Tema: Fjøsbygg og i-mek

Tre som alternativ til stål og betong

Tre som byggemateriale er klimavennlig, har gode termiske eigen­skapar, gir eit veldig godt innemiljø for både dyra og røktar med lite støy.

Tekst og foto
Daniel Andreas Breivik

Bygningsrådgjevar i NLR Rogaland frå 15/6

Fjøset til Lars Brattabø er bygd i forlengelsen av eksisterande driftsbygning. Venstre del av fjøset inneheld inngang m/ smittesluse, kontor, bad, teknisk rom og tankrom. Denne delen er bygd i bindingsverk, medan resten er bygd i KL-tre/massivtre. Fjøset har liggande kledning som ein ekstra beskyttelse av massivtreelementa.

Då det vart vedtatt å auke tilskotssatsane for å ­byggje landbruksbygg i tre ønskte Fylkesmannen i Rogaland å mobilisera til ny tenking i næringa på dette med å bruke meir klimavenlege materialar. Ønsket er at det helst skal brukast mest mogleg lokale materialar då det er eit tiltak som gjev kort transport, som igjen gjer det til det mest effektive tiltaket i eit klimaperspektiv. Landbruksbyggja i Rogaland, både nye og gamle, er og har vore dominert av stål og betong over veldig mange år.

For å kunne bryte litt opp i dei etablerte tradisjonane vart eg hyra inn på vegne av Fylkesmannen for å promotera løysningar i tre som eit alternativ til stål og betong. Fylkesmannen ønska å vere tidleg ute med å bringe fram faktakunn­skapar til bøndene og samstundes motivera dei lokale leverandørane til ei satsing mot landbruksbygg. Min bakgrunn var at eg skreiv ei masteroppgåve på NMBU med ­tittelen «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?»

Fagtur til Jondal

Eit tiltak for å inspirere var å arrangere ein fagtur til Jondal i Hardanger. I Jondal har det vore relativt mykje byggjeaktivitet dei siste åra, og det vart besøkt tre bønder med ganske like plan­løysingar og fjøs bygd i KL-tre (krysslimt tre /massivtre). Det er det lokale byggje­firmaet Jondal Bygg som har stått for monteringsarbeidet. Jondal Bygg har nytta seg av to forskjellige leverandørar av byggjesett, Woodcon og XL3 bygg. Felleskjøpet Rogaland Agder har vore leverandør av innandørsmekaniseringa (i-mek) til prosjekta.

Lars Brattabø sitt fjøs får inn mykje naturleg lys frå lysplater i kipp og endevegg samt eit stort flott vindu på fjøsets kortside. Det at fjøset er høgt under taket gir ein god romfølelse og eit behageleg innemiljø. Søylene i fjøset fungerer ikkje berre som avstiving av tak, dei er også eit meget solid festepunkt til bla innreiing.

Bøndene som vart besøkt

Ei praktisk skyvedør mellom ny og gammal fjøs, som Lars Brattabø har skjært ut av eit massivtreelement.

Lars Brattabø

Fjøset er bygd i forlengelsen av eit eksisterande båsfjøs og er rundt 20 meter langt og 16 meter breitt. I tillegg kjem det eit tilbygg i bind­ingsverk på den ein langsida, som også er under det same taket. Her er det inngang med smittesluse, tank- og teknisk rom, bad og ­kontor. Utvendig har Lars valt å kle fjøset med liggande kledning som ein beskyttelse av massivtreelementa mot fuktig vestlandsklima. Fjøset har plass til 33 kyr, og Lars har ein kvote på 150 000 liter sjølv. I tillegg leiger han
50 000 liter. Det gamle fjøset skal brukast vidare til ungdyr også har han planar om å gjere om dei nærmaste båsane til nybygget om til kalving-/sjukebingar. Kostnaden på det nye fjøset alt inkludert kom på rundt 7 millionar kroner, og det vart full utmåling på 35 prosent hjå Innovasjon Norge.

