Avl

Korleis skal me lesa indeksar?

Som ei oppsummering av artiklane i Buskap 2 og 3 i år om dyretypar og eksteriør på NRF vil eg ta ein gjennomgang om korleis ein kan «pusla» saman enkeltindeksane på eit dyr til eit heilt bilete som du vurderer dyret ut frå. n

Lars Byberg Timpele

Avlsrådgiver i Tine

lars.byberg@tine.no

Figur: Kuanatomi for eksteriørvurdering

Mange har eit stort fokus på samla avlsverdi og ser på denne som ein fasit på kor godt eit dyr er. Avlsverdi er etter mitt syn i større grad eit uttrykk for retning enn nivå. Avlsverdi går etter retning på eigenskapar, ikkje optimumsnivå. Eit enkelt døme er at ein ynskjer å flytja populasjonen frå 4 til 6 i spenelengde. Då vil eit individ med 9 få maks avlsverdi, sjølv om dette er uheldig store spenar. Mange viktige individeigenskapar inngår ikkje eller er svakt vekta i avlsmålet. Ein enkelteigenskap kan gjera eit individ ubrukeleg, medan avlsverdi berre sumerar indeksar, slik at ein god eigenskap «kamuflerar» ein svak.

Enkeltindeksar

Når det gjeld enkeltindeksar kan me skilja mellom høgarvelege (mjølk, tørrstoff i mjølka, kjøt og hastighet) og lågarvelege eigenskapar (helse, klauv og fruktbarhet). Dette er viktige eigenskapar, men effekten av å vektleggja desse på individnivå er svært liten.

Eg vil skilja indeksar som går mot uendeleg og mot eit optimum. Typisk døme på det siste er alle speneeigenskapar, jurbalanse, hasevinkel. Ein bør som hovudregel ikkje eliminera oksar på grunnlag av eigenskapar som har eit slikt bestemt optimum. Desse kan oftast tilpassast gjennom «krav til avkom» i Geno avlsplan.

Ta omsyn til populasjonsnivå

For å vurdera kor viktige eigenskapar er bør ein ta omsyn til populasjonsnivå. NRF held eit svært høgt nivå på til dømes fruktbarhet, og ein indeks på 80-90-talet vil difor vera god fruktbarhet samanlikna med andre rasar. Derimot bør ein så langt som mogleg unngå svake indeksar på eigenskapar der populasjonsnivået er svakt, som jurfester og speneplassering framme.

Ein prøva å sjå eigenskapar og indeksar i samanheng, omtrent som å pusla saman bitar til eit bilete. Ut frå dette biletet må ein gjera seg opp ei meining om det er eit dyr som passar inn i driftsopplegget på garden. Oksar kategoriserar eg grovt som lettanvendelege, middels og krevande i forhold til avlsplanlegging. Første og siste kategori er avhengig av strategi og driftsopplegg i kvar buskap. Krevande oksar er oksar som det er ynskjeleg å bruka, men som har enkeltindeksar som er utfordrande.

Vurdering av indeksar

Når eg skal vurdera ein okse, startar eg alltid med å sjå på avstamming. Eg meiner dette fortel mykje, men det vil variera kor god kjennskap ein har til dette, så vidare vil eg prøva å gje eit forslag til oppskrift på å vurdera eit dyr ut frå indeksar.

Start med indeksar for kropp; krysshøgd, kroppsdjup, (brystbreidd og mjølketype når det kjem). Sjå dette opp mot kjøtindeksane. Dette for å danna seg eit bilete av type og størrelse på dyret. Vurder så mjølkemengde opp mot dette; er det ei lita ku som presser seg og produserar så godt ho kan eller ei stor ku med moderat produksjon? Tørrstoff i mjølka er ei sak for seg, dette er dei enkelteigenskapane som har høgast arvegrad og truleg størst økonomisk verdi i praksis.

Krevande oksar er oksar som det er ynskjeleg å bruka, men som har enkeltindeksar som er utfordrande

Kjøtindeksane

Slaktevekt har stor samanheng med behov for vedlikehaldsfôr, og kua skal ikkje vera gammal før kostnaden til vedlikehald overstig auka slakteverdi. Slakteklasse er ennå meir kritisk fordi det har stor samanheng med dyretype, er negativt korrelert til mange andre viktige eigenskapar og truleg også stoffskifteffektivitet på kua. Det siste er ein av dei viktigaste økonomiske faktorane i mjølkeproduksjon, men me manglar registreringar for å avla på det. Min konklusjon er at dess lenger ein ynskjer at kua skal leva, dess mindre økonomisk vil det vera med høge kjøtindeksar. Ved kjønnsseparert hodyrsæd kan ein med fordel velja dyr med låge indeksar på slakteklasse og kanskje slaktevekt.

Dei funksjonelle eigenskapane

Lynne og utmjølking er ofte enten/eller-eigenskapar der oksen må vera over eit visst nivå for å vera interessant. Problemet med lynne er at det er mange forskjellige ting som kan vera lynne, både mjølkingslynne, håndteringslynne og sosialt lynne med andre dyr. Ein må nesten kjenna avstamming for å kjenna til kva som er typisk lynne for oksen.

I enkelte buskapar er utmjølkingshastighet det absolutt viktigaste seleksjonskriteriet. Då er det naturleg å setja eit høgt krav til avkom, og eliminera oksar med låge indeksar. Ved sterkt fokus på hastighet må ein akseptera lågare indeksar for lekkasje, men ein bør passa på celletal, som har nokså sterk negativ korrelasjon til hastighet. Tilsvarande er det sterk fokus på lekkasje i andre buskapar.

Helsa og fruktbarhet

Desse vil eg vektleggja lite på individnivå. Celletal har såpass arvegrad at det er grunn til å vektleggja. Kalvingsvanskar far til kalv er også viktig, særleg for bruk på kviger. Klauvhelse er ofte noko mange eliminerar oksar etter, men her er arvegraden så låg at ein bør vera litt forsiktig med det. Ingen ynskjer dårlege klauver, men effekten av ein indeks på 90 er svært liten i praksis. Mitt råd ved normale forhold er å la «krav til avkom» i Geno avlsplan ta seg av både klauver og dei andre lågarvelege eigenskapane.

Kropp

Vurder forholdet mellom kroppsdjupne og krysshøgde. Det er ein klar tendens i alle nordiske land at me avlar mot høgare og grunnare dyr. Etter mi erfaring er dette uheldig. Eg opplever at stor kroppsdjupne nesten alltid er positivt.

Bein

Hasevinkel er ein av få eigenskapar som helst bør vera negativ (under 100). Det er svært få NRF-kyr med problematisk rette hasar, men enkelte kan få problem med grove og væskefylte hasar. Det bør også vera samsvar mellom rett hasevinkel og steil kode.

Beinstilling bør ha høgast mogleg indeks, men klart viktigast ved krokete hasar. Kodeledd kan også verta for steile, men i praksis er det så sjeldan at det er betre dess høgare indeks. Kor langt ned ein kan tolerera på dei forskjellige eigenskapane er vanskeleg å seia, ein bør sjå dei i samanheng.

Jur

Indeks på jurfesta bør vera høgast mogleg. Her bør ein bør helst ha indeksar over 112 på både framjurfeste, bakjurfester og midtband. Jurdjupne har sterk positiv korrelasjon til krysshøgde og negativ til kroppsdjupne, og ein bør alltid samanlikna med desse. To ytterpunkt her er oksane 11308 Hofstad og 11873 Steine. Det er like imponerande at 11873 Steine har ein indeks rundt 115 som at 11308 har 144. Desse to gjev omtrent like grunne jur, men 11308 har mykje lenger bein.

På jurbalanse bør indeksar ned rundt 90 bør vera heilt uproblematisk. Over 115 er betydeleg baktungt og ikkje ein fordel. Ved låge indeksar bør ein samanlikna med jurdjupne og framjurfeste, då det vil vera uproblematisk med framtunge, grunne jur som er godt festa framme.

For speneplassering framme er høgast mogleg indeks som er ynskjeleg. Bak er høge indeksar ikkje nødvendigvis positivt. Vide bakspenar er korrelert til svake jurfester, og sterk vekt på dette vil nesten utan unntak føra til dårlegare framgang på resten av jurindeksane. Indeksar ned mot 80-talet kan vera kurant.

Spenestørrelse er ynskjeleg med noko over middels. Indeksar rundt 100 -110 er ok, men ved låge indeksar bør «krav til avkom» i Geno avlsplan kombinera dette med passande dyr.

GS-testing er viktig

Ved overgang til genomisk seleksjon som avlsmetode har indeksane blitt ennå viktigare enn før. Det viktigaste i kvar enkelt buskap er at indeksane er så korrekte som mogleg. Difor tilrår eg å GS-testa alle kviger som skal inngå i vidare avlsarbeid før første inseminering.