og NFR.

Verktøy for beslutningsstøtte til bonden

Me laga ein modell av smitteoverføringsdynamikken for subklinisk jurinfeksjon for å predikera fram­tidig forekomst av subklinisk jur­infeksjon på buskapsnivå. Denne vart utvikla på dyrkingsresultat frå kjertelmjølkeprøver (artikkel 3), og me brukte Corynebacterium spp. som infeksiøst agens i denne modellen. Dette er bakteriar som er kjent for å gi vedvarende ­subklinisk jurinfeksjon. I den fjerde artikkelen vart denne modellen brukt på mastittrisikoindeksen, og me viste at den kan brukast i modellen til å predikera framtidig forekomst av subkliniske jurinfeksjonar i ein buskap. Tanken bak dette er at sjølv om statusen for kvar enkelt ku er upresis, så vil dette jamna seg ut i buskapen og antatt framtidig forekomst av ­subklinisk jurinfeksjon vil difor vera nokolunde rett. Ei endring i prediksjonen av framtidig forekomst av subkliniske jurinfeksjonar kan difor tyda på ei kommande ­endring i jurhelsa i bu­­skapen. Denne informasjonen kan brukast i verktøy for beslutningsstøtte til ­bonden, slik at føre­byggande ­tiltak kan settast inn tidleg for å unngå ei framtidig auke i fore­komsten av subkliniske jurinfeksjonar.

Celletalsmålar kan gi verdifull informasjon

Samla sett har forskinga i denne avhandlinga bidrege til at vår forståing av samanhengen mellom celletal og subkliniske jurinfeksjonar, med mastittrisikoindeks som ein diagnostisk test. Vidare har me vist at mastittrisikoindeksen kan brukast i modellering av ­korleis subkliniske jurinfeksjonar utviklar seg på buskapsnivå. Eit sensorsystem basert på celletal kan gi verdifull informasjon til bruk i styring av jurhelsa, sjølv om dei diagnostiske testeigenskapane er suboptimale. Modellen for ut­­vikling av subkliniske jurinfek­sjonar kan utvidast til å ta inn effekt av ulike førebyggande tiltak for å redusera overføringa av slike infeksjonar i buskapen. Men for å gjera dette er det nødvendig å studera effekten av aktuelle tiltak og bruka desse parameterane i vidareutvikling av modellen.