Sverre Leo Handegard

Han har eit fjøs som er 18,5 meter langt og 15,5 meter breitt. Sverre Leo har også gått for ei løysning kor det nye er bygd saman med eksisterande fjøs. Det er 30 liggjebåsar og 25 fôringsplassar, og i dag er det 16 kyr som fyller ­kvoten på rundt 130 000 liter. ­Kalkylen var på mellom 4,5 og 5 millionar kroner. Det vart innvilga 2 millionar kroner frå Innovasjon Norge, samstundes fekk bonden økonomisk stønad frå gamle Jondal kommune. Sverre Leo har ikkje valt å leggje kledning som beskyttelse av massivtreelementa, men han har av estetisk grunn brukt kledning på kortveggen mot det gamle fjøset. Sverre Leo har laga seg eit flott kontor over roboten kor han har full oversikt over fjøset. I kjellaren, under roboten, vis à vis gjødsellageret har han laga seg eit teknisk rom/verkstad kor kompressor og anna teknisk utstyr til mjølkeroboten er plassert. På den måten har han lett ­tilgang ved service og vedlikehald og samstundes har han fått bort ein del støy frå fjøset. Mjølke­tanken er plassert i det gamle ­tankrommet som var i såpass god stand at det framleis kunne brukast vidare, på den måten sparte Sverre Leo kostnadar ved å ­byggje nytt.

Inngang til teknisk rom hjå Sverre Leo Handegard. Dette ligg rett under mjølkeroboten, og her er bla kompressoren til roboten plassert. Dette er ei plassering som gjev enkel servicetilgang for servicefolk og samstundes vart det fjerna ein støykjelde frå hovudetasjen. Porten inn til det tekniske rommet er laga av rest materiell frå sandwich-­taket, og her får også bonden plass til ein traktor.

Helge Arne Espeland

Helge Arne vart ferdig med sitt fjøs rundt seks månadar etter Sverre Leo. Dei to naboane hadde hatt eit godt samarbeid med planlegging av sine nye driftsbygningar. Det resulterte i bla felles møter med leverandørar og rådgjevarar. Då Helge Arne og Sverre Leo hadde bestemt seg for kva planløysing dei ville ha i sine fjøs brukte dei ikkje mange møter på bli einige med i-mek- leverandøren. Etter to møter med seljaren inngjekk dei ein avtale. Helge Arne sitt fjøs er 30 meter langt og 22 meter breitt.

Stigen opp til Sverre Leo Handegard sitt fjøskontor kan heisast opp ved ei eiga talje når ein skal opne den breie fjøsdøra.

Prioriterte mjølkerobot

Det kostar mykje pengar for ein bonde å investere i både mjølke­robot og automatisert fôrings­anlegg. Ein mjølkeprodusent i kategorien små/mellomstor må difor gjere viktige prioriteringar i planlegginga av eit nytt fjøs for å halde kostnadane nede. For desse tre bøndene i Jondal var det meir ønskeleg med mjølkerobot enn eit avansert fôringsanlegg. Alle hadde valt å gå for ei fôringslinje kor ein nyttar seg av ein minilastar. Dersom det i framtida blir ønskeleg med ein oppgradering av fôringssystemet er det fullt mogleg å gjennomføre det på ein fornuftig måte som ikkje treng å koste noko meir enn om ein hadde gjort det når fjøset vart bygd.

Trefjøs gir eit veldig godt innemiljø for både dyra og røktar.

Byggjeprosess

Før Jondal Bygg starta med fjøs­prosjektet til Sverre Leo Handegard hadde dei lite erfaring med fjøs og KL-tre som byggjemateriale. Bøndene påpeika Jondal Bygg sin litle lastebil med kran som eit sentralt verktøy for ein effektiv byggjeprosess. Lastebilen var smidig og kunne samstundes frakta og løfte raskt på plass ­veggelementa på 3,6 m.

Bøndene var imponerte over ein veldig rask byggjeprosess. Lars Brattabø kunne fortelje at når betong- og grunnarbeid var ­ferdig, så tok det berre 20 dagar frå start til slutt før fjøset var ferdig montert.

Fjøset til Helge Arne Espeland er 22 meter breitt og 30 m langt med 42 båsplassar. Dette er også eit KL-tre/massivtre fjøs kor det er lagt inn ein liggande kledning som ekstra beskyttelse mot eit fuktig vestlandsklima.

Positive eigenskapar med tre som byggjemateriale

Trefjøs gir eit veldig godt innemiljø for både dyra og røktar. Trefjøs har gode termiske eigenskapar som gjer at dei er isolerande ­vinterstid og avkjølande på varme sumarsdagar. Trefjøs har også eit innemiljø med lite støy frå til dømes innreiing som slår. I stål og betongfjøs vil ein få gjenklang frå innreiing som «slår», i trefjøs vil lyden bli fanga opp og dempa. Sverre Leo Handegard kunne også fortelje at han hadde fått positive tilbakemeldingar frå ­veterinærar som hadde vore ­veldig fornøgde med innemiljøet for dyra i hans trefjøs.