Intervju

Magnar valde mjølkevegen

Magnar Norheim frå Hafslo i Vestland fylke har køyrt mjølk i 45 år og sett ei rivande ut­vikling innan mjølketransport. Både bilane, vegane og teknologien har vorte betre, og ikkje minst det at mjølkespanna vart bytt ut med tankar, gjorde arbeidet lettare og kvaliteten på mjølka betre.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Fyrste året Magnar Norheim køyrde mjølk, vart mjølka henta i mjølkespann som stod på rampar langs vegen.

– Det var ein tung jobb å løfta desse opp på bilen, men eg fekk ein god teknikk etter kvart, og då gjekk det betre, hugsar Magnar.

– Dagen etter så køyrde me ut att spanna, og då hugsar eg at det av og til flagra med klasselappar, smiler han.

God kvalitet er viktig

Dei store mjølkebilane tek plass, og her er hentetilhøva svært gode med romsleg tun og ny driftsbygning.

Når mjølkespanna vart bytt ut med tankar, vart kvaliteten betre. Ei av oppgåvene til tankbilsjåførane er å lukta på mjølka før ho vert pumpa inn på bilen, og ­Magnar fortel at det kan gå år mellom kvar gong han set att mjølk på garden fordi det er lukt eller smaksfeil på gardstanken.

- I mange av desse tilfella er det ikkje nokon som kan lastast viss til dømes kjølinga på gardstanken har svikta, men uansett årsak, er det viktig å ikkje få skjemt mjølk inn på mjølkebilen og vidare inn på meieria, fortel han.

det kan gå år mellom kvar gong han set att mjølk på garden fordi det er lukt eller smaksfeil på gards­tanken

No ligg det også til sjåførjobben å kontrollera samleprøve av mjølka på bilen før ho vert pumpa inn på dei store tankane til meieria.

– Eg testar lassa mine for anti­biotika, bakteriar og smak før eg lesser av, seier den rutinerte sjåføren. Viss han finn noko, kan han gå tilbake og finna ut kva «skott» på bilen som har avvik og vidare finna tilbake til kva produsent som har skjemt mjølk. Dei har heile vegen rutinar for prøvetaking slik at det kan nøstast opp i eventuelle kvalitetsfeil som vert avdekka. Før sjåførane fekk denne viktige oppgåva, vart mjølka kontrollert etter at ho var pumpa inn på dei store tankane på anlegga. Viss det vart funne kvalitetsfeil, vart heile siloen kassert, og det kunne vera snakk om 90–100 000 liter mjølk.

– Viss feilen ikkje var for stor, kunne denne mjølka gå ut att til produsentane som returmjølk og nyttast som dyrefôr, men uansett vart tapet for meieriet stort viss ein heil tank var øydelagt.

I bakkant av mjølkebilen har Magnar full kontroll på mellom anna volum og temperatur på mjølka. Det er også her mjølkeprøvane frå kvar einaste gardstank vert tatt ut.

Magnar luktar på mjølka i kvar einaste gardstank før den vert pumpa inn på bilen. Mjølka vert henta kvar tredje dag året rundt.

Triveleg jobb

– Eg likar jobben min. Viss ikkje hadde eg nok ikkje halde på så lenge, smiler Magnar.

No hender det at han møter tredje generasjon mjølkebønder på enkelte gardar der han har køyrt lenge, og det er kjekt at unge vel å satsa på mjølkeproduksjon. Han slår gjerne av ein prat rundt omkring i gardstuna, og det er kjekt å møta bøndene som han etter kvart vert godt kjend med etter så mange år i jobben. Nokre dagar består i å henta mjølk frå gardane, og andre dagar transporterer han mjølk til anlegg, vanlegvis til ­Byrkjelo i Gloppen i Vestland fylke. Men det hender også at han får transportoppdrag til andre anlegg.

Gode bilar

– Desse nye mjølkebilane er kjempe­gode å køyra, og viss eg skulle velja å reisa på langtur med mjølke­bilen eller privatbilen, så hadde eg tatt mjølkebilen, ler Magnar.

Han kvir seg ikkje for å køyra på bratte og smale vestlandsvegar med den store tankbilen.

- Viss føret er dårleg, så er det lurt å leggja på kjetting i tide, då kjem eg meg fram utan for mykje bal, men no er sommaren kommen til Sogn, og vinter med snø og kulde langt borte frå tankane til den erfarne sjåføren.