Reportasje

Offensiv satsing på REDX i kombinasjon med Charolais

Helge Ruud har tatt i bruk ny teknologi og nytta seg av mogelegheitene som REDX (kjønnseparert NRF- sæd) gir på mjølkebruket. Når han lukkast med dette opplegget, får han gode kvigekalvar etter dei beste dyra og samstundes kan han selja fleire charolaiskrysningar til liv, noko som gir ekstra god betaling.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Øvre Dalåker i Sogndal kommune i Vestland

  • Helge Ruud og Oddfrid Nistad Ruud

  • Kvote: 148 000 liter, eig sjølv 108 000 liter

  • Buskap: Rundt 23 årskyr (set på 8 beste kvigekalvar, sel oksekalvar og resterande kvigekalvar til liv)

  • Storleik: Sler om lag 180 dekar, både eigd og leigd areal, har 144 dekar innmarksbeite i tillegg til støls- og beiterett i fjellet.

Aktuelle fordi dei har satsa offensivt og lukkast med bruk av kjønnseparert sæd kombinert med meir kjøtfesæd

For tida betalar Nortura 2 000 kroner ekstra for oksekalv og 1 640 kroner for kvigekalv som er 50 prosent tung kjøtferase (Charolais eller Limousin). Kalvane må vera over 120 kg.

– Dette er god butikk for meg, og eg kjem til å auka opp endå meir med charolaiskrysningar neste sesong, smiler Helge fornøgd. Han planlegg å inseminera opp til 1/3 av dyra med Charolais, og ved å bruka REDX på kviger og nokre fyrstegangskalvarar sikrar han rekruteringa til eigen besetning.

Genotyping av alle kvigekalvar

Helge Ruud og Oddfrid Nistad Ruud har sett seg inn i kva mogelegheiter ny teknologi som bruk av kjønnseparert NRF – sæd gir, og dei har satsa offensivt og lukkast med avlstrategien sin.

Dei siste tre åra har han tatt GS -test av alle kvigekalvane, og dette er eit godt verktøy til å velja ut kva kvigekalvar han vil ha med vidare. Det er også nyttig å kjenna dei genetiske eigenskapane til dyra når han skal setja opp avlsplan slik at han kan finna oksar som “passar” til dyra, og som gir avkom som forhåpentlegvis er betre enn foreldra.

– Eg nyttar Geno sin avlsplan, og denne er eg godt fornøgd med, seier den engasjerte bonden. Avlsplanen hentar automatisk inn verdiane frå genotypinga og gir god mogelegheit til å planleggja smarte kombinasjonar.

Bra tilslag etter bruk av REDX

Den kjønnseparerte sæden har fått hardare behandling enn vanleg tradisjonell NRF-sæd, slik at drektigheitsprosenten er noko lågare etter inseminering med REDX. Ein bør derfor kun bruka REDX på dyr som viser god brunst og der ein veit at ein treff med tida. Det er i fyrste omgang kviger det er lurt å inseminera med REDX, for dei tek lettare kalv enn eldre dyr. Kvigene er også dei dyra som vanlegvis har høgast avlsverdi i besetningane, og det er desse det er lurast å velja påsett etter. Viss ein vil inseminera eldre dyr med kjønnseparert NRF-sæd, kan ein også vurdera fyrstekalvarar, men det er svært viktig at dei viser god brunst og har god “historikk” når det gjeld å bli drektig.

Denne sesongen har Helge vore skikkeleg offensiv når det gjeld inseminering med kjønnseparert sæd, og tilslaget har vore godt. Han har inseminert åtte dyr med REDX, og sit att med 5 drektige.

– To av dei som ikkje vart drektige blødde 5-6 timar etter inseminering, så der var eg nok ute i seinaste laget, men den tredje traff eg godt med tids­punket, så den burde tatt kalv, smiler Helge.

For tida betalar Nortura 2 000 kroner ekstra for oksekalv og 1 640 kroner ekstra for kvigekalv på krysning av NRF/tung rase. Helge planlegg å inseminera 1/3 av dyra med Charolais neste sesong samstundes som han sikrar rekruteringa av NRF-kvigekalvar med å inseminera kviger og ein del fyrstegangskalvarar med REDX.

Konsentrert haustkalving

I Vestland er det tradisjonelt mykje haustkalving, mjølking gjennom vinteren, avsining om våren og fjellsending om sommaren for å nyttiggjera seg store utmarksressursar og tilfredstilla mosjonskravet i holdforskrifta. Helge driv også på denne måten med konsentrert haustkalving frå slutten av september og avsining i byrjinga av juli. Når ein driv med konsentrert haustkalving så er det ekstra viktig å få kalv i kua til rett tid, slik at ho kan mjølka ein del før ho skal avsinast att. God fruktbarheit er spesielt viktig i slike besetningar, for det går ut altfor mange gode kyr fordi dei ikkje viser brunst eller ikkje vert drektige innan rimeleg tid.

– Eg legg vekt på at oksane har gode indeksar for fruktbarheit, smiler Helge. Dei dyra som ikkje vert drektige på fyrste forsøk med REDX, vert inseminert opp att med vanleg sæd, for han har ikkje “tid” til ekstra omløp.

Helge legg mykje arbeid i godt kvigeoppdrett, og kvigene er om lag 400 kg ved inseminering rundt 15 månaders alder, og når dei kalvar er dei om lag 560 kg og 2 år gamle. Kvigene er vanlegvis dei dyra i besetningen med høgast avlsverdi samstundes som det er desse dyra som lettast tek kalv ved inseminering. Det er derfor smart å bruka REDX på kviger.

Midt i blinken med bruk av REDX i kombinasjon med kjøtfesæd

Kyr som han ikkje ynskjer å rekruttera etter eller har låg avls­verdi har han inseminert med charolaissæd, og i år har han inseminert åtte stykker med denne tunge rasen. Dette har gitt meirsmak, og planen er å gå vidare med denne strategien, for her har det opna seg mogelegheiter for ekstra inntening når han veit at rekrutteringa er sikra ved hjelp av REDX.