Økonomi

Framoverlente mjølkeprodusentar viser omstillingsevne i særklasse

Pandemien og utsett oppstart av ysteriet i Irland snudde om på det meste. Vi gjekk frå ein situasjon med utsikter til betydeleg reduksjon i mjølkeproduksjonen, til ein situasjon med auka etterspørsel etter meieriprodukt.

Helge Øksendal

Økonomirådgivar Tine

helge.oksendal@tine.no

Jo Helge Sunde

Prosjektleiar Tine

jo.helge.sunde@tine.no

Jenny Helen Velle

Medlemssjef distrikt Vestlandet Nord Tine

jenny.helene.velle@tine.no

Det kan løne seg godt å byte ut med ei ku som kalvar i september med ei som kalvar til våren. Foto: Torstein Kiserud

Det var ein nedgang i leveransen til og med mai på 33 million liter. Så snudde det, og når året var omme hadde Tine-produsentane auka produksjonen med 9 millionar liter, samanlikna med 2019. Vesentleg auke i sommarmjølkeleveransen var heilt avgjerande for at Tine til slutt klarte å tilfredsstille behovet i marknaden. Til og med mars i år er det ein auke i mjølkeleveransen til Tine på 4 prosent samanlikna med 2020 (korrigert for skotår). Tek vi med at over to prosent av fjorårets kvote vart selt til Staten, blir auken endå meir imponerande.

Figur 1. Figuren. Andel av mjølka levert i 3. kvartal har auka mykje i 2020.

Dei lokalt tillitsvalde fortener skryt

Gjennom sommarmjølk-prosjektet fekk vi gode erfaringar frå Vestland i fjor, som vi i år har vidareført for heile landet. Tillitsvalte sto fram i lokalaviser og bidrog til merksemd på behovet for meir mjølk i starten av 2021. Dette er og eit døme på korleis ein velfungerande eigarorganisasjon i samvirke kan fungere når krisesituasjonar oppstår. Det er og inspirerande for tilsette å samarbeide aktivt med eigarane for å nå felles mål.

Økonomiske konsekvensar av koronaåret

Figur 2. Trekk og tillegg i melkepris gjennom året, for bruk i sone Fjord og fjell og sone Landet.

Auka mjølkekvotar slo sjølvsagt positivt ut i 2020. Likevel skal vi vere klar over at mange av mjølkeprodusentane opplevde 2020 som eit nokså tøft år økonomisk – grunna mellom anna høg omsetningsavgift og eit jordbruksoppgjer med tilnærma null tillegg. 2021 vil truleg bli vesentleg betre grunna redusert omsetningsavgift og historisk høg etterbetaling frå Tine for 2020. Auka mjølkekvote vil og bidra svært positivt for dei som klarer å auke produksjonen.

Er alt berre velstand no?

Nei, økonomien for utbyggingsbruka i mjølkeproduksjonen er for dårleg. Vi ser ein betydeleg auke i utbyggingskostnadane for nye lausdriftsfjøs. Skal vi framleis ha mjølkeproduksjon over heile landet, på nivå med i dag, må det skje endringar. Det er ikkje samsvar mellom uttalt målsetting om prioritering av utbyggingsbruk mellom 15 og 30 kyr og faktisk verkemiddelbruk. Det er mange entusiastar som ynskjer å bygge. Mange av dei har ikkje økonomisk ryggrad til å gjennomføre utbyggingane med dagens rammevilkår. Det hastar difor med å få ei endring, elles er det fare for at vi no får ei storstilt avvikling av mjølkebruk. Mange produsentar vil ikkje klare å tilpasse seg dei nye haldforeskriftene.

Å vente med utrangering til hausten kan gje ein gevinst. Nokon kan skaffe nokre ekstra liter ved å tilby kyrne rikeleg av det beste grovfôret eller bruke mjølkeerstatning for å få høg leveringsprosent i periodane med høgast mjølkepris. Foto: Rasmus Lang-Ree

Meir mjølk i 3. kvartal blir viktig for Tine framover

Kva er vegen vidare for sommarmjølka – kva er målet? Dersom vi hadde hatt ei flat mjølkekurve gjennom året ville 25 prosent av mjølka vore levert i alle kvartal. Målet må vere raskast mogleg å passere 23 prosent. I områder med lite sommarmjølk, som deler av Vestland fylke, bør målet vere å kome så raskt som råd opp mot 20 prosent.

Kvifor er det realistisk når Vestland i dag i ligg på 17 prosent i 3. kvartal? Vi ser at dei no er på gang. Båsfjøsa ligg på 13–14 prosent, medan mjølkerobotfjøsa alt ligg over 20 prosent. Vi trur det er realistisk å nå 20 prosent i løpet av nokre år, for det vert stadig meir «robotmjølk».

Kalvar fødd på våren, som ikkje vert sett på, bør seljast som livdyr. Vidare må fleire flytte kalvingar til første halvdel av året. På sikt vert dette bra også for tilførselen av kjøt, og reduserer behovet for import. Det vil samla sett bidra til betre økonomi for bonden.

Figur 3. Mjølkeleveranse og -inntekter med og utan byte av ku. Figuren syner i oransje korleis leveranse og inntekter blir om vi ikkje byter ku, og i grønt om vi byter. Ved byte går leveransen og inntektene i april-mai ned, men betydeleg opp i juni-september. Vi får også noko nedgang i november-desember.

Ulike tiltak for å auke leveransen i juni-september

Ein god del mjølkeprodusentar kan få ein gevinst med å vente med utrangering til hausten. Nokon kan skaffe nokre ekstra liter ved å tilby kyrne rikeleg av det beste grovfôret i periodane med høgast mjølkepris. Det er også gunstig med høg leveringsprosent i denne perioden. Ein del oppnår dette med å bruke mjølkeerstatning.

Skal ein oppnå endå større auke i sommarmjølk-delen, lyt ein endre på kalvingstidspunktet. Legg ein til grunn laktasjonskurva, vil kyr som kalvar i tidsrommet mars-mai ha mest sommarmjølk. Kyr som kalvar i september-oktober, har minst. Skal ein større del av kvoten leverast i tidsrommet juni til september, må ein større del av kvigene og kyrne kalve i første halvår. Dette kan ein oppnå ved å skifte ut dyr, framskunde eller sinke insemineringa. Dette grip gjerne inn i dyreflyten, kjøtleveransen og kvotefyllinga i overgangsåra. Ein lyt vere kjent med dei produksjonsmessige og økonomiske verknadane. Til dette er Tine Produksjonsprognose eit eigna verktøy.

Nedanfor er det to reknedøme som omhandlar omlegging. I det første blir ei ku som kalva i september skifta ut med ei som kalvar i mai. Det andre ser på økonomiske konsekvensar ved å framskunde eller sinke insemineringa ein månad.

Døme 1

Ei ku som kalvar i september bidreg med lite sommarmjølk. Vi bestemmer oss for å byte ho ut med ei ku som kalvar til våren – dersom vi får tak i. Vi er heldige og får det! I april dukkar det opp ei tilsvarande ku, som skal kalve i midten av mai. Vi seljer september-kua (ku A) til slakt. Ny-kua (ku B) får plassen hennar. Vi har dessverre ikkje plass til kalven og må selje han (i praksis bør vi ta vare på alle kvigekalvar som blir fødde om våren). Det er føresett at ny og gamal ku er like tunge, og at begge mjølkar 8 500 liter (om lag 8 700 kg). Ku-bytet medfører både meir sommarmjølk og auka mjølkeproduksjon totalt.

Dette er sett opp som eit reknestykke. Det er brukt føresetnadar som i 2021 for sone Landet, men reknestykket har truleg stor overføringsverdi fleire år framover. Ekstra mjølk som følgje av ku-byte, er føresett levert innanfor kvote.

Kjøpe drektig ku som kalvar i mai, og slakte kua som kalva i september

Livdyrpris, ny ku (utan distriktstilskudd og mva.)

-18045

Slakteverdi, gamal ku (utan distriktstilskudd og mva.)

14028

Sal av spedkalv

3000

Auke på 2763 liter sesongmjølk og 1578 liter totalt

9309

Fôrkostnad, auke pga. meir mjølkeproduksjon

-2976

Endring i tal dyr på teljedato (tilskott feb. 2022)

0

Sum

5860

Hadde ein hatt plass til å setje på kalven, hadde lønsemda vorte endå betre. Hadde ein ikkje hatt kvote til den auka mjølkeproduksjonen, hadde den vorte dårlegare.

Med 8 500 liter avdrått, blir vidare årlege effekt kr 3 660, i favør av kua som kalvar i mai.

Døme 2

Kyr som kalvar i april-mai oppnår høgast snittpris på mjølka. Denne minkar med seinare kalving og er lågast for kyr som kalvar i september-oktober. Frå oktober til april, stig den så gradvis att. Dette heng nøye saman med delen av mjølk levert i juni til september, når prisen er høgast.

Framskunda inseminering i tidsrommet august-desember, vil såleis gje auka verdi av mjølka i neste laktasjon. Det same gjeld utsett inseminering i tidsrommet januar-juli. Framskunda og utsett inseminering verkar også inn på samla leveranse, kjøtproduksjon og kanskje tilskot.

For kvar dag ein utsett kalvinga mellom oktober og april, stig verdien av mjølka med ca. 20 kr. Altså ca. 600 kr per månad. Tilsvarande får kua fleire dagar med vedlikehaldsfôring. Legg ein til grunn eige grovfôr, kostar rasjonen ca. 10 kr per dag (300 kr per månad). I tillegg blir kalven forsinka. Han har gjerne eit dekningsbidrag på 25 kr per dag (750 kr per månad). Så lenge ein nyttar fjøsplassen og kvoten godt, kan det løne seg å utsetje kalving i tidsrommet oktober-april (inseminering i januar-juli). Framskunda kalving i tidsrommet mai-september (inseminering i august-desember) gjev ein gevinst på ca. 30 kr per dag. Her sparar ein i tillegg 10 kr per dag til vedlikehaldsfôr, og får kalven tidlegare.

Under er det laga eit reknedøme for framskunda og utsett inseminering. Det er teke utgangspunkt i kyr som skal kalve i august og i november. Avdråtten er 8 500 liter.

Ku som kalvar i august 2021:

Framskunda

Utsett

Neste kalving

juli 22

sep. 22

Endring i mjølkeinntekt (neste laktasjon), kr

1022

-612

Endring i fôrkostnad (neste sintid), kr

320

-320

Sum, kr

1342

-932

Ku som kalvar i november 2021:

Neste kalving

okt. 22

des. 22

Endring i mjølkeinntekt (neste laktasjon), kr

-579

658

Endring i fôrkostnad (neste sintid), kr

320

-310

Sum

-259

348

Tapt/vunnen dekningsbidrag på oksekalv, kr månad

750

-750