Reportasje

Aktiv stølsdrift under breen

Når sommaren kjem til Veitastrond i Luster kommune i Vestland fylke, flyttar mjølkekyrne i besetningane til Roger Fåberg og Jimmy Hilleren fram til idylliske Vårstølen. Her ventar fine dagar ute i frodig beite­område omkransa av høge fjell. Viddene er store og kyrne går fritt, så det kan av og til ta tid å få samla flokken til mjølking morgon og kveld.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Roleg stemning ved elvebreidda på Vårstølen på Veitastrond i Luster kommune.

Sesongen strekkjer seg frå byrjinga av juni til ut august. Bøndene organiserer arbeidet slik at dei har ansvaret for mjølkinga annakvar veke, og på dette viset får dei ordna seg litt fri desse månadene med stølsdrift. – Me har god hjelp av familiane våre, i sommarferien er ungane flinke til å samla kyrne for mjølking, og det er samlinga som er jobben her framme, seier Jimmy Hilleren fornøgd.

Enkel fordelingsnøkkel

Begge familiane har 15 kyr kvar på stølen, og når dei har likt tal dyr, deler dei kostnader og arbeid på to. Mjølkeoppgjeret vert fordelt etter vegeresultat, og dei veg ein gong i månaden. – Me gir kraftfôr manuelt ved mjølking, og dei kyrne som mjølkar mest, får 8 kg for dagen, fortel Roger Fåberg. No brukar dei Formel favør 80, men i starten av sesongen, då beitet var kraftig, hadde dei blanda inn 30 prosent betefôr saman med Formel favør 80 for å halda orden på magen.

Jimmy Hilleren og Roger Fåberg framfor sommarfjøsen som vart sett opp i 1987. Dyra vert slusa inn og ut for mjølking utanom vegen der tankbilen køyrer.

Dalbotn er brei og open. Her er enorme vidder dyra kan boltra seg på.

God mjølkekvalitet

Mjølkestallen gir fin arbeidsstilling. Her er det fiskebein mjølkestall med fem mjølkeorgan. Kraftfôr vert gitt manuelt under mjølkinga.

Begge bøndene har fått utmerkingar frå Tine, der Jimmy har 5 og 10 års plakett, medan Roger har 5 års plaketten, og med slike utmerkingar er også leveringane frå stølen med. – Celletalet stig ofte med det same me kjem fram, og det er nok litt høgare her enn heime, konstaterer Jimmy. Mjølkemengda går litt ned med det same, for så å auka att før den stabiliserer seg, og dei ligg i snitt på rundt 20 liter per ku. Begge bøndene har haustkalving, så dyra er på slutten av laktasjonen når dei kjem fram på Vårstølen for å avslutta mjølkesesongen her.

Attgroing

Kyrne har ei eiga sandstrond ved den store elva som kjem ned frå Austerdalsbreen.

Til liks med mange andre stader, er aukande tilvekst av skog vorte eit problem. Siste 10 åra har det vokse att mykje, og skogen gjer sitt til at det kan vera vanskelegare å finna dyra til mjølking. – Skogen kan også øydeleggja ein del beiter med at dei gror att, men det er heldigvis ikkje eit problem for oss endå, smiler Roger. På Veitastrond vert ein del utmarksressursar framleis brukt for å produsera mjølk, her er tre stølar med storfe og ein med geit i full drift om sommaren.