Helse

Kalvetap vi ikkje kan vera bekjent av

Tek du hand om kalven din slik du burde? Har du gode rutinar rundt kalving og mjølkefôring? Skjer kalving i lausdrifta eller på binge? Er du av dei som tenker at ein kalv er ein kalv og tap må ein rekne med? Har du oversikt over kalvedød i di eiga besetning? Blir du provosert og synes at underteikna kan finne seg ein annan jobb? Ja, da har eg nådd målet mitt. Det er produsentar som har betra kalveoppdrettet sitt før deg, så du greier det du au.

Randi Therese Garmo

Veterinær/spesialrådgiver i Tine

Foto: Inger Lise Ingdal

Dessverre har det gått litt gal veg med dødlegheit, helse og velferd hjå kalvane dei siste åra. Sjølv om det på landsbasis ikkje ser verst ut med kalvedødlegheit, så kan vi ikkje sjå bort frå at enkelte besetningar mister ein høg andel av kalvane sine år etter år. Dette kan etter kvart vil bli eit omdømmeproblem for oss. Mykje kan betrast med nokre ganske enkle grep og auka bevisstheit rundt kalvingsprosessen.

Legge til rette for ein god start for kalven

I denne artikkelen kan du lese om årsaker til kalvetap med særleg fokus på sjølve kalvinga, tildeling av råmjølk og litt om mjølkefôring dei første vekene slik at du kan legge til rette for ein god start for kalven og unngå sjukdom, frustrasjon og elendigheit ettersom kalven veks til. Husk ein velfødd kalv som har hatt det godt frå starten av tåler mykje meir enn ein kalv født i møkka, med dårleg ettersyn, sein råmjølkstildeling og at du er gnien på tildeling av mjølk.

Kalving

Figur 1. Utpressingsstadiet. Frå boka Storfesjukdommer 2003. Ilustratør Ida Skaar.

Sjølve kalvinga kan delast i tre delar: Det er viktig for ein person som er ansvarleg for oppfølging av kviger og kyr å vite kva som er kjenneteikn på kalving, kva som er normalt kalvingsforløp og kva som er unormalt slik at hjelp kan skaffast i tide. Det er dyreeigar som er ansvarleg for at arbeidshjelp får naudsynt opplæring. Attåt er det enkelte eigarar som treng ei oppfrisking au. Les difor nøye det som står vidare!

Teikn på nærståande kalving:

  • Drektigheitsleng for NRF er 280-281 dagar i gjennomsnitt. Det betyr ikkje at kua kalvar på dagen for forventa kalving. Det er ikkje uvanleg at ei ku kalvar 14 dager før tida og heller ikkje at ho går ein del dagar over. Temperatur, årstid, kjønn, tvilling og farrase virkar og inn. Kviger går om lag to dagar kortare enn kyr. Når det gjeld innkryssing er det farrasen som styrer drektigheitslengda. Aberdeen Angus har 279 dagar drektigheitslengd, Tyroler Grauvieh 284 dagar, Charolais og Simmentaler 286 dagar, Limousin 290 dagar og Hereford 282 dagar.

  • Jurfylling av råmjølk: 7-14 dagar før, ein del variasjon

  • Større fødselsåpning: 1-4 dagar før

  • Slim i kjønnsåpning: 1 dag og litt meir før, «propp» nær kalving

  • Kalvingssena heilt slapp: 12-24 timar før

  • Temperatur synk 0,5-1°C

  • Høg hale: ca. 4 timar før

  • Mindre matlyst siste dag og kua «gjemmer» seg

  • Spente, fylte «fluffy» spener nær kalving og eventuelt lekkasje

At kalvingssena blir heilt slapp, slim i kjønnsåpning og fylte spener på ein gong er noko av dei sikraste teikna på at kalving skjer raskt.

Definisjon dødfødt, krepert og kasting (sein abort)

Dødfødt: Død ved fødsel eller innen 24 timer og ikkje registrert med øremerke i Kukontrollen.

Krepert: Født levande og kreperer (dør) meir enn 24 timer etter fødsel.

Kasting: Kalven er dødfødt meir enn 20 dagar før forventet kalving

Figur 2. Prosent kalvar døde rapportert i Kukontrollen 2002-2022. Se definisjoner i egen ramme.

Opningsstadiet

Opningsstadiet (blokkinga) varer frå nokre timar opptil eit halvt døgn. Særleg kviger og yngre kyr viser ubehag og smerte slik som å stå og trakke, slå med halen, kul på ryggen og at kua ”truer” seg. Matlysta er i behald mellom veene som kjem med eit kvarters ­mellomrom. I opningstadiet er det spontane veer i børen som pressar opp livmorhalsen og ­”lyfter” kalven opp mot bekkenet (sjå figur 1). Les meir om dette i artikkelen «Når og hvordan kalver kua» av Guro Sveberg i Buskap 7/2016 (se buskap.no og søk på tittel eller gå inn på utgaver og finn riktig blad).

Utpressingsstadiet

Ei ku som skal kalve treng god plass. Ho vil gå rundt, legge seg og reise seg.

Under sjølve utpressinga kjem ve­ane hyppigare og kalven retter seg opp slik at frambeina og hovudet blir pressa gjennom bekkenet (sjå figur 1). Kua vil nå ofte legge seg og vasskalven (allantois) kjem til syne som ein blåaktig ballong. Vasskalven rivnar lett slik at gulaktig fostervæske renn ut. Ofte kan vasskalven rivne inne i fødselsvegen slik at ein ikkje ser den blåaktige ballongen.

Ved normal fødsel går det kort tid frå ein ser vasskalven til fosterdelar kjem til syne. Fosterdelane er omslutta av ei kvit hinne (amnion) som inneheld ei tjuktflytande glatt væske.

Ein ser fyrst i klauvane på frambeina med hovudet liggande oppe på pipene. Det tek lengst tid å få hovudet ut gjennom fødselsvegen, og når det fyrst er ute går det vanlegvis raskt å få ut bakparten så sant den ikkje blir sittande fast i bekkenet.

Heile utpressinga tek vanlegvis frå 30 minutter til eit par timar. Men dersom kalven er stor og kua ikkje får hjelp vil det ta lengre tid. Kviger bruker også lengre tid enn eldre kyr.

Om det går noko særleg over 1 time frå fostervatnet har kome til ein ser fosterdelar kontakt bonde/veterinær. Det kan vera feilleie. Lite forstyrring under kalving kan gje ras­k­are kalving og sprekare kalv og ku.

Det er au viktig at kalvingsbinge er stor nok og riktig utforma (ikkje for smal) slik at kua har plass til å ligge flatsides, snu seg og gå rundt utan problem.

Kalvingsbingen bør vera tørr og renska når kalven blir født. Gjennom navlestrengen er det «motorveg» for bakteriar og derfor er god hygiene viktig med tanke på navleinfeksjon, men au ledd og luftvegsinfeksjon på grunn av bakteriespreiing via blodet.

Etterbyrdsstadiet

Etter kalving heng fosterhinnnene (etterbyrden) igjen i fødselsvegen. Etterbyrden løsnar som oftast før det er gått 6 timar etter kalving. Mange kyr et opp etterbyrden dersom dei får anledning til det.

Kalvedød

I dei aller fleste tilfelle lever kalven når kalvinga startar, faktisk om lag 90 prosent, og 75 prosent av kalvane som dør raskt gjer det innan 1 time etter kalving. Det er kalven som startar kalvinga ved at det blir skilt ut kortisol i hjernen til kalven som kjem over i blodet til kua og dermed startar fødselen. Ved fødselshjelp er det 2,5 gongar meir sannsynleg med sjukdom hjå kalven dei første 45 dagane av livet. Stress for mordyret gjer au at kalvinga tek lengre tid og med fare for oksygenmangel og svakfødt kalv med dårleg sugevne. Feilstilling (dystoki) er noko av dei mest smertefulle tilstandane hjå ku. Det er au smertefullt for kalven som skal bli født, og noko vi ikkje tenker så mykje på. Av den grunn er førekomst av kalvingsproblem og dødfødslar eit dyrevelferdsproblem vi må gjera noko med. Det er altfor mange besetningar i Noreg med høg førekomst av dødfødslar over tid. Særleg bekymringfullt er det for kviger i enkelte besetningar. Stress og kalving i fellesareal og manglande tilsyn er hovudårsakene og noko vi faktisk enkelt kan gjera noko med! Særleg kvigene treng meir tid, er låge på rang og kalvinga kan faktisk stoppe heilt opp om dei blir for stressa av til dømes eldre kyr i lausdrifta, noko som kan auke risikoen for svakfødt eller dødfødt kalv. Underteikna meiner at kviga skal inseminerast med okse som ikkje gjev store kalvar, vera passleg godt fôra og få kalve i ro og fred med ei viss overvaking av ein to-beint.

Attåt kjem økonomisk tap av død kalv som kunne blitt ei god kvige i besetninga eller ein oksekalv oppfôra til slakt. Å redde kalven frå døden gjev au mindre livdyrhandel med dei negative konsekvensane det har med tanke på smittsam sjukdom.

Kvifor kalven skal ha råmjølk raskast muleg

Om ku og kalv skal gå saman, må ein vera sikker på at kalven får i seg råmjølk raskt nok.

Kalven sitt fyrste levedøgn er ei ­kritisk periode. Det gjeld å få i kalven spenevarm råmjølk så raskt som muleg og la han drikke den han vil frå smokk. Grunnen til at kalven skal har råmjølk så raskt som muleg er at han er født heilt utan immunforsvar da utforming på morkaka hindrar overføring av immunstoff frå ku til kalv i fosterlivet. Utan eller med lite immunstoff frå råmjølk blir derfor kalven lett sjuk. Dette i motsetning til menneske og andre primatar der for­bindelse mellom mor og foster er annleis. Immunglobulin G er det ­viktigaste immunstoffet i råmjølka og blir teke opp blant anna i tarmen før dei små portane som transporterer immunstoff over i blodet lukker seg. Desse portane startar lukkinga raskt etter at kalven er født. Immuno­globulin A fins i både råmjølk og vanleg mjølk og verkar lokalt i ­tarmen mot smittestoff og slik sett er det fordelaktig å fôre kalven på heilmjølk. I tillegg er tidleg råmjølks­tildeling viktig for at kalven skal få nok energi og blant anna unngå nedkjøling og at han blir slapp. ­Energilageret kalven er født med er ikkje stort og blir raskt oppbrukt til liks med andre spedyr.

Dei fleste kalvar har god sugerefleks like etter fødsel, og det er ingen grunn til å vente med å gi ­kalven råmjølk. Om du har ku og kalv saman i starten, er det viktig at du ser at kalven er raskt oppe og finn juret og at han greier å suge. Dersom ikkje, bør du gjeva mjølk attåt med flaske. Det kan vera lurt å gje råmjølk av flaske uansett.

Kalvar som er svakfødte og ikkje greier å suge bør sondefôrast med råmjølk. Få veterinæren din til å vise deg, om du ikkje kan legge ned sonde frå før.

Mjølkemengde og utvikling frå einmaga til drøvtyggar

Det er ingen grunn til å vente med å gi kalven råmjølk.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Det er viktig å huske på at kalven er født einmaga og utviklar seg til drøvtyggar etter kvart. Difor skal kalven ha mykje mjølk i starten og ikkje omvendt. Om du fôrer kalven din på 4-5 liter mjølk i døgnet så overlever han ofte, særleg i små besetningar med lite smitte, men han er svolten store delar av ­døgnet, og det er ikkje god dyrevelferd! Tilveksten er heller ikkje god og kalven er for tynn. Tine anbefaler minst 8 liter/dag i ­starten og gjerne meir au. Dette er særleg viktig om du har høg dyretettleik og mange kalvar i fjøset ditt. Da er dei au meir utsatt for sjukdom. Ein velfødd kalv tåler meir enn eit levande skjelett! Sjå elles Tine sin kalvebrosjyre om mjølkefôring (medlem.tine.no/fag-og-forskning/ny-digital-brosjyre-godt-kalveoppdrett).

Om du er redd for diare fordi kalven får meir mjølk, så ikkje uroe deg. Mange produsentar har auka mjølkemengda til kalv dei siste åra, og underteikna har ikkje hørt om nokon som vil gå attende til gammalt opplegg. Sørg for smokk med ikkje for stor opning og godt reinhald av utstyret. Så er det au viktig å vera sikker på at riktig kalv får den mengda mjølk han skal ha. Ein må altså følgje med på at ikkje andre glupske kalvar stel mjølka. Kalvane er ikkje solidariske med kvarandre!

Om diareproblematikk

At kalven er svolten og et grovfôr før han greier å fordøye det kan vera ei like viktig årsak til mage-tarmproblem som å auke mjølkerasjonen. Tygg litt på den om du er av dei som fortsatt meiner at kalven skal eta mykje grovfôr frå starten av. Mjølkeerstatning blir ikkje nærmare omtala her, men viser til kalvebrosjyren.

Kalvesjukdommar og spraying av navlestreng

I statistikken over kalvesjukdommar toppar luftvegsinfeksjon etterfølgt av diaré, leddinfeksjon og navleinfeksjon. Hyppigheita av alle desse sjukdommane kan ein redusere ved god og tidleg råmjølkstildeling, god ernæringstilstand på kalven og godt miljø med godt reinhald og god luftkvalitet. Om ein skal spraye navlestreng eller ikkje kan ein diskutere. Har du lite kalvedød og sjukdom og ikkje tilfelle av navle- eller leddinfeksjon så er det muleg du ikkje treng det. Men i alle andre tilfelle bør du har rutine for å spraye så raskt som råd etter at kalven er født og au dagen etter, så du kan hindre at bakteriar kjem opp gjennom navlestreng og slår seg ned i ledd eller luftvegar. Og for ikkje å gløyme, ein kalv med diaré som treng behandling får ofte luftvegsinfeksjon etterpå. Altså nok ein grunn til å få i kalven godt med råmjølk og vera raus på mjølkefôringa.

Delindikator kalv

Delindikator kalv har gått nedover på landsbasis frå 2015 som er referanseåret.

Dyrevelferdsindikator med delindikator kalv finn dykk på medlem.tine.no.

Delindikator kalv har gått nedover på landsbasis frå 2015 som er referanseåret. Det er «oppsving» i sommarmånadene, men dessverre tilbakefall kvar vinter (sjå figur 3). Men det er opp til oss om vi greier å snu utviklinga framover

Det er ikkje god reklame for norsk mjølkeproduksjon at vi ikkje gjev god oppvekst for kalvane våre.

Figur 3. Utvikling dyrevelferdsindikator kalv frå sommar 2016.

Figur 4. Eksempel på dyrevelferdsindikator for kalv frå to besetningar – ei grønn og ei der raud lampe lyser. Er du på raudt, så ta tak.

Oppbygging av delindikator kalv

For delindikator kalv i besetninga di er følgjande inkludert for dei siste 12 månadene: Antall aborterte/kasta kalvar, dødfødte, krepert/sjøldau, avliva kalvar og antall behandlingar (sjå ramme for definisjonar). Desse tala bli så brukt til å kalkulere ut indikatorbidrag for kvar av dei. Avliva kalv tel kun halvparten i indikatorbidrag samanlikna med sjøldau kalv da det dyrevelferdsmessig er betre å avlive ein kalv enn å la den dø av seg sjøl.

Tabell 1. Drektigheitslengde styres ut frå fars rase. NRF som referanse: 281 dagar.

Rase

Gjennomsnittlig drektighetslengde (dager)

Antall dager i forskjell

NRF

281

0

Aberdeen Angus

279

-2

Hereford

282

+1

Simmental

286

+5

Charolais

286

+5

Limousin

290

+9

Vi kan snu utviklinga for kalvane våre

Vi går nå inn i høgsesong for ­kalvingar. Det er ingen land som har så god oversikt over dødfødslar, tidlege kalvedød, sjukdom og utrangeringsårsak på kalv som vi har i Kukontrollen. Det er ingen unnskyldning og ikkje ta tak. I haust kan vi snu utviklinga for ­kalvane våre med betre opp­fylging rundt kalving, tildeling av råmjølk, god mjølkefôring og god oppstalling. Lykke til!

Etter kalving skal du

  • la kalven få råmjølk så raskt som muleg

  • sørge for at råmjølka er spenevarm

  • la kalven drikke det han vil

  • tørke kalven eller la mor slikke

  • spraye navlestreng

  • sondefôre om kalven ikkje vil drikke

  • ikkje stole på amming aleine