Helse
Frå dyrlegens kvardag

Mjølkefeber

Eg jobbar i eit område med mykje haustkalving, og ein sjukdom som dukkar opp i samband med kalving er mjølkefeber. Dette er ein dødeleg sjukdom viss den ikkje vert behandla, og den kjem av at nivået av kalsium i blodet vert for lågt.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Ein morgon vart eg tilkalla til ei ku som hadde kalva kvelden før, og no var ho blitt sløv og greidde ikkje reisa seg opp på beina. Desse utkallingane vert alltid prioritert, for det er stort sannsyn for mjølkefeber, og di før me kjem i gang med kalsium­behandling, di betre er prognosen.

God respons

Når eg kom fram, såg eg at kua var medteken, ho var kald å ta på, ­pulsen var svak og ho låg i brystleie med hovudet vendt bakover langs sida. Eg starta straks med å gi ho kalsium intravenøst i halsen. Under behandlinga kom det både urin og avføring, me merka at ho starta å rapa opp gass frå vomma, ho fekk eit meir vakent blikk og ho starta med skjelvingar i kroppen for å auka kroppstemperaturen. Dette er gode teikn som tyder på at kua responderer på behandlinga. Me lot ho liggja ei lita stund medan me tok føre oss andre oppgåver i fjøsen, og når me var ferdige, jaga me kua lett opp på beina att. Viss me ikkje hadde fått kua på beina att, burde me snutt ho slik at ho ikkje ligg for lenge på same side.

Etterbehandling

Eg la att to tuber med kalsiumpasta som bonden skulle gi om lag to og tolv timar etter behandlinga eg hadde gitt for å føre­byggja tilbakefall. Eg anbefalte han også å ikkje mjølka meir mjølk enn han trengde til kalven dei neste dagane fordi det går mykje kalsium frå blodet over i mjølka, og det er ei stor omstilling for kroppen å mobilisera nok kalsium til det som går over i mjølka.

Det er hovudsakleg kyr som får tredje kalven og oppover som er mest utsett for mjølkefeber, men også yngre dyr kan få sjukdommen. Mjølkefeber kjem av at kalsiumnivået i blodet vert for lågt og dette gjer sitt til at kua mister matlysta, vert sløv, ustø og kan bli liggjande utan moglegheit til å reisa seg. Utan behandling er dette ein dødeleg sjukdom.

Eldre kyr meir utsett

Dette var ei ku som kalva for 5. gong, og vaksne kyr har lettare for å få mjølkefeber enn yngre. Dei som kalvar for 3. gong og opp­over har lettare for å få sjukdommen fordi dei er ferdig med ­veksten, og kalsium er hardare butte i skjelettet i høve til dyr som er i vekst.

dersom ein har mykje mjølkefeber i besetningen sin, bør ein sjå på fôringa i tida rundt kalving

Tiltak viss mykje mjølkefeber

Dersom ein har mykje mjølkefeber i besetningen sin, bør ein sjå på fôringa i tida rundt kalving, gjerne i samråd med dyrlege eller fôringsrådgivar. Det kan vera lurt å ta jordprøvar for å sjå om jorda er sur og eventuelt kalka opp ved behov. Ved låg pH i jorda, har plantene lettare for å ta opp kalium. Kalium konkurrerer ut ­opptaket av kalsium i kroppen og følgjeleg vert kyrne meir utsett for mjølkefeber. Det er også råd å setja inn «strakstiltak» med ­mellom anna å gi kalsiumpasta til risikokyr, gi spesialkraftfôr tilpassa sinku, eller fôra med seint slege gras der det ikkje har vore nytta husdyrgjødsel (husdyrgjødsel inneheld mykje kalium). For fleire ­fôringstips sjå Buskap nummer 7, 2019 i papirformat eller på nett på buskap.no (søk på «Smart fôring kan førebyggja mjølkefeber»).