Intervju

Klauvproffen

God klauvhelse er viktig både for dyrevelferda og produksjonen. Stein Ove Løken som er profesjonell klauvskjerar har hendene fulle med oppdrag, og han gjer ein formidabel innsats for at dyra får godt klauvstell medan eigarane får utført jobben både med høg kvalitet og effektivitet.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Stein Ove har drive med klauvskjering i overkant av 25 år, og sidan 2011 har dette vore ein fulltidsjobb. Han opererer i området frå litt sør for Bergen til nord for Ålesund, i tillegg har han klauvskjeringa i to besetningar i Skjåk. Når han jobbar, så bur han i bilen sin som er ein spesialtilpassa lastebil der han har ein liten hybel i tillegg til ein avdeling for klauvboks, venteboks og anna utstyr. Før han vart klauvskjerar på heiltid har han også bakgrunn både som mjølkebonde og dyrebilsjåfør.

Stein Ove bur på hybel i lastebilen sin når han reiser rundt på oppdrag.

Sertifisert klauvskjerar og leiar Norsk klauvskjerarlag

For at arbeidet skal vera kvalitetssikra og bøndene trygge på at klauvskjeraren har dei naudsynte ferdigheitene, så finst det eit eige utdanningssystem for å bli sertifisert klauvskjerar. Stein Ove har vore med å laga dette utdannings­opplegget saman med ­Helsetenesta for storfe, NMBU/Veterinærhøgskulen og klauvskjerar­laget, og han sit no som leiar i Norsk klauvskjerarlag.

– Klauvskjeringa har endra seg den tida eg har vore med, både korleis me skjer og kva lidingar me ser har tatt nye vendingar, seier den erfarne klauvskjeraren.

Digital dermatitt på frammarsj

Den smittsame og frykta klauvsjukdommen digital dermatitt (DD) bør alle som driv med storfe ha ein viss kjennskap til. Dei som har den bør prøva å bekjempa den, og dei som ikkje har den, må unngå å få den inn i besetningen.

– Dette er ein frykta klauvsjukdom som dessverre aukar i omfang her i landet, seier Stein Ove.

Han fortel vidare at me truleg har ein «snillare» variant av bakteriane som gir DD, slik at det ikkje er lett å sjå på dyra at dei kan vera smitta utan at ein får dei undersøkt i klauvboks. Andre diagnosar som også aukar er «sakse- og korketrekkarklauver».

– Desse tilstandane er det mogleg å gjera noko med, både langsiktig i avlsarbeidet, og på kort sikt med hyppigare klauvskjeringsfrekvens, seier Stein Ove.

Alle dyr som går gjennom boksen vert fortløpande registrert med enten normal klauv eller eventuelle diagnosar. Tidlegare registreringar kjem også opp på skjermen slik at Stein Ove kan følgja med på korleis klauvhelsa utviklar seg på individnivå frå skjering til skjering.

Her var siste ku ferdig på garden Holsete på Hafslo i Luster kommune, Vestland fylke. Frå venstre avløysar Steinar Kalhagen, klauvskjerar Stein Ove Løken og bonde Einar Venjum.

Draum om å få ned ytinga

Høg mjølkeyting gir meir klauv­defektar, og mykje av dette er fôringsrelatert. Intensiv fôring med mykje lettfordøyeleg karbohydrat disponerer for forfangenheitsrelaterte lidingar som mellom anna blødingar i såle og kvit line og såleknusing. Ved intensiv fôring kan også avføringa bli laus, noko som i sin tur gir skitnare golv, og dette kan gjera sitt til at det vert auka førekomst av infeksjonar og smittsame klauvsjukdommar.

– Tine stimulerer til høg produksjon, og Geno likar det også, men dette har ei bakside, og kan vera ei stor utfordring for klauvhelsa, seier den røynde klauvskjeraren med eit smil.

Gummibelegg på spalt

Dei beste forholda for klauvhelsa er på reint, tørt, jamt og mjukt underlag.

– Eg synest gummibelagt spaltegolv er best, men det vert litt større behov for klauvskjering, seier Stein Ove. – Forsøk viser at klauvene veks mindre på gummigolv, men slitasjen er mindre også, fortel han vidare. Høgtytande besetningar med gummi­belagt spaltegolv, kan ofte ha behov for tre klauvskjeringar i året.

Ynskjer tilgang til klauvboks i alle fjøs

Ved akutt halte dyr som skal undersøkjast eller dyr med korketrekkar – eller sakseklauv som treng hyppig beskjering, er det fint viss bøndene har tilgang til eigen klauvboks.

– Eg brukar opp til to timar på å vaska utstyret, så eg tek vanlegvis ikkje enkeltdyr, seier Stein Ove. Han seier vidare at det å kunna lima på ein kloss eller ta ei enkel korrigering på dyr med til dømes ekstrem korketrekkarklauv som treng hyppig beskjering, hadde vore bra viss bøndene kunne ordna sjølv.

Førebyggjande beskjering

Ved regelmessig beskjering er det ikkje så mange dyr som har klauvdefektar, og det er ved førebygg­j­ande beskjering ein har størst gevinst av skjeringa.

– Dersom ein har mange dyr med diagnosar, bør ein vurdera å auka frekvensen på klauvskjeringa, kanskje ta tre gonger i året, seier den erfarne klauvskjeraren til slutt.

Eigen «venteboks», røynde folk og god bruk av grinder gjer at dyra vert mindre stressa, og dei slusar seg effektivt gjennom klauvskjeringa.

Fornøgd bonde

Einar Venjum som er mjølkeprodusent på Hafslo i Vestland fylke, er svært godt fornøgd med å få besøk av Stein Ove.

– Dette er ei kjempeordning. Når Stein Ove gjer jobben, så veit eg at klauvskjeringa vert gjort på ein ordentleg måte, smiler Einar.

Han har brukt Stein Ove dei tre siste åra, og kjem til å fortsetja med dette. Hjå Einar som ikkje har spesielle problem med klauvhelsa, held det med ei årleg beskjering av klauvene. Alle kyrne går ­gjennom klauvboksen, og Stein Ove legg inn registreringar på kvar enkelt dyr fortløpande. Alle registreringar han gjer går mellom anna direkte inn i Kukontrollen, og ­bonden får også ein rapport i etterkant som beskriv klauvhelsa i besetningen.

- Eg må også få skryta litt av evna Stein Ove har til å handtera både folk og dyr. Han har ei eiga evne til å «roa ned» situasjonen viss han merkar at me andre vert stressa viss ting ikkje går etter planen, og dette er ein viktig eigenskap for at jobben skal gå på skinner, seier Einar til slutt.