Helse

Koksidiar hjå kalv på beite og inne i fjøset

Koksidiar er eincella parasittar (protozoar) som kan ramme kalv både på innefôring og på beite/luftegard. Om det blir klinisk sjukdom avheng av smittepress og hygiene. Parasitten må ikkje forvekslast med kryptosporidien Cryptosporidium parvum, som vi skreiv om i Buskap før jul.

Randi Therese Garmo

Fagrådgiver helse/veterinær i Tine

randi.therese.garmo@tine.no

Koksidie som har dannet spore (sporulert). Desse sporane er motstandsdyktige og kan overleve lenge i fuktig og kaldt miljø, medan tørke og direkte sollys og høg temperatur drep dei. Foto: iStockphoto

Koksidiar i Eimeria-slekta infiserer kalven stort sett frå ein månads alder og eldre da dei fleste artane treng nokre veker på å utvikle seg og gjeva diaré sjølv om kalven får i seg oocyster (egg) raskt etter fødsel. Parasittane invaderer celler i tarmen. Inkubasjonstida varierar frå 6–20 dagar avhengig av kva art det er.

Ikkje kryssimmunitet

Det er nok kjent for mange at lam kan bli ramma av koksidiar like etter utslepp, eller au inne på talle om dei går der lenge, i form av mørk diaré («svartskitu»). Mindre vanleg er det nok med massiv sjukdom hjå kalv, og i denne artikkelen går vi gjennom dei vanlegaste artane som rammar kalv, samt behandling og førebygging. Vi har mange arter på kalv i Noreg, og dei viktigaste blir omtala her. Artane frå lam smittar ikkje til kalv eller omvendt. Kalven utviklar raskt immunitet, men diverre er det ikkje kryssimmunitet mot dei artene som gjev mest diaré slik at infeksjon med ei art hindrar ikkje infeksjon og eventuell diaré med ei annan Eimeria-art. Stress, flytting, fôrskifte og temperatursvingningar kan gjera kalvane meir mottakeleg for infeksjon. Oocyster som er sporulerte (dannet sporer) er motstandsdyktige og kan overleve lenge i fuktig og kaldt miljø, medan tørke og direkte sollys og høg temperatur drep dei. Veggen i oocystene kan vera lite gjennomtrengeleg for vanleg nytta desinfeksjonsmiddel.

Ulike typar koksidiar

Innekoksidiar

Eimeria zuernii og Eimeria bovis kan vera årsak til alvorleg diaré hjå kalv innandørs og det går om lag 3 veker frå kalven blir smitta til den sjølv skil ut oocyster og får diaré. Prepatenstida (tida frå infeksjon til egg/larver kan påvisast i avføringa hjå desse) er 17/18 til 21 dagar, og i denne perioden vil ein ikkje kunne påvise occyster i avføring dersom ein tek prøver. Tett dyretettleik, blanding av yngre kalv med eldre og dårleg hygiene (møkkhåndtering) legg til rette for massiv infeksjon. Kalvane kan få alvorleg blodtilblanda diaré og i enkelte tilfelle nærmast vassaktig, der kalven blir sterkt dehydrert og dør. Andre kalvar blir sett sterkt tilbake i vekst. Ein må altså sette inn tiltak før det blir så ille. Grundig reingjering med varmt vatn og opptørking er viktig for å få bukt på problemet. Ved djupstrø/talle bør det vera tørt og mulegheit for å skifte regelmessig eller finne ei anna løysing. Så kjem ein ikkje unna råda om god råmjølkstildeling og fôring her heller for at kalven skal koma best ut etter infeksjon.

Beitekoksidiar

Små kalvekveer kan ha opphopning av oocyster. Det er lurt å ta eggtelling omlag 7-10 dager etter kalveslepp. Foto: Solveig Goplen

Eimeria albamensis er ein vanleg årsak til diaré hjå kalv rett etter beiteslepp på typiske kalvebeite eller slepp i luftegard der det har gått kalv året før da oocystene overlever vinteren. Kor alvorleg diareen kan bli avheng av oocysteutskilling, og det kan vera lurt å ta prøve for eggtelling om lag 7–10 dagar etter kalvslepp slik at ein kan vurdere behovet for behandling. Prepatenstida er 6–8 dagar. Dersom behandling er naudsynt, bør alle kalvane i flokken behandlast samstundes. Det vil lønne seg å bytte små kalvkveer frå eit år til neste og la kalv beite på ulike areal år for år. Drikkeplass og stad for saltstein/kraftfôr kan ha stor opphopning av oocyster.

Prøvetaking og eventuell behandling

Ved medikamentell behandling mot koksidiar nyttast toltrazuril som i Baycox®, Baycoxine® eller Chanox®. Da behandlingsdosen til kalv er større enn hjå lam, så blir rutinemessig behandling forholdsvis dyrt. Eit prinsipp ved behandling er å gje medikament etter smitteopptak, men før teikn på sjukdom. Medikamentet er au seint nedbrytbart, og det er påvist resistens mot middelet hjå lam i Noreg.

Veterinærinstituttet utfører analyser for koksidiose i avføring hjå kalv med diaréproblem. Det er viktig å vera merksam på kor lang tid det tek frå smitte til utskilling av oocyster hjå dei ulike artane for å kunne kvantifisere oocyster i avføringsprøve. Diskuter med veterinæren din om prøvetaking og eventuell behandling av kalv og lengde på tidsperiode for behandling av nye tilfelle mot koksidiose